Gå til innhold
Arkivverket

Britha Gundersdotter Wiigh, fødd Herdla/Manger 1764 - lagnaden hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Jørgen Larsson (Winjum), døypt i Hafslo (Luster) 19.3.1761, gifte seg i Bergen 19.11.1786 med ei Bertha Gundersdotter, fødd kring 1761/1762. Ho døydde i Bergen og vart gravlagd der 4.4.1801, etterlatande to søner, Hans Henrik og Gjert Christian. Problemet mitt er å identifisera denne Bertha (eller Britha) Gundersdotter!

 

Ei Britha Gundersdotter Wiig vart døypt i Herdla/Manger 28.2.1764 (https://familysearch...M9.2.1/STGF-H1T), foreldre: Gunder Olson og Anna Olsdotter (http://www.arkivverk...ny&idx_side=-40).

 

Eg finn ho ikkje vigd i Manger 1775-1800 og heller ikkje i FT for Manger 1801.

 

Kan dette vera "vår" Bertha/Britha? Kanskje nokon med lokal kunnskap i Herdla/Manger kan bidra med hjelp?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den 7.7.1805 blir en Brithe Gundersdotter Wiig viet med Johannes Christensen Wiig:

 

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Manger, Ministerialbok nr. A 2 (1792-1815), Ekteviede 1805, side 169.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11606&idx_id=11606&uid=ny&idx_side=-176

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514640321.jpg

 

Brite Gundersdatter Wiig dør 69 år gammel den 22.2.1833 og begraves den 28.2.1833, #9:

 

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Manger, Ministerialbok nr. A 4 (1824-1838), Døde og begravede 1833, side 276.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11606&idx_id=11606&uid=ny&idx_side=-275

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514650072.jpg

 

 

Kanskje det er henne vi finner med feil alder som tjenestepike på garden Rougn i 1801:

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f18011261&gardpostnr=89&personpostnr=2454&merk=2454#ovre

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Øystein for interessant innlegg.

 

Etter dette ser det ut til at me ogso kan eliminera denne Britha som kona til Jørgen Larsson i Bergen.

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Giftet Jørgen Larsen seg på nytt i Nykirken i 1802 med Ingeborg Nilsdatter?

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=16226&merk=16226#ovre

Datteren Birte Marie døpt i DK i 1803:

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=12&filnamn=dp12011668&gardpostnr=31447&personpostnr=92586&merk=92586#ovre

 

Død i 1809: http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=24&filnamn=bedo1668&gardpostnr=61995&merk=61995#ovre

 

Ingeborg Giertine, 1807

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=13&filnamn=dp12011668&gardpostnr=32231&personpostnr=94933&merk=94933#ovre

 

Død 1809: http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=25&filnamn=bedo1668&gardpostnr=62074&merk=62074#ovre

 

Ingeborg Giertine, 1810:

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=16&filnamn=dp12011668&gardpostnr=35310&personpostnr=104140&merk=104140#ovre

 

Rulf Jørgen, 1813

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=18&filnamn=dp12011668&gardpostnr=35735&personpostnr=105406&merk=105406#ovre

 

Jørgen Larsen med familie i 1815, her bare sønnen Rolf Jørgen nevnt av barna:

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=31&filnamn=berg1815&gardpostnr=6914&merk=6914#ovre.

 

Men dette gir jo ikke svar på opphavet til Jørgen Larsens kone Berthe. Er det fra Manger du har gårdsnavnet Wiigh?

 

Av forlovererklæring framgår det ikke, så vidt jeg kan se, noe gårdsnavn på det kommende brudeparet. Kan forloverne ha militær tilknytning siden Jørgen var tambur?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Siw og Grethe for fleire nye interessante innlegg!

 

Eg har studert skiftet etter ungkar Gunder Eide, men utan å finna noki tilknytting til "vår" Bertha Gundersdotter. Eg finn heller ikkje noko i trulovingserklæringi som kan bringa oss nærare ei løysing når det gjeld opphavet hennar. Nei, lettvint skal det ikkje vera...

 

Kanskje noko vil dukka opp i Ørskog på Sunnmøre?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Siw for nytt innlegg!

 

Det som eg har skrive i det andre innlegget, er at Bertha vart gravlagd 4.4.1801 og let etter seg dei to sønene. Det vil seia at eg ikkje veit om fleire born etter ho enn dei to sønene, men noko skifte har eg ikkje funne...

 

Men eg vil freista eit spørsmål til Arkivforum om dette; kanskje finst det eit skifte som kan hjelpa oss?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kanskje noko vil dukka opp i Ørskog på Sunnmøre?

 

Er det denne jenta du sikter til? Døpt i mai 1762?

 

Møre og Romsdal fylke, Ørskog, Ministerialbok nr. 522A02 (1743-1773), Kronologisk liste 1762, side 1010-1011.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15984&idx_id=15984&uid=ny&idx_side=-226

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070831610701.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan dette skiftet, nr. 55, nederst her, tolkes som Gunder Eydes datter? Det er i siste halvdel av 1801, ser at Lars nevner dette skiftet (med dato) i emnet som omhandler Ingeborg Nilsdatter:

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Skifteprotokoll C 7a , 1796-1826, oppb: Statsarkivet i Bergen.

 

Merknader: Register på Statsarkivet i Bergens lesesal.

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.n...read/24007/109/

 

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...81111680109.jpg

 

- Nei, dette kan nok _ikkje_ tolkast som "Gunder Eydes datter". Det er skifte etter ein Gunder Eyde, ja - mest sannsynleg den ugifte skipsbyggjarmeisteren 'Gunner Eide' som vert gravlagd frå KK i Bergen den 02. november 1802, 27,5 år gammal. I tillegg til ei søster som arvar 'broderlod' og broder Ludolph Eyde, så arvar søsterdtr. 'Bertha Sophie Eyde' (30 aar) og brorsonen Tønnes Thøll(e)fsen, (17 aar) kvar sine partar i buet etter Gunder Eyde.

 

http://digitalarkive...merk=58941#ovre

 

For det første så er "vår" Berthe/ Bertha/ Britha mest truleg død _før_ denne Gunder, og då vil ho uansett ikkje vera nemnt som arving i skiftet etter han. Men då ville sønene hennar vera nemnde (dei hadde i så fall teke hennar arv) - og som vi ser - dét er dei ikkje.

 

For det andre så har denne Bertha ikkje patronymikonet Gunder/ Gunnar. Derimot har ho mellomnamnet Sophie, noko som òg indikerar at dette er ei heilt anna dame.

 

For det tredje så er alderen hennar - tretti år - ramlande feil. All oppgjeven informasjon ved dødsfallet til den 'rette' Bertha tyder på at ho vart kring førti år gammal, og ti år (30 versus 40 år) er altfor stor aldersskilnad.

-----------------------------------

 

Det kan sjølvsagt likevel tenkjast at Berthe/ Britha var dotter av ein Gunnar Eide. I så fall har vi matrosen 'Gunder Ejde' som vi finn i oversynet over matroser i Bergen:

 

http://digitalarkive...2&merk=762#ovre

 

Men, så er det dét då, at denne Gunnar'n forsvinn ut av soga ein gong _etter_ året 1783 då han fór til Middelhavet, påmønstra som tømmermann. Han var fødd i Korskirkens sogn i Bergen i året 1762, og er nok difor heilt uaktuell som Bertha sin far; men han kan sjølvsagt vera ein nokolunde jamngammal bror/ halvbror. - Eg trur difor at vi diverre ikkje kjem noko vidare med akkurat denne karen.

 

Mvh., Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe, Siw og Terje for nye spennande innlegg.

 

I mellomtidi er det kome svar på temaet om Bertha Gundersdotter frå Ørskog, og dette svaret tykkjer eg ser lovande ut... Me ser ikkje noko til søsken som fadrar, noko som òg kan tyda på at ho har vore ei "einsam ulvinne" i Bergen... Og no konstateter eg at heller ikkje Statsarkivet i Bergen kan finna noko skifte etter Bertha, so då...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bare en liten kuriositet. Her er Jørgen i panteregisteret. Så på en telling at de bodde i 11.rode gård nr.52, Langerækken 3 etter overgang rode/gatenavn.

 

Selger han huset i 1802?

 

Kildeinformasjon: Protokollnummer: A.d.A.2, Sted: Bergen by, Oppbevaringssted: SAB

Merknader: 7.-12. rode

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70704640210.jpg

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...ny&idx_side=-86

 

Ja, grunnen/ eigedommen i 11. Rode er registrert/ tinglyst som overdregen (salg - frivilleg salg eller evt. tvangssalg) frå ein Jørgen Larsen til Swend Thingberg den 10.de Junii 1802. I samband med dette vert 1. Prioritets obligasjon (lån) teken opp 11.te Juni hos 'Commerce Raad Jens Brage', og denne obligasjonen vert tinglyst hos byskrivaren i Bergen den 15.de juni samme året.

 

Og denne Jørgen Larsen er vel då identisk med tamburen Jørgen Larsen (Winjum), ettersom adressa er den samme som er oppgjeven for hans vedkomande ved folketeljinga i 1801.Og den nye adreassa hans, i Rode 10- 96, er på Nøstet (Nøstetorvet) i Bergen.

Endret av Terje Hatvik - Os i Hordaland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er skiftet i buet etter tamburen Jørgen Larsen:

- Det vart halde den 24.de Marti 1827 i Bergen by, og er oppgjort av herrane Olsen, Ejlertsen og Thrap. Skiftet syner tydeleg at både enkja Ingeborg Nielsdtr. og borna deira, Ingeborg Giertine og Rolf Jørgen levde då mannen/ faren døydde, og at dei alle tre var arvingane hans:

 

http://arkivverket.n...ize=full&mode=0

 

Nr. 16 - Slutning i skiftet etter Tambour Jørgen Larsen den 24.de Marti 1827. (Folio 12 i Skifteprotokoll C 8a, 1826 - 1845; Bergen by, Bergen fylke).

 

Skiftet syner at summen av utgiftene nesten oversteig summen av midler/ eigendelar i buet:

 

"Summa Boets Udgift - 179 Spd (Spesiedaler). 18 Sk (skilling).

 

Summa fradragis Boets Formue - 206 Spd. 35 Sk.

 

Boets beholdning er: - 27 Spd. 17 Sk., hvoraf først udlægges til

Enken Ingeborg Nielsdtr. for Begravelsens Vederlag - 20 Spd.

 

Igien til fordeling 7 Spd 17 Sk., hvoraf tilfaldes Enken sin halvdeel, 3 Spd. 68 ½ Sk.

 

Den anden halvdeel tilfalder Børnene, saaledes:

 

Sønnen Rolf Jørgen Larsen, 13 Aar, 2 Spd. 45 ⅔ Sk .

 

Dtr. Ingeborg Giertine Larsen, 14 Aar, 1 Spd. 22 ⅚ Sk."

 

I tillegg kjem då ei rekkje kreditorar av ymse slag som skulle ha - og også fekk - sitt. Vi ser her at alderen på dottera Ingeborg Giertine ikkje er heilt rett, ho var vel helst to år eldre då faren døydde. Men mor deira, Ingeborg Nielsdtr.; lever og begge borna bur hjå henne.

 

Ingeborg Giertine (og kanskje også broren Rolf Jørgen?) vart - som vi veit - konfirmert i Fusa, der ho vaks opp hos mora si søster og hennar mann, eit bornlaust par i følgje Fusasoga. Og kanskje er det slik at Ingeborg Nielsdtr. døyr ikkje så lenge etter mannen sin, eller at ho er så fattig at ho sender borna frå seg til oppfostring hjå andre allereie same året?

 

Det var i alle høve ikkje store arven borna fekk etter sin tamburspelande far, Jørgen frå Winjum. Merk elles at i skiftet etter Jørgen Larsen så har borna fått slektsnamnet 'Larsen', dei vert ikkje kalla Jørgensen/ Jørgensdtr., slik ein kanskje kunne venta.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Siw og Terje for nye spennande innlegg! Særleg var det interessant å sjå skiftet etter Jørgen og at Ingeborg Nilsdotter då framleis levde. Eg mistenker Ingeborg for å vera flytt attende til Fusa og at ho døydde der, men det er vel ikkje noki lett oppgåve å finna dette dødsfallet utan å bla igjennom kyrkjebøkene...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.