Gå til innhold
Arkivverket

Hans Bremer Sjurson, fødd Hafslo 1818 - kvar vart det av han?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hans Bremer Sjurson vart døypt i Hafslo 6.12.1818 som "uekte" son av Sjur Christenson Quam (Sogndal) og Anna Johannesdotter (Buskaker, Hafslo?) (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1993&idx_id=1993&uid=ny&idx_side=-81).

 

Denne Hans kan, so vidt eg kan sjå, korkje konfirmert, vigd eller gravlagd i Hafslo. Kvar kan det ha vorte av han?

 

Faren vart sidan gift to gonger og vart buande i Sogndal. Mori forsvinn...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hans og Magnhild ser då ut til å ha busatt seg på Gurvin i Sogndal.

 

Hans Sjursen Gurvin døyr 6. nov. 1878 (spedalsk) (nr. 29)

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Stedje i Sogndal, Ministerialbok nr. B 1 (1878-1899), Døde og begravede 1879, side 141.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6926&idx_id=6926&uid=ny&idx_side=-130

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070116310114.jpg

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Siw og Egil for nyttige og spennande opplysningar om Hans Bremer Sjurson! Fleire detaljar går fram av bygdeboki for Sogndal, so denne delen av problemet er løyst!

 

No er det om å gjera å identifisera mori, Anna Johannesdotter, og det ser ikkje ut til å vera noki enkel oppgåve... Ho er ikkje ein gong namngjevi ved konfirmasjonen hans Hans Bremer i Sogndal! Og me har fleire alternativ for kven som kan ha vore mori...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ved dåpen til Hans Bremer er det nevnt noen fadre som kanskje kan gi hint:

Johannes Fieren og Giørond Johannesdtr. Jeg finner en Giørond Johannesdtr. døpt i Hafslo i 1788 og en Anna Johannesdtr. døpt i 1795 av foreldre med samme navn, Johannes Arnesen og Synnøve

 

Annas dåp Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Hafslo, Ministerialbok nr. A 2 (1755-1806), Kronologisk liste 1795, side 220-221.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1992&idx_id=1992&uid=ny&idx_side=-137

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050818010610.jpg

 

Giøronds dåp Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Hafslo, Ministerialbok nr. A 2 (1755-1806), Kronologisk liste 1788, side 185-186.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1992&idx_id=1992&uid=ny&idx_side=-111

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050818010584.jpg

(nederst til høyre)

 

Familien i 1801 (uten Giørond) http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=39&filnamn=f18011425&gardpostnr=57&personpostnr=1481&merk=1481#ovre

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Siw og Lars J. for nye spennande innlegg!

 

Den Anna som du, Lars, nemner, er svært fristande, MEN problemet er det, at den Anna som hadde Gjørond til søster og Johannes Arneson til far, fekk ei dotter Metta med Peder Sjurson berre tre veker etter Hans Bremer Sjurson vart døypt, nemlig 26.12.1818 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1993&idx_id=1993&uid=ny&idx_side=-83). Her har Anna gardsnamnet Sjøtun og fadrar er mellom anna Gunnhild Johannesdotter og Ole Johannesson, to andre søsken av Gjørond! Og denne Anna gifte seg året etter med barnefaren Peder Sjurson.

 

Gjørond Johannesdotter var truleg alt i 1818 flytt til Joranger sokn der ho sidan vart gift og busett (gift med enkjemannen Iver Erikson Sviggum), og det var nok òg den Anna Johannesdotter som var mor til Hans Bremer Sjurson!

 

Den Anna som eg ser som mest sannsynleg mor til Hans Bremer Sjurson, er Anna Johannesdotter frå Solvi (1782-1850) som i 1801 budde hjå lensmann Christen Bremer på Joranger i Hafslo (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=9&filnamn=f18011425&gardpostnr=38&personpostnr=1026&merk=1026#ovre). Ho er titulert "husbondens søster", men denne skyldskapen står det ikkje noko om i kyrkjebøkene. Denne Anna fekk i 1816 ein "uekte" son Johannes Nilsson, so gifte ho seg i 1843 med enkjemannen John Knutson på Grindhaug under Marheim i Joranger sokn. Johannes fekk ta over plassen etter John og Anna. Denne same Anna KAN ha hatt ein son til, Hans Bremer Sjurson, i 1818; Bremer-namnet KAN tyda på det, men provet manglar...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.