Gå til innhold
Arkivverket

Johannes og Anniken på Vandenes i Sogndal 1730-talet - kvar vart det av denne huslyden?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Johannes Ingebrigtson "Næs" og Annike Sjursdotter Quam gifte seg i Sogndal 13.3.1735 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11652&idx_id=11652&uid=ny&idx_side=-73).

 

Opphavet til Johannes er uklårt, men Annike Sjursdotter vart døypt i Sogndal 13.3.1697 som dotter av Sjur Ingebrigtson og Ingeborg Olsdotter på Kvam i Sogndal.

 

Johannes og Annike busette seg som husmannsfolk på plassen Vandenes under Barsnes i Sogndal der tre born er fødde:

 

* Ingebrigt Johannesson, døypt i Sogndal 6.10.1735.

 

* Ingeborg Johannesdotter, tvilling, døypt i Hafslo 6.6.1738.

 

* Anna Johannesdotter, tvilling, døypt i Hafslo 6.6.1738.

 

Fleire born fekk dei truleg ikkje, når me ser på alderen til mori. Og so er det eit problem at huslyden forsvinn! Ein Johannes Ingebrigtson vart gravlagd i Stedje sokn i Sogndal 24.10.1773, 74 år gamal, KAN vera mannen, men eg er langt frå sikker...

 

Då er det kanskje meir truleg at Johannes var fødd som tvilling på Kalvskinn i Sogndal og vart døypt der 6.5.1708. Foreldri var Ingebrigt Erikson og Anna Ellingsdotter...

 

Eg har søkt sjelemanntalet frå Sogndal frå 1760, men finn ikkje huslyden der.

 

Eg står med andre ord ganske so "fast" når det gjeld lagnaden deira, so no vonar eg at einkvan med lokal ekspertise kan hjelpa meg vidare?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er ein annan huslyd frå Sogndal som tydeleg er vanskeleg å følgja. Eg har no søkt gjennom konfirmantlistene for Sogndal for 1752-1759, men eg kan ikkje sjå at nokon av dei tre bornio vart konfirmerte der i bygdi. Eg finn dei heller ikkje avlidne, so dei må vera farne frå Sogndal. So er spørsmålet kvar dei kan ha gjort av seg? Annike var eit svært uvanleg namn...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Siw for fleire nye innlegg.

 

Eg har studert dei nye opplysningane som du har funne, men eg har diverre vore gjennom det meste av dette før.

 

Om liknande namn dukker opp på garden Nes i Sogndal 100 år seinare, so er det heilt tilfeldig, og slikt kan ein ikkje byggja på i ættesogearbeid...

 

Ingebrigt Johannesson Fretland som døydde i 1775, var fødd i 1688, og sjølv om fleire av namni kjem att, er dette ei heilt anna ætt.

 

Og Johannes Ingebrigtson Nornes som gifte seg i 1739, var ungkar. Han vart døypt på garden Nornes i Sogndal 28.5.1708 og gifte seg med ei enkje på garden Åberge der han døydde i 1755. Skiftet hans ligg føre, og sjølv om nokre av borni har liknande namn, so er det ei heilt anna ætt!

 

Nei, eg trur me lyt søka lagnaden til denne huslyden UTANFOR Sogndal, men me har enno ikkje funne rette staden å leita...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Siw for nye iherdige freistnader på å lokalisera lagnaden til denne huslyden frå Vandenes. Nei, lett skal det neiggu ikkje vera!

 

For det første, so har eg liti tru på at folk flytte "fram og attende" mellom Nord-Trøndelag og indre Sogn tidleg på 1700-talet, og for det andre vert denne Anniken Sjursdotter der oppe noko i eldste laget for å få born i 1744. Ho var fødd i 1697, so truleg har ho ikkje fått fleire born enn dei tre me har funne...

 

Den Johannes Wandenes som du fann skifte etter, er vel den huslyden som tok over som plassfolk på Vandenes etter "våre" folk. Mannen heitte Johannes Olson Wandenes og er altso heller ikkje den me leiter etter...

 

Og Ingebrigt Johannesson Mørkrid i Luster (1730-1810) høyrer til ei stor ætt i Luster omskrivi i bygdebokserien band I frå 1984 og har ikkje noko med Sogndal å gjera...

 

Hadde me berre funne spor etter dei tre søskeni og/eller foreldri deira i sjelemanntalet frå Sogndal frå 1760...!?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette problemet.

 

Eg har diverre ikkje noko nytt å by på for å kunna løysa spørsmåli kring lagnadene til Johannes, Annike og dei tre borni deira, anna enn at eg mistenker dei for å kunne vera flytte til BERGEN?

 

Denne delen av manuskriptet skal snart til prenting, og det hadde vore so kjekt å fått med noko meir om dei...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i føremiddag studert denne huslyden nærare og er komen til ymse konklusjonar:

 

Den Johannes Ingebrigtson som vart døypt frå Kalvskinn 6.5.1708, er ganske sikkert mannen me leiter etter. Mori Anna Ellingsdotter døydde på Vandenes i 1747, og broren Elling Ingebrigtson budde på Vandenes då han gifte seg først på 1730-talet!

 

Samstundes syner kommunikantprotokollen for Stedje sokn i Sogndal for 1747 og 1748 at Johannes og Annike då IKKJE budde i Sogndal. To andre huslydar budde på Vandenes, ein Guttorm Olson med kone og ein Arne Colbeinson med kone. Den eine var på den delen av Vandenes som høyrer under Loftesnes, medan hin var under Barsnes.

 

SO, anten var både Johannes og Annike avlidne før 1747, eller dei var farne frå Sogndal! Eg har mest tru på det siste, for dei tre borni forsvinn jo òg frå bygdi!

 

Eg ser framleis Bergen som ein god "kandidat" for flyttestad, men dei kan like gjerne vera farne til ei av nabobygdene i Sogn, kanskje Årdal eller Lærdal?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.