Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ole Ingebrigtson (1736) og Agatha Johannesdotter på Kvam i Sogndal - kvar vart det av dei?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Den nye ætteboki for Sogndal, band I, side 277, fortel om denne huslyden:

 

Ole Ingebrigtson, f. 1736 i Kvam (døypt 1.4.1736 - son av Ingebrigt Sjurson og Martha Christiansdotter), gift 1760 (10.11.1760) med Agatha Johannesdotter Resaland (fødd kring 1732? - dotter av Johannes Baardson og Synneva Hermundsdotter). Dei var gardbrukarar på Kvam frå 1761 til 1785 då sonen Ingebrigt tok over. Fem born er nemnde:

 

a. Synneva Olsdotter, fødd 1761

 

b. Ingebrigt Olson, fødd 1763 - neste bruker, d. 1834

 

c. Johannes Olson, fødd 1766

 

d. Sjur Olson, fødd 1769, d. 1771

 

e. Sjur Olson, fødd 1773

 

Problemet her er følgjande: Ole og Agatha må vera flytte frå Sogndal etter at eldste sonen i 1785 hadde teke over garden, men kvar i all verdi kan dei ha vortne av? Flytte dei med eitt av dei andre borni til ei anna bygd? Eg har vore i kontakt med bygdebokskrivaren i Sogndal, som heller ikkje kan svara på dette.

 

So, no vonar eg at kanskje ein eller annan der ute er i stand til å fortelja meg, kvar det vart av Ole og Agatha? Eg har heller ingen sikre opplysningar om kvar det vart av dei tre borni, Synneva (1761), Johannes (1766) eller Sjur (1773)... Finn me dei, finn me kanskje òg foreldri??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg tillet meg å henta fram att dette problemet i "kø'en". Eg har søkt kring i nabobygdene for Sogndal og trudde eg hadde funne dotteri Synneva i Årdal, men ho synte seg vera eit blindskot. Ingen Sjur Olson i heile fylket i 1801 høver på alderen til "vår" Sjur! Merkeleg dette...

 

Nokre få huslyder flytte frå indre Sogn til Romsdalen alt på 1780-talet og 1790-talet. Kanskje fór dei dit? Eller flytte dei til Bergens-kanten? Eller til Ryfylke?

 

Heilt sporlaust borte kan dei då ikkje vera...?

 

Eg takkar igjen for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Øystein Ask

Det finnes et skifte etter en Ole Ingebriktsen Qvam dater juni 1791. Dette skiftet er uleslig for meg, men jeg mener det er nevt en sønn som heter Ingebrikt Olsen.Det er en feil i indexen for skifter i Indre Sogn for denne Ole Ingebriktsen Qvam som sier protokoll 179 side 185. Du har har kanskje vurdert dette skiftet fra før, men jeg legger inn en lenke for sikkerhets skyld, folio 185,186:

 

 

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Indre Sogn sorenskriveri, Skifteprotokoll A 11a , 1795-1800, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Fol. 1-306.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24144/98/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081121630391.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

Øystein !

 

Dette er eit skifte datert 2.2,1797 iflg Fylkesarkivet i SF.

Og i skifte står det:

Namn arvtakar: Ole, Ingebrigtsen

 

Gard: Qvam, nr.:3

 

Husmannsplass:

 

Yrke: Dannemand

 

Skipreide: Sogndal

 

Protokoll/side: 11a-185

 

Datering: 1795-1800

 

Dato: 2.2.1797

 

Eiga: 908 Dalar, 3 ort, 8 skilling

Gjeld: 169 Dalar, 2 ort, 4 skilling

Netto: 739 Dalar, 1 ort, 4 skilling

Merknad:

 

 

Personar i skiftet :

(1) Synneve Jensdatter Enken

(2) Ingebrigt Olssen Far

(3) Kreditor

(4)

(5) Lars Jacobsen Reseland Kreditor

(6) Jens Johannessen Scharsbøe Laugverge for Enkne

(7) Lars Lensmand I: Westrem Kreditor

(8) Synneve enken Jensdatter Kreditor

(9) Ingebrigt Ingebrigtsen Reseland Kreditor

 

Skifte Indre Sogn 1600 - 1850.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Øystein Ask

Takk for den opplysningen!

Da er vel denne Ole Ingebriktsen Kvam han som blir gravlagt 36 år gammel den 20.januar 1797 og hans skjebner er nok godt kjent fra før.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe, Øystein og Jon for interessante innlegg om denne huslyden. Eg ser ikkje bort ifrå at Ole og Agatha kan vera flytte til Bergen, men det er ikkje so lett å prova dette...

 

Eg ser ein mogeleg Ole Ingebrigtsen som vart gravlagd i Bergen 25.1.1798, 60 år gamal, arbeidar, busett i Hielmands smug (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=12&filnamn=bedo1668&gardpostnr=18850&merk=18850#ovre). Men om dette er "vår" mann, det veit eg ikkje...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att ogso dette emnet som har lege so lenge "i dvale".

 

Diverre har eg ikkje nye element å komma med, anna enn at kanskje nokon av denne huslyden kan vera flytte til BERGEN?

 

Det hadde vore so kjekt å finna ut av lagnadane til Ole og Agatha. Finst dei ein sjanse?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×