Gå til innhold
Arkivverket

Lars Pederson Walter, fødd Hafslo 1834, budde i Sogndal, men forsvinn kring 1789 - alle borni vert òg borte - lagnad?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette tema var oppe til drøfting i Brukarforum for fem-seks år sidan (http://forum.arkivverket.no/index.php?/topic/121605-36087-lars-pederson-walter-foedd-hafslo-1734-busett-oelnes-i-sogndal-huslyden-hans/page__p__992818__hl__%2Bwalter+%2B%F8yane__fromsearch__1#entry992818), men utan noko resultat. No gjer eg ein ny freistnad:

 

Lars Pederson Walter (stundom òg skrive Valter), vart døypt i Hafslo 9.3.1734, ein son av klokkar Peder Sørenson Grinde (1675-1749). Lars flytte til Sogndal der han 25.6.1767 gifte seg med Britha Larsdotter Hilleren, døypt i Hafslo 13.9.1739. Lars og Britha slo seg ned som plassfolk i Øyabrekka under Ølnes, og derifrå vart Britha gravlagd 9.11.1788. Lars ser ut til å forsvinna kort tid etter, og den seinare lagnaden hans er ukjend. Dei fekk seks born i lag:

 

a. Kirsti Larsdotter Walter, døypt i Sogndal 9.11.1766, døydde truleg før 1789 (ikkje nemnd i skiftet etter mori)

 

b. Peder Larsson Walter, døypt i Sogndal 10.11.1768, levde i 1789, lagnad ukjend.

 

c. Lars Larsson Walter, døypt i Sogndal 3.11.1770, budde i 1801 som dreng på garden Soppland i Årdal sokn i Hjelmeland!

 

d. Hans Larsson Walter, døypt i Sogndal 3.10.1773, levde i 1789, lagnad ukjend.

 

e. Jens Larsson Walter, døypt i Sogndal 29.1.1777, levde i 1789, lagnad ukjend.

 

f. Margretha Larsdotter Walter, døypt i Sogndal 9.12.1780, levde i 1789, lagnad ukjend.

 

Eg veit ikkje om det er mogeleg å finna att denne huslyden frå Sogndal. Eg har søkt etter Lars Larsson Walter i Hjelmeland, men so langt utan resultat. Kanskje har dei "droppa" ættenamnet og nytta berre Larsson/Larsdotter? Og då vert det vel ikkje so lett å finna dei att...?

 

Men, eg har ingen ønskjer om å gje opp, so eg vonar at kanskje denne gongen lukkast me i å finna ut kvar denne søskenflokken gjorde av seg?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Siw for nye innlegg!

 

Jens Lasseson som døydde i 1821, døydde på Hafslo 5.3.1821, men hadde butt i fleire år hjå ei søster på Ølnes i Sogndal. Han var fødd på Hafslo og døypt der 21.1.1761, so dette er nok ikkje rett person...

 

Elles er det svært sjeldent at namni Lars og Lasse vert blanda so seint som dette er...

 

Men ein eller annan stad må jo Jens Walter ha gjort av seg...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Oyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet som har lege "i dvale" sidan påsken for tre år sidan.  Det er framleis eit stort "mysterium" kvar denne barneflokken frå Sogndal kan ha gjort av seg.  Den eine sonen meiner eg å ha finne att i Årdal i Hjelmeland, men dei andre er "borte vekk", og han som var i Hjelmeland, ser me heller ikkje noko meir til etter 1801!

 

Det hadde vore kjempeflott om nokon greidde å finna ei løysing på dette problemet...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det dør et almisselem Lars Walter i Nykirken i Bergen i 1839, 70 år gammel. Men ifølge klokkerboka ser det ut som denne Lars er født i Finnås!

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000794084

 

Bergen fylke, Nykirken, Klokkerbok nr. A 5II (1821-1843), Døde og begravede menn 1839, side 625. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8729&idx_id=8729&idx_listetype=bg&idx_kjonn=m&uid=ny&idx_side=-77
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070416650320.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er vel skiftet etter Britha med navnene på formynderne:

 

Namn arvtakar: Brithe, Larsdtr 

Gard: Ølness, nr.:5

Husmannsplass: Hoppen

Yrke: Huusmandskone

Skipreide: Sogndal

Protokoll/side: 10-142b

Datering: 1786-1794

Dato: 31.10.1789

Eiga: 43 Dalar, 5 ort, 14 skilling

Gjeld: 48 Dalar, 0 ort, 6 skilling

Netto: 0 Dalar, 0 ort, 0 skilling

Merknad: Falitt

 

Personar i skiftet :
(1) Lars Larssen 18 Aar Søn
(2) Hans Larssen 15 Aar Søn
(3) Jens Larssen 10 Aar Søn
(4) Margrethe Larsdatter 8 Aar Datter
(5) Boets gjeld Kreditor
(6) Knudt Larsen Lomem Formynder for Margre
(7) Lars Pedersen Weieter Enkemand
(8) Peder Larsen 20 Aar Søn
(9) Joen Trondsen Ølness Formynder for Jens
(10) Peder Sieldestad Formynder for Lars
(11) Johannes Knudsen Thorstad Formynder for Peder
(12) Petter Johannesen Aaberge Formynder for Hans

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande innlegg!

 

Denne Lars Walter som døyr som almisselem i Bergen i 1839, har akkurat rett alder, men som du seier, han skulle vera frå FINNÅS.

 

Kan det tenkjast at faren, Lars Pederson (Walter), flytte til Finnås frå Sogndal kort etter at kona døydde, og at Finnås soleis er vorte "heimen" deira?  Det er jo heller ikkje so langt frå Finnås til Hjelmeland, der Lars Larsson visstnok budde i 1801!

 

Men eg kan ikkje sjå at nokon av denne huslyden budde i Finnås i 1801!

 

Men sporet ditt, Grethe, er absolutt "heitt"!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg ser at det ble holdt skifte etter formynderen til Hans, Petter Johannesen Aaberge, i 1792:

 

Namn arvtakar: Petter, Johannesen  Gard: Aaberge, nr.:4 Husmannsplass:   Yrke: Dannemand Skipreide: Sogndal Protokoll/side: 10-192 Datering: 1786-1794 Dato: 6.3.1792

 

Jeg ser også at boet etter Brita i 1789 var fallitt, så kanskje barna er blitt spredd/satt bort? Bare en løs tanke. Jeg har forsøkt å se om de yngste kan dukke opp i konfirmasjonslistene i Sogndal etter 1789, men uten hell. 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegg.

 

Eg meiner eg tidlegare òg har søkt gjennom konfirmasjonslistene i Sogndal, likeins utan hell.  Eg trur at heile huslyden har forlete Sogndal samla, men det er forunderleg at ein heil huslyd kan "forsvinna" so totalt!

 

Eg takkar igjen for alle freistnader på å løysa denne "floken"!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.