Jump to content
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

Gjøde Lassedtr Hyenes = Gjøde Lassedtr Vindspoll?

Recommended Posts

Aase R Sæther - Gloppen

Ei av dei som forsvinn frå Gloppen for meg er Gjøde Lassedtr Hyenes, f.1733 i Gloppen, konfirmert 1751 i Gloppen, nemnd i skifte etter mora Anne Jakobsdtr i 1753, 20 år gammal, og gift 1755 med "Ole Hestenes".Det er det siste eg har funne om Gjøde. Det må nemnast at mora skifter i levande live, og ikkje er funnen gravlagd i Gloppen.

 

No er eg gjort merksam på denne kvinna, Jøe Lassedtr Vindspoll i 1801 (gardsnamnet er feilskrive), og tykkjer dette er ein svært god kandidat til "mi" Gjøde. Eg tek gjerne imot innspel på dette! (Det var mange frå gardane vest i Gloppen som flytta ut til havet).

 

Sidan Gjøde i 1801 er "mandens moder" og han heiter Ole Olsson veit vi at også denne Gjøde, som mi, har vore gift med ein Ola. Han er nok då identisk med denne, Ole Olsson, som døyr i 1791, angiveleg fødd 1726; går vi til originalen ser vi at det byggjer på alder ved død, om er oppgjeven til 65 år.

 

Konfirmanten Anne Olsdtr Vindspoll i 1778 er gjerne ei dotter av desse to - eg skulle gjerne funne henne døypt, rimelegvis rundt 1762. Ola Olsson frå 1801 bør vere fødd ca 1755 etter alder ved folketellinga - eg skulle gjerne funne også han døypt. Konfirmert er han i 1776, og han er då ein uvanleg gammal konfirmant dersom alderen i 1801 er rett. Andre "olss Vindspoll"-konfirmantar er der ikkje å sjå.

 

Gjøde Lassedtr Vindspoll døyr i 1814, angiveleg 80 år gammal, noko som passar svært godt med fødselsår 1733. Det ser ikkje ut til å vere skifte verken etter henne eller mannen.

 

Lat meg med det same nemne Gjøde Lassedtr Hyenes sin yngre bror, Anders Lasseson, som eg ikkje finn etter skiftet i 1753 - eg er også interessert i opplysningar om han.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Silje Domben som gjorde meg merksam på denne Gjøde opplyser at paret overtok Vindspollen i 1766. Ho opplyser også at Ola Olsson Vindspoll kan knytast til Tippen i Eid, men ikkje heilt korleis.

 

Då finn eg vidare: Under bruk nr 5 Tippen står dette: "Ola Olsson Hestenes, b(rukar) 1755". Deretter går eg i kyrkjeboka for Eid og finn at "Ole Tippen" døyper sonen Ole i 1757.

 

I 1761 døyper Ole Tippen dottera Anne. Her legg eg merke til fadderen "Anders Midtgulen" - ei tilknyting til Bremanger.

 

Eg er etter kvart ikkje i tvil om at svaret på spørsmålet mitt i overskrifta er JA, men eg manglar vel det endelege beviset, og kven er eigentleg "Ola Olsson Hestenes"?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sol Høydalsvik Ulvestad

Jøde (Jø) Lassedtr/Larsdtr f. ca. 1723 er 5x tippoldemor til svigersonen min på Torheim.

I mine notat står at ho var gift med Ole Oleson Tippen/Haugland frå Eid f. ca 1726 - d. 1791.

Dei hadde sonen Ole Oleson f. ca 1756.

Oldebarnet til Jøde og Ole vart døypt Jøde /Jyde - kalla "Jø" ho vart gift med Hans Monsson Mulelid - busett Mulelid i Bremanger

Ho levde 1820 - 1910. Henne har dei fotografi av.

Det er meg fortalt Jøde d.e. kom ifrå Rygg? Gloppen - også noko om om at slekta hennar skulle kome frå Danmark.

Morfar til Jøde (Jø) var Rasmus Oleson Gimmestad ca 1745 - 1810 frå "Mattisbruket" på Gimmestad. Han vart gift til Mulelida i Bremanger

Share this post


Link to post
Share on other sites
Håvard Moe

Mulelia er ikkje så langt frå Vindspollen, for øvrig...

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Takk for endå fleire teikn på at eg er på rett spor! Men eg er ikkje komen nærmare opphavet til "Ola Olsson Hestenes" - han var innom Tippen, men er tydelegvis ikkje derfrå.

 

Foreldra til Gjøde var frå Eikenes og Skjerdal, så noko samband til Danmark ser eg ikkje sånn utan vidare.

 

Men mormora, Gjøde Larsdtr Skjerdal, kan kanskje vere syster til Lari / Hilarius Hope; han er formyndar i skiftet etter mannen hennar. Og kanskje kan det framandslege Hilarius-namnet ha eit dansk opphav, ikkje veit eg.

 

Ei laus opplysning som kanskje kan kome til nytte seinare: i 1743 blir det inngått ekteskap i Gloppen mellom Mari Olsdtr Hestenesøyra og Anders Andersson Mulehamn frå Kinn; dette er ei jente eg ikkje har greidd å plassere; eg tek dette med her på grunn av kombinasjonen Ola / Hestenes.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sol Høydalsvik Ulvestad

Vindspollen - Mulelida - Mulehamn er gardane som ligg på utsida (sørvest) av Midtgulen.

4 personar frå Gloppen busette seg på nabogardar i Bremanger i løpet av vel 40 år; Mari Olsdtr. Hestenesøyra vart gift til Mulehamn i 1743, så flytta Ole og Jøde til Vindspollen ca 1760-70 og tilsist Rasmus Gimmestad, gift til Mulelida i 1786. Tilfeldig eller kva?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Siw Merethe Sværholdt

Her er vel skiftet etter Ole Olson Vinspoll "junior":

 

Førenamn: Ole

Etternamn: Olsen

Gard: Vinspoll

Skipreide: Bremanger

Protikoll nr.: 19, page 409

År: 1836-1845

Fogderi: Sunnfjord

 

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 19 , 1836-1845, oppb: Statsarkivet i Bergen.

 

Merknader: EDB-register.

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24209/428/

 

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081127650428.jpg

 

 

 

 

År 1844

Kyrkje Bremanger

Død dato 24.7.1844

Gravlagd dato 27.7.1844

Førenamn Ole

Etternamn Olss.

Bustad Vindspodl

Yrke kaarmand

Gift

Fødd 1756

Share this post


Link to post
Share on other sites
Siw Merethe Sværholdt

Har du sett dette skiftet, Astrid? Her er nevnt to Ole Olsen, den ene kalles Ole Olsen Otterdahl.

 

Jeg aner ikke om det har noe med hverandre å gjøre, og navnet er Gjørrie Larsdtr.

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 17 , 1781-1785, oppb: Statsarkivet i Bergen.

 

Merknader: Register på Statsarkivet i Bergens lesesal.

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24236/19/

 

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081201630019.jpg

 

 

 

men i følge kirkebokinnføringen skal denne være født i 1746.....så det er sikkert feil.

 

År 1781

Kyrkje

Død dato 2.5.1781

Gravlagd dato 0.0.0

Førenamn Gøri

Etternamn Larsd.

Bustad Otterdal

Yrke

Gift

Fødd 1746

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Sol - du kan også ta med kona til Rasmus Olsson Gimmestad - ho var frå Sandal i Breim. Det er endå fleire som har flytta vestover; kysten med rikt fiske og ein del ledige gardar etter t.d drukningar på sjøen har drege til seg innfjordingar. "Utvandringa" t.d. frå Oppstryn til Selje er eit godt døme, og det var ofte slektningar som reiste; dei tipsa kvarandre gjerne om ledige gardar eller ledige enkjer.

 

Siw - greit å ha sett skiftet etter Ola jr, sjølv om det var utruleg magert.. Det andre skiftet gjeld nok andre folk - mi Gjøde Lassedtr døydde i Bremanger i 1814.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sol Høydalsvik Ulvestad

Iflg bygdeboka for Hornindal var den "andre Gøri" Gøri Larsd. Solheim 1746 -1781 gift i 1776 med Ola Olson Otterdal 1748 - 1811. Ho var 2. kona hans.

Dei var busett i Otterdal- Mange av barna hans "utvandra" - over Kviven - nordover til Møre og Romsdal. (Ola Olson var gift 3 gongar)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Eid-spesialisten Rune Bergesen skriv til meg at han ikkje finn noko som tydar på at Ola Olsson er frå Tippen - han er i bygsel-listene i 1755, men forsvinn deretter. Så Tippen har nok berre vore ein mellomstasjon for han. Hadde han heitt noko anna enn Ola Olsson hadde det vore lettare å finne noko om bakgrunnen hans, men no ser det nokså håplaust ut - livet frå 1755 og framover er bra kartlagt, men kvar han kom frå er det verre å seie; Hestenes har truleg også vore ein mellomstasjon for familien.

 

Sidan eg reknar Gjøde Lassedtr sitt livsløp for oppklara, startar eg i staden ein ny tråd med hovudvekt på Ola.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Silje Domben

Tusen takk til alle som har bidratt her!! Var heilt sjokkert og i hundre når eg las gjennom dette. Nei, det er liten tvil om at dette er den rette. Det som vert sagt om Midtgulen er rett. Gardane her er Vindspollen, Fredheim, Mulelid og Mulehamn. Er sjølv oppvaksen på Mulelid, og ho Gjøde er mi tipptipptippoldermors farmor. Min tipptipptippoldemor Gjø gifte seg inn i Mulelid familien. Dette blir kjempegøy å kunne fortelje mi mor og farmor som har vert veldig interesserte i å finne meir ut om ho Gjøde og historia om at ho skulle vere frå Danmark. Historia eg har vorte fortalde var at han Ola var utstasjonert i marinen i Danmark og traff ho Gjøde der. Han deserterte og drog ho med seg heim att til Vindspollen. Virker no som eit sagn og ei god historie :)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Veldig artig for meg å finne att Gjøde - eg blir som ein unge på julafta når slike ting dukkar opp. Når det gjeld Ola får du følgje med i ny tråd!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Fred Olav Mulelid

Gjø Vindspoll vart fødd i 1820 og døydde 90 år seinare. Ho var syster til min tippoldefar Karl Martinus Olsson Vindspoll, som kjøpte bruk 4 på Rise i Svelgen. Gjø gifta seg i Mullia (Geilane) og var oldemor til Rikard Martin Mulelid (1905 - 99) samt tanta til oldemor mi, Inger Hjellen, fødd Riise i 1865, død 1961 nær 97 år gamal. Høg alder er vanleg i den greina av slekta.
Pga dette var mi mormor, Margit Mulelid, tremenning til Rikard sin far og Rikard firemenning til mi mor Inger og Petter som bur i Mullia no. (Småbruket Ura, bruksnamn Mulen)

Mullia er forøvrig korrekt skrivemåte og uttale for det folk kallar Mulelida og Mulelia. Dvs gardane og ikkje etternamnet. Lia under fjellet Mulen = Mullia. :)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Harald Vågene

Vi fannt eit merkejern som det står S.Vindspold på. Vår famlie flytta til garden i 1913, Søren Vågene, så det er nok tidlegare eigarar, men kva står S. for?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Harald L. Bakke
9 timer siden, Harald Vågene skrev:

Vi fannt eit merkejern som det står S.Vindspold på. Vår famlie flytta til garden i 1913, Søren Vågene, så det er nok tidlegare eigarar, men kva står S. for?

 

I følge bygdeboka er det ein brukar Sjur Andersson i Vindspollen 1769-1778 på br.nr. 1 i Vindspollen, ellers er det ingen brukarar eller husmenn som er nemnde under Vindspollen i bygdeboka med forbokstaven S iallefall.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Harald Vågene

Tusen takk!  Merkejernet er vel kanskje ikkje så gammalt, eg veit ikkje noko om det.  Eigar frå 1913 var Søren Vågene, kanskje han brukte å merke ting med S. for Søren og så berre gardsnamnet. Dette veit vi ikkje, men er ein muleghet.

Merkejern.jpg

Share this post


Link to post
Share on other sites
Harald L. Bakke

Ja det er nok mest truleg det siste som er fasiten.  

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.