Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Endre Ellefson frå Hafslo til Trondheim (1805-1863) - huslyden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette tema tek utgangspunkt i tema #10076 frå det gamle Brukarforum (http://forum.arkivverket.no/index.php?/topic/95987-10076-endre-ellefson-wigeraundalen-f-1805-fraa-luster-til-trondheimlade-lagnad/page__hl__%2Bendre+%2Bellefson+%2Btrondheim). Eg takkar på ny for mange gode innlegg frå før! Diverre manglar det framleis ein del detaljar. Eg har søkt gjennom dei flote databasane som ligg ute på Digitalarkivet, men utan å finna ut noko meir.

 

Her er status pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Endre Ellefson, døypt i Hafslo 28.1.1805, flytte i 1823 til Bolsøy for å tena på garden Roaldset, men flytte sidan til Molde og so til Trondheim der han 18.12.1832 gifte seg med Brynhild Thoresdotter frå Hårstad i Selbu. Ho var dotter av ungkar Thore Haagenson frå Geitmoen i Sunndal og jenta Magdeli Pedersdotter frå Hårstad i Selbu og f. i Selbu 28.7.1811. Etter nokre år som dagarbeidar i Trondheim slo Endre og Brynhild seg i 1836 ned som plassfolk på Vigeraundalen i Lade, Strinda. Derifrå flytte dei so i 1858 attende til Trondheim der Endre på ny var dagarbeidar. Han d. som arbeidsmann på sjukehuset på Lademoen i Lade sokn, Trondheim 7.2.1863. Brynhild d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1875!)

 

Me kjenner til sju born etter dei:

 

a. Oluf Andreas, kjend som Ole A. Endresen, f. i Trondheim 4.8.1833, d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1879!)

 

Ole gifte seg i Trondheim 25.9.1859 med enkja Johanna Andrea Olsdotter f. Tisløv, f. i Trondheim 23.8.1825. Ho d. som innerstkone på Singsakersletta i Lade sokn, Strinda 7.1.1879. Ole var murarsvein, og han og Johanna budde levetidi ut i Trondheim. Dei fekk to born i lag.

 

b. Endre Endresen, f. i Strinda 1.8.1836, d. etter 1902, dato og stad ukjende.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1902!)

 

Han gifte seg i Trondheim 10.1.1864 med Marit Halvorsdotter frå Aune på Røros, f. på Røros 15.7.1839. Ho d. på sjukehuset i Trondheim 19.4.1902. Endre var skomakarsvein og sidan skomakarmeister, og han og Marit vart buande i Trondheim. Dei fekk tre born i lag.

 

c. Anna Marie, kjend som Marie Endresen, f. i Strinda 11.2.1840, d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1900!)

 

Marie gifte seg i Askvoll 17.10.1864 med Haldor Evenson frå Leirfoss i Strinda, f. i Strinda 16.10.1839. Han d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1900!)

 

Haldor var nokre år gruvearbeidar, mellom anna på Grimelien i Askvoll, på Vigsnes i Avaldsnes og på Frøyland i Sokndal, men var frå kring 1870 busette i Trondheim der Haldor var smed og fabrikkarbeidar. Dei vart skilde kring 1890, og Marie livnærte seg sidan som reingjeringsassistent. Dei fekk ni born i lag.

 

d. Iver Endresen, f. i Strinda 3.1.1843,

 

¤¤¤¤¤ (flytte 1858 til Fosen! – lagnad? – fødd i Lade sokn, men døypt i Bakke!)

 

e. Hans Petter Endresen, f. i Strinda 25.1.1846,

 

¤¤¤¤¤ (lagnad? – Lade sokn! – truleg 1865 ugift vognmandsdreng Hans Endresen, f. Strinden 1847 – busett Ørja Veiten i Trondheim! – kan henda 1875 tenestedreng på Gaasvig i Måsøy, Finnmark!?)

 

f. Erentz Endresen, f. i Strinda 22.7.1849,

 

¤¤¤¤¤ (lagnad? – Lade sokn! – nemnd 1865 med mori på Øvre Baklandet i Trondheim, Erentz Ellefsen, posementarbeider)

 

g. Bernt Martin Endresen, f. i Strinda 27.1.1855, d. i Trondheim 1.9.1888. Bernt var ei tid gravar ved Domkyrkja i Trondheim og elles dagarbeidar. Han budde i Trondheim, men var ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein eller annan stad i kyrkjebokarkivet finst det truleg fleire opplysningar om denne huslyden, men let det seg gjera finna dei? Eg vil tru det og takkar nok ein gong so mykje for alle gode tips! Kvar einaste vesle detalj er gull verd!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ann-Mary Engum

Ser at du skriver at Haldor var født 16 okt 1838.

 

Er det samme Haldor Evensen som står med fødselsdato 18.10. 1838 på tellingen 1910?

http://www.rhd.uit.n...bnr=0006&lnr=4a, b

 

 

Kanskje samme mann jeg finner i denne basen?

 

Haldor Evensen (1838 - 1912)

 

Birthdate:October 18, 1838Birthplace:Bratsberg, Strinda, Sør-Trøndelag, NorwayDeath: Died November 9, 1912 in Trondheim, Sør-Trøndelag, NorwayOccupation:Arbeider

 

 

About Haldor Evensen

Haldor gifter seg med Anne Marie Endresdatter i Askevoll, Sogn og Fjordane den 17 oktober 1864.

 

Ved FT 1865 bor Haldor ved Vixnæs Kobberverk i Avaldsnes, Rogaland hvor han er dagarbeider i gruven. Han bor sammen med sin kone A Marie Endresdatter.

 

Ved FT 1875 bor Haldor i Sebastapol Trolla Brug, Trondheim. Han er Smed ved Trolla Brug. Han bor sammen med sin kone Marie og seks av barna.

 

Ved FT 1900 bor Haldor i Øvre Møllenberg Gade, Trondheim, han er enslig losjerende (el) og fraskilt (f). Han er Fabrikarbeider Akard formand Ørens m.v.

 

Ved FT 1910 bor Haldor i Kongensgate 93, Trondheim, (gamlehjem byens Fattighjem). Han er "Fhv. Fabrikarb Trængende forpl i G. Hj" og er oppført som enslig losjerende, gift (fraskilt i 1900).

 

view all 11

Haldor Evensen's Timeline

1838 October 18, 1838Birth of HaldorStrinda, Sør-Trøndelag, NorwayDecember 25, 1838Baptism of HaldorStrinda, Sør-Trøndelag 1912 November 9, 1912Age 74Death of HaldorTrondheim, Sør-Trøndelag, Norway 1864 October 17, 1864Age 25Marriage of Haldor to Anne Marie EvensenAskvoll, Sogn og Fjordane, Norway 1912 November 14, 1912Age 74Burial of Haldor 1860 June 11, 1860Age 21Birth of Edvard Kornelius EvensenTrondheim, Sør-Trøndelag, Norway 1871 1871Age 33Birth of Hilmar Martin Evensen 1868 1868Age 29Birth of Emma Kristine 1866 1866Age 27Birth of Klaus Odin Evensen 1864 1864Age 25Birth of Emma Berntine

 

http://www.google.no...2yNnL5syxIexn7g

 

 

 

Dødsfallet til Haldor Evensen(nr 49)

Kildeinformasjon: Sør-Trøndelag fylke, Vår Frue kirke i Trondheim, Klokkerbok nr. 602C15 (1911-1924), Døde og begravede 1912, side 104.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...y&idx_side=-108

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...60522070385.jpg

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ann-Mary Engum

Ifølge basen jeg fant fikk Haldor Evensen en uekte sønn i 1860.Det er vel denne:

 

 

Name:Edvard Cornelius Haldorsen Gender:Male Baptism/Christening Date:01 Jul 1860 Baptism/Christening Place:Trondheim, Sør-Trøndelag, Norway Birth Date:11 Jun 1860 Birth Place:Trondheim, Vor Frue Kirke, S-Trlg, Norway Death Date:Name Note:Uægte Race:Father's Name:Haldor Evensen Father's Birthplace:Father's Age:Mother's Name:Karen Marta Johansen https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/NWM1-XH5

 

 

Klokkerboken.

Kildeinformasjon: Sør-Trøndelag fylke, Vår Frue kirke i Trondheim, Klokkerbok nr. 602C07 (1859-1864), Fødte og døpte 1860, side 51.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16356&idx_id=16356&uid=ny&idx_side=-51

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070924620391.jpg

 

 

Ministerialboken.

 

Kildeinformasjon: Sør-Trøndelag fylke, Vår Frue kirke i Trondheim, Ministerialbok nr. 602A13 (1860-1872), Fødte og døpte 1860, side 12.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2343&idx_id=2343&uid=ny&idx_side=-15

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050610021042.jpg

 

 

 

Groom's Name:Edvard Kornelius Evensen Groom's Birth Date:1860 Groom's Birthplace:Trondhjem Groom's Age:Bride's Name:Tina Amalia Balzersen Bride's Birth Date:1862 Bride's Birthplace:Kristianid Bride's Age:Marriage Date:23 Nov 1884 Marriage Place:Årstad, Bergen, Bergen, Norway Groom's Father's Name:Haldor Evensen Groom's Mother's Name:Bride's Father's Name:Olaus Anton Balzersen https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/N719-2S9http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=8&filnamn=vigd1816&gardpostnr=29799&merk=29799#ovre

 

Han giftet seg i Årstad i 1884Edvard Kornelius Evensen uk fyrbøder Trondhjem 1860 Tina Amalia Balzersen pige Kristiania 1862 Nov 23 1884 AA http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=8&filnamn=vigd1816&gardpostnr=29799&merk=29799#ovre

 

 

Edvard Evensen i 1910.

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1910&knr=1301&kenr=075&bnr=0013&lnr=02

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ann-Mary Engum

Ole Andreas Endresen og Johanna Andrea Olsdatter Tisløf fikk 3 barn.1 av dem var dødfødt.

 

« Back to search results

 

No image available

Name:Nikoline Berntine Ole Andreasen Gender:Male Baptism/Christening Date:03 Jun 1860 Baptism/Christening Place:BAKKLANDET, SOR TRONDELAG, NORWAY Birth Date:05 Apr 1860 Birth Place:Death Date:Name Note:Race:Father's Name:Ole Andreas Endresen Father's Birthplace:Father's Age:Mother's Name:Johanna Andrea Tislow https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/N4P3-8GZ

 

Name:Odin Andreas Ole Andreasen Gender:Male Baptism/Christening Date:28 Jun 1863 Baptism/Christening Place:BAKKLANDET, SOR TRONDELAG, NORWAY Birth Date:25 Apr 1863 Birth Place:Death Date:Name Note:Race:Father's Name:Ole Andreas Endresen Father's Birthplace:Father's Age:Mother's Name:Johanna Andrea Tislow

https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/N4P3-NRH

 

Name:Ole Andreasen Gender:Male Baptism/Christening Date:Baptism/Christening Place:BAKKLANDET, SOR TRONDELAG, NORWAY Birth Date:28 Sep 1867 Birth Place:Death Date:28 Sep 1867 Name Note:Race:Father's Name:Ole Andreas Sendresen Father's Birthplace:Father's Age:Mother's Name:Johanna Andrea Sendresen https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/N4PQ-CDQ

 

Dødfødt barn , 1867.

 

Kirkeboken.

Kildeinformasjon: Sør-Trøndelag fylke, Bakklandet, Klokkerbok nr. 604C02 (1851-1869), Døde og begravede 1868, side 396-397.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16362&idx_id=16362&uid=ny&idx_side=-201

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070924650118.jpg

 

 

 

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for nye flotte innlegg! Då er Haldor Evensen komen på plass, men det er underleg at ikkje Anna Marie er å sjå nokon stad i 1910, og det trass i at Haldor framleis var gift då han døydde i 1912.... Eller kanskje var han attgift med ei onnor...?

 

Det er i det heile underleg kor godt desse Endresen-søskeni gøymer seg i Trondheim... Og mor deira...?

 

Med venleg helsing,

 

Lsrs E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ann-Mary Engum

Avdød Fyrbøder Ug. Odin Andreas Endresen M øvre Møllenberg 9, død Sygehuset Thjem, 15.04 1862 12.05.7 Pårørande Mursven Ole Endresen M

Pårørande Johanne Tisløv K

http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=24&filnamn=GR16011877d&gardpostnr=1235&personpostnr=2125&merk=2125#ovre

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for nye spennande innlegg om denne huslyden!

 

Jau, det er nok Anne Marie som gøymer seg i FT1900 med unøyaktig alder, og hin personen er sonen til Ole Andreas Endresen. Det er berre so underleg at ikkje Ole Andreas sjølv er nemnd... Kan ha vera flytt frå Trondheim? Kanskje tok han med seg mori?

 

Den som visste...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Med den kjempegode erfaringi eg hadde med problemet Moses Johannessen i Trondheim ønskjer eg i kveld å henta fram att dette temaet der fleire Trondheims-spørsmål framleis står opne. Kanskje er det mogeleg å få til ein ny dugnad?

 

Eg held fingri krossa og takkar og vonar..

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Bente L. Skjager

Hei!

 

Ser det snart er gått 5 år siden denne etterlysningen var aktiv, og lurer derfor på om det har kommet fram hvor og når Anne Marie døde? Hun antas å være mor til den Herman Evensen som er omtalt i denne etterlysningen på slektsforum, og jeg skulle gjerne visst hva som evt framkommer om Hermann når moren dør: http://www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?t=143670&highlight=

 

Mvh Bente

Edited by Bente L. Skjager

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Bente for overraskande innlegg!

 

Diverre kom det ikkje noko meir om denne ætti før band IX av Gards- og Ættesoga for Luster gjekk i trykken i 2012, so status for manuskriptet er framleis stor sett uendra.  Her følgjer dette manuskriptet, der eg har «fletta inn» òpne spørsmål:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Endre Ellefson, døypt 28.1.1805,

Endre Ellefsen flytte i 1823 til Bolsøy for å tena på garden Roaldset, men flytte sidan til Molde og so til Trondheim der han 18.12.1832 gifte seg med Brynhild Thoresdotter frå Hårstad i Selbu.  Ho var dotter av ungkar Thore Haagenson frå Geitmoen i Sunndal og jenta Magdeli Pedersdotter frå Hårstad i Selbu og f. i Selbu 28.7.1811.  Etter nokre år som dagarbeidar i Trondheim slo Endre og Brynhild seg i 1836 ned som plassfolk på Vigeraundalen i Lade, Strinda.  Derifrå flytte dei so i 1858 attende til Trondheim der Endre på ny var dagarbeidar.  Han d. som arbeidsmann på sjukehuset på Lademoen i Lade sokn, Trondheim 7.2.1863.  Brynhild d. truleg i Trondheim kring 1880.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) 

 

Me kjenner til sju born etter dei:

a. Oluf Andreas, kjend som Ole A. Endresen, f. i Trondheim 4.8.1833, d. truleg i Trondheim kring 1890.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

    Ole gifte seg i Trondheim 25.9.1859 med enkja Johanna Andrea Olsdotter f. Tisløv, f. i Trondheim 23.8.1825.  Ho d. som innerstkone på Singsakersletta i Lade sokn, Strinda 7.1.1879.  Ole var murarsvein, og han og Johanna budde levetidi ut i Trondheim.  Dei fekk to born i lag.

b. Endre Endresen, f. i Strinda 1.8.1836, d. som skomakar i Trondheim 18.8.1906.  Endre gifte seg i Trondheim 10.1.1864 med Marit Halvorsdotter frå Aune på Røros, f. på Røros 15.7.1839.  Ho d. på sjukehuset i Trondheim 19.4.1902.  Endre var skomakarsvein og sidan skomakarmeister, og han og Marit vart buande i Trondheim.  Dei fekk tre born i lag.

c. Anna Marie, kjend som Marie Endresen, f. i Strinda 11.2.1840, d. truleg i Trondheim kring 1905.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Marie gifte seg i Askvoll 17.10.1864 med Haldor Evenson frå Leirfoss i Strinda, f. i Strinda 18.10.1838.  Han d. på ein gamleheim i Trondheim 9.11.1912.  Haldor var nokre år gruvearbeidar, mellom anna på Grimelien i Askvoll, på Vigsnes i Avaldsnes og på Frøyland i Sokndal, men han og Marie var frå kring 1870 busette i Trondheim der Haldor var smed og fabrikkarbeidar.  Dei vart skilde kring 1890, og Marie livnærte seg sidan som reingjeringsassistent.  Dei fekk ni born i lag.

d. Iver Endresen, f. i Strinda 3.1.1843, flytte i 1858 til Fosen, men den seinare lagnaden hans er ukjend.

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

e. Hans Petter Endresen, f. i Strinda 25.1.1846, var visstnok i 1865 vognmannsdreng i Trondheim men den seinare lagnaden hans er likeins ukjend.

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

f. Erentz Endresen, f. i Strinda 22.7.1849, var i 1865 posementarbeidar i Trondheim, men vert òg borte for oss etter den tid.

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

g. Bernt Martin Endresen, f. i Strinda 27.1.1855, d. i Trondheim 1.9.1888.  Bernt var ei tid gravar ved Domkyrkja i Trondheim og elles dagarbeidar.  Han budde i Trondheim, men var ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg er sjølvsagt svært interessert i å betra dette manuskriptet og takkar på det hjartelegaste for alle tilleggsopplysningar som måtte dukka opp!  Ein eller annan stad der ute bør det jo finnast detaljar...

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Bente L. Skjager

Takk for tilbakemelding :) Et lite bidrag, i alle fall:

 

Endre Endresen dør 18.8.1906: (må være han, selv om fødselsår er oppgitt til 1834)

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Sør-Trøndelag, 602/L0123: Ministerialbok nr. 602A21, 1895-1910, s. 81https://media.digitalarkivet.no/kb20050408050138

 

Mvh Bente

 

Edited by Bente L. Skjager

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Bente for ei spennande melding!  Ingen tvil om at du har finne den «rette» Endre Endresen.  Eg ser han døydde i Vår Frue sokn, og når me ser på oversikti over kva kyrkjebøker for Trondheim som er skanna, er denne tydeleg ikkje blant dei!  Kanskje nokre av dei andre dødsfalli som me manglar i denne huslyden, òg vil vera å finna i Vår Frue?

 

Eg har retta opp manuskriptet i innlegg #11 ovanfor med opplysningane om Endre, og eg takkar igjen for framifrå bistand med å gjera dette manuskriptet meir fullstendigt!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

Ole Andreas Endresen, nummer 4 i 1886

 

Nord-Trøndelag fylke, Vikna i Nærøy, Ministerialbok nr. 786A02 (1880-1887), Viede 1886, Side 168
Permanent bilde-ID: kb20070423660034
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070423660034
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070423660034.jpg
 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg er endå ein gong skikkeleg imponert!  Hjarteleg takk til Sven for fantastiske opplysningar!

 

Du har finna att Ole Andreas Endresen i Vikna og samstundes supplert med dei fleste detaljane om han!  Eg fann fødsli hennar i Kleive sokn i Bolsøy, so då er det berre dødsfallet hennar som manglar før denne «seksjonen» er komplett!

 

Og ingen tvil om at du òg har finne Brynhild i 1885.  Dødsdfallet hennar vil vel då kanskje òg dukka opp i Trondheim...?

 

Framleis er det eit kjempemysterium kvar det vart av dei tre sønene Iver, Hans Petter og Erentz, og dødsfallet til Anna Marie hadde òg vore kjekt å få tak i...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Endre Ellefson, døypt (i Hafslo) 28.1.1805,

Endre Ellefsen flytte i 1823 til Bolsøy for å tena på garden Roaldset, men flytte sidan til Molde og so til Trondheim der han 18.12.1832 gifte seg med Brynhild Thoresdotter frå Hårstad i Selbu.  Ho var dotter av ungkar Thore Haagenson frå Geitmoen i Sunndal og jenta Magdeli Pedersdotter frå Hårstad i Selbu og f. i Selbu 28.7.1811.  Etter nokre år som dagarbeidar i Trondheim slo Endre og Brynhild seg i 1836 ned som plassfolk på Vigeraundalen i Lade, Strinda.  Derifrå flytte dei so i 1858 attende til Trondheim der Endre på ny var dagarbeidar.  Han d. som arbeidsmann på sjukehuset på Lademoen i Lade sokn, Trondheim 7.2.1863.  Brynhild d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – Trondheim etter 1885!?)

 

Me kjenner til sju born etter dei:

a. Oluf Andreas, kjend som Ole A. Endresen, f. i Trondheim 4.8.1833, d. som murar på Rørvik i Vikna 15.1.1907.  Ole gifte seg første gongen i Trondheim 25.9.1859 med enkja Johanna Andrea Olsdotter f. Tisløv, f. i Trondheim 23.8.1825.  Ho d. som innerstkone på Singsakersletta i Lade sokn, Strinda 7.1.1879.  Ole gifte seg so att i Vikna 28.3.1886 med Anna Olsdotter frå Nes i Kleive sokn, Bolsøy, f. i Bolsøy 25.1.1843.  Ho d. som fattiglem og murarenkje på Rørvik 13.10.1926.  Ole var murar og budde med første kona Johanna i Trondheim, men flytte sidan til Vikna og busette seg med andre kona Anna som strandsitjar på Rørvik.  Han fekk i alt to born, som båe var frå første ekteskapet.

b. Endre Endresen, f. i Strinda 1.8.1836, d. som skomakar i Trondheim 18.8.1906.  Endre gifte seg i Trondheim 10.1.1864 med Marit Halvorsdotter frå Aune på Røros, f. på Røros 15.7.1839.  Ho d. på sjukehuset i Trondheim 19.4.1902.  Endre var skomakarsvein og sidan skomakarmeister, og han og Marit vart buande i Trondheim.  Dei fekk tre born i lag.

c. Anna Marie, kjend som Marie Endresen, f. i Strinda 11.2.1840, d. truleg i Trondheim kring 1905.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Marie gifte seg i Askvoll 17.10.1864 med Haldor Evenson frå Leirfoss i Strinda, f. i Strinda 18.10.1838.  Han d. på ein gamleheim i Trondheim 9.11.1912.  Haldor var nokre år gruvearbeidar, mellom anna på Grimelien i Askvoll, på Vigsnes i Avaldsnes og på Frøyland i Sokndal, men han og Marie var frå kring 1870 busette i Trondheim der Haldor var smed og fabrikkarbeidar.  Dei vart skilde kring 1890, og Marie livnærte seg sidan som reingjeringsassistent.  Dei fekk ni born i lag.

d. Iver Endresen, f. i Strinda 3.1.1843, flytte i 1858 til Fosen, men den seinare lagnaden hans er ukjend.

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

e. Hans Petter Endresen, f. i Strinda 25.1.1846, var visstnok i 1865 vognmannsdreng i Trondheim men den seinare lagnaden hans er likeins ukjend.

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

f. Erentz Endresen, f. i Strinda 22.7.1849, var i 1865 posementarbeidar i Trondheim, men vert òg borte for oss etter den tid.

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

g. Bernt Martin Endresen, f. i Strinda 27.1.1855, d. i Trondheim 1.9.1888.  Bernt var ei tid gravar ved Domkyrkja i Trondheim og elles dagarbeidar.  Han budde i Trondheim, men var ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar nok ein gong for framifrå bistand med huslyden til Endre Ellefsen!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

Anne Endresen døde 13. oktober 1926

 

Nummer 14:

 

Nord-Trøndelag fylke, Vikna i Nærøy, Vikna, Ministerialbok nr. 1 (1913-1934), Døde og begravede 1926, Side 453
Permanent bilde-ID: kb10711506161407
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb10711506161407
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10711506161407.jpg
 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for nytt kjempeinnlegg!

 

Då er dødsfallet til Anna på plass, og eg har oppdatert manuskriptet i innlegg #19 ovanfor!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå hjelp med denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.