Gå til innhold
Arkivverket

Ola Olsson Vindspoll/Tippen/Hestenes og før det?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Eg viser til debatten om Gjøde Lassedtr Hyenes / Vindspoll, og lagar her eit nytt emne om mannen hennar, Ola.

 

I den andre tråden kan vi finne at han er fødd omlag 1726 etter alder ved død. Han gifter seg med Gjøde i Gloppen i 1755 under namnet "Ole Hestenes", og den gamle bygdeboka for Eid har han på Tippen/Haugland som brukar i 1755, under namnet Ola Olsson Hestenes. Han får 2 born der, Ola i 1757 og Anne i 1761.

 

I 1766 er han komen til Vindspollen i Bremanger og døyr der i 1791.

 

Spørsmålet mitt er kven han eigentleg var. Han er ikkje knytt til nokon kjend Ola på Hestenes. Utvekslinga av folk mellom Bremanger og dei vestre gardane i Gloppen har vore stor, og det er ikkje utenkjeleg at han t.d. er fødd i Bremanger, av foreldre som eigentleg kom frå Gloppen - han ser ikkje ut til å vere fødd i Gloppen, som har nokså gode kyrkjebøker rundt 1726.

 

Lagnaden hans etter 1755 er altså under kontroll - det som interesserer no er kvar han kom frå.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg klipper dette frå den andre debatten, for å ha med andre "lause" personar med tilknyting til Ola og Hestenes:

 

Ei laus opplysning som kanskje kan kome til nytte seinare: i 1743 blir det inngått ekteskap i Gloppen mellom Mari Olsdtr Hestenesøyra og Anders Andersson Mulehamn frå Kinn; dette er ei jente eg ikkje har greidd å plassere; eg tek dette med her på grunn av kombinasjonen Ola / Hestenes.

 

Eg tek også med ei vigsle her: Brudefolket heiter Endre Andersson og Mari Olsdtr Hestenes, og dei brukte nr 6 på Hestenes. Etter alder ved død kan denne Mari vere identisk med konfirmanten Mari Olsdtr Grotle i Gloppen i 1758, noko også bygdebokforfattaren er enig i - han skriv at Mari Olsdtr hadde odelsrett til bruket, men ikkje korleis.

 

Ei freistande løysing på denne odelsretten kan vere at ho er dotter til Ola Pederson Hestenes f. ca 1671, frå nettopp br nr 6, som var busett på Grotle. Men ulempen er skiftet etter han i 1757 - der er syskena hans arvingar, fordi han sjøv ikkje hadde born etter seg.

 

Sit nokon med ein nøkkel eller to her vil eg bli glad for hjelp.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her vil eg anbefale deg å kikke i Bremanger bygdebok bind II for opplysningar om Marie Olesdtr Hestenes. Ho og mannen Anders står oppført under Mulehamn og Vindspollen. Trur du vil finne dette veldig interessant.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Under Vindspollen står følgende:

 

Ole Olsen (hadde bruket 1766-86) f. 1726 på Tippen (Haugland) i Eid, dfød 1791. Gift med Gjøde Larsdtr. f. kr. 1731 d. 1814. Ole bygsla først halve garden, 1 pund smør, men fekk i 1779 skøyte på heile garden. Det er blitt fortalt at Gjøde var av adelig opphav og at hun var fra Aabbenraa i Sønder-Jylland og han hun og Ole møttes da han var i marinen. Barn Ole neste bruker 1756-1844

Anne som ble konfirmert i Vindspollen 1778 var og trolig datter av Ole og Gjøde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg glemte å legge til at det står ingenting verken under Mulehavn eller Vindspollen om hvor Marie Olsdtr. evt. skulle komme fra. Mannen Anders Andersen derimot var sønn av Anders Matiasson 1692 - ? Navnet på kone er ukjent.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Silje - her er som du ser 2 Mari Olsdtr. Har du opplysningar frå Bremanger bygdebok tek eg gjerne imot, den boka er ikkje innafor mi rekkevidde utan eg fjernlåner. Etterslekta er ikkje det mest interessante, det er opphavet eg leitar etter.

 

Rune - korleis Gjøde Lassedotter Hyenes har fått ord på seg å vere adeleg og frå Aabenraa er litt pussig, men det er då i alle fall ikkje korrekt, jamfør den andre debatten som er nemnt i fyrste innlegget her.

 

Tru om det står noko under Grotle som kan identifisere "Mari Olsdtr Grotle" - f. ca 1741?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Der er en Ole Andersson 1705-1789 gift med Marie Knudsdtr. 1701-1776 på Ytre Grotle. De har en datter Marie f. 1738, men det er ikke nevnt noe mer om henne der.Og det er den eneste jeg kan finne som passer aldersmessig både på indre og ytre Grotle. Det var forøvrig Bremanger bygdebok jeg siterte i mitt forrige innlegg, noe jeg dessverre glemte å nevne i farten. Beklager så my den glippen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjer ingen ting - eg skjønte det uansett. Denne Ole Andersson er interessant, det er synd det ikkje er skifte etter nokon av dei.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I Bremanger bygdebok under Mulehamn står det:

Anders Andersson fekk skøyte på heile garden i 1744. Gift med Marie Olesdotter f.kr. 1718, d.1772. Han selde att i 1756. Anders og Marie flytte til Vindspollen bnr. 1

 

Under Vindspollen står det:

1756-1769

Anders Andersson. Gift med Marie Olesdotter f.kr. 1718, d.1772. Dei budde ei tid i Mulehamn der dei var jordeigarar.

 

Her er det interressant å sjå at dei budde der samtidig med Ole og Gjøde frå 1766 til 1769. Ole og Gjøde kom dit i 1766. Tilfeldig? For meg verker det som ho kan vere syster hans, og han Anders muligens er den Anders Midtgulen som var fadder til Ole og Gjøde si dotter Anne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er ein svært interessant teori. Tilknytinga til Hestenes kan vere vanskeleg å finne, men kanskje kjem løysinga fram i eit tilfeldig skifte ein eller annan stad. Dersom Ola verkeleg var utkommandert i marinen burde ein kunne finne spor etter han der, og kanskje eit spørsmål til statsarkivet i Bergen vil kunne føre til eit svar. Eg kjem til å prøve det.

 

Med denne siste opplysninga finn eg skiftet etter Mari Olsdtr Vindspoll i 1772. Kanskje finn ein leietrådar i fadrane til borna hennar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tilbake til Ola Andersson som er nemnt av Rune Thorstensen - står det noko om fleire born i bygdeboka?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I følge bygdeboka hadde Ole og Marie 3 barn.

 

1. Kari f.1737 gift med Gunnar Persson, uvisst hvor de bosatte seg.

 

2. Marie født 1738 ingen flere opplysninger om henne

 

3. Oline f. 1751 død 1819 gift med neste brukar Rasmus Tueson f. ca. 1722 på Holmen- død 1819 på Grotle Ytre.

 

For egen regning kan jeg legge til at jeg nok synes det er et vel langt tidssprang mellom barn nr. 2 og 3. Her bure det jo være reikelig med tid for flere barn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk, då trur eg at eg har løyst problemet med Mari Olsdtr Grotle og odelsretten på Hestenes - eg har i alle fall ein teori. Dette er altså ikkje den same som vart gift til Mulehamn, og kastar dermed heller ikkje noko lys over Ola Vindspoll, men det er godt for alt som kan bli rydda i!

 

Teorien er som følgjer: Bygdeboka for Gloppen skriv om Knut Pederson Hestenes at han hadde berre 2 born i live ved skiftet etter mor deira. Men det finst ikkje skifteprotokollar i Nordfjord for det aktuelle året (1737), berre skifte-ekstrakt, som stort sett inneheld berre dei umyndige arvingane. Dermed har vi 2 døtre etter Knut som kan ha levd opp, nemleg Malene og Mari.

 

Denne Mari Knutsdtr gifter seg då med Ola Andersson Grotle, og er mor til Mari Olsdtr som overtek garden på Hestenes. (Bror til Knut, Ola Pederson, budde på Grotle, men hadde ikkje born). At Oline Olsdtr Grotle også gifter seg med ein frå Gloppen (Holme) er eit nytt teikn på det tette sambandet mellom desse områda. Det er lett å tenkje at dette er stader som ligg langt frå kvarandre sidan vi brukar forholdsvis lang tid med bil og ferjer i dag, men med god unnavind i segla er det snakk om ein ettermiddagstur med ein brukande båt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.