Gå til innhold
Arkivverket

Kirstina Jensdotter Kvam, Hafslo (1861) - forsvinn på 1880-talet med bestemori Elisabeth (1812)


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Husmann Jens Pederson Kvam (Moene) døydde i Hafslo 27.2.1882 og er kalla "gift fattiglem" (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6866&idx_id=6866&uid=ny&idx_side=-18). Kona hans var:

 

Elisabeth Jensdotter Kvam (Moene), fødd på garden Lad og døypt i Hafslo 26.7.1812. Jens og Elisabeth budde 1875 i lag på husmannsplassen Moene under Kvam i Hafslo, men Elisabeth er ikkje sidan å sjå i Hafslo, korkje i 1891 eller i 1900. Og ho er ikkje nemnd i dødsfallsprotokollane for Hafslo.

 

Jens og Elisabeth fekk tre born i lag, ei dotter døydde ung, ei onnor dotter utvandra tidleg til Amerika, medan sonen Jens Jensson budde på Moane under Kvam i lag med foreldri sine der han døydde alt i 1875. Denne sonen var gift og hadde fire born, ein son som utvandra i 1888, og tre døtrer, to som vart buande i Hafslo, og so denne jenta:

 

Kirstina Jensdotter Kvam (Moene), fødd i Hafslo 9.9.1860. Ho levde i 1875, men er ikkje sidan å sjå i Hafslo, korkje i 1891 eller i 1900. Ho er heller ikkje i dødsfallsprotokollane for Hafslo.

 

Me har sett fleire døme på at unge jenter frå indre Sogn, særleg i 1880-åri og 1890-åri, flytte heimefrå, gjerne austafjells, for å arbeida som sjukepleiar, jordmor eller lærar, og eg ser ikkje bort ifrå at det òg kan ha vore tilfellet med unge Kirstina, berre med ein forskjell: Tok ho òg med seg bestemori då ho flytte? Eg har saumfare FT1900 og FT1910, men ikkje alltid er fødselsdatoane korrekt oppgjevne, og som fødestad kan det stå so mangt...

 

Det hadde vore kjempeflott om me kunne funne desse damene for å få dei med i bygdeboki før me går til prenting, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Etter mykje arbeid har eg no funne att Kirstina Jensdotter Kvam - i Amerika. Ho gifte seg i Freeborn Co., MN 13.10.1890 med John H. Logemann frå Tyskland. Dei slo seg ned som farmarar i Worth Co., IA der Kirstina "Christine" døydde 10.4.1941.

 

Nekrologen hennar fortel oss at ho var 18 år då ho utvandra til Amerika, men folketeljingane frå 1900, 1920 og 1930 oppgjev alle 1881 som utvandringsår, medan folketeljingi frå 1910 oppgjev utvandringsår 1884!

 

Mannen John er i alle folketeljingar oppgjeven ha utvandra i 1883!

 

So er spørsmålet: Kvar gøymer denne utvandringi seg? Og, reiste ho i lag med bestemori Elisabeth?

 

Eg står fast og takkar på ny for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for kjempeflott innlegg! Eg har ikkje oppdaga denne utvandringi grunna fødestaden, men det er klart; det må vera ho, tross alderen!

 

Då er problemet med utvandringi hennar løyst, og det ser ikkje ut til at bestemor Elisabeth utvandra i lag med ho, so kvar Elisabeth gjorde av seg, er framleis eit problem...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finner dette dødsfallet i Alversund, men problemet er at denne Elisabeth er født i 1816 og er fra Bergen og er pige....

 

Hordaland fylke, Lygra i Alversund, Klokkerbok nr. B 3 (1881-1896), Døde og begravede 1896, side 147.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1896&idx_id=1896&uid=ny&idx_side=-107

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050829010184.jpg

 

Finner dette dødsfallet i Alversund, men problemet er at denne Elisabeth er født i 1816 og er fra Bergen og er pige....

 

Hordaland fylke, Lygra i Alversund, Klokkerbok nr. B 3 (1881-1896), Døde og begravede 1896, side 147.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...y&idx_side=-107

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...50829010184.jpg

 

Og her er vel samme damen i fattigmanntallet for Bergen og da kan vi utelukke henne:

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=fg12011864&personpostnr=5918&merk=5918

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for freistnad på å finna lagnaden til Elisabeth Jensdotter frå Kvam.

 

Det er nok mogeleg at Elisabeth vart "bortsett" i Hordaland, men meir truleg er det at ho gøymer seg ein eller annan stad i Sognafylket. Kanskje er ho på Kyrkjebø eller i Hyllestad?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.