Gå til innhold
Arkivverket

Hans Halvorson Dalberg, fødd i Volda 1785, budde Laksevåg (Bergen) 1821, ein son til Buksnes - kvar vart det av resten av denne huslyden?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette temaet tek utgangspunkt i tema #54663 frå det gamle Brukarforum (http://forum.arkivverket.no/topic/140082-54663-hans-halvorson-dalberg-f-volda-1785-1819-fana-1821-gyldenpris-askoey-so/page__hl__%2Bvolda+%2B%F8yane__fromsearch__1), som framleis står som uløyst!

 

Eg gjer med dette ein siste freistnad på å finna lagnaden til:

 

Hans Halvorson Dalberg, døypt i Volda 17.4.1785

gift i Fana 12.4.1819 med

Synneva Lassesdotter Alme, døypt i Hafslo 23.11.1794

 

Dei budde i 1819 på Sælen i Fyllingsdalen (Fana) der sonen Halvor var fødd 13.5.1819

 

Dei budde i 1821 på Gyldenpris, Laksevåg (Askøy) der sonen Lars Olai var fødd 11.3.1821

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Den einaste eg ser att av desse, er sonen Halvor. Han får først eit "uekte" barn i Buksnes i 1848. Då heiter han Leknæs (etter garden med dette namnet i Buksnes), og same namnet hadde han då han i 1851 fekk nok eitt "uekte" barn! Denne siste barnemori vart kona hans i 1860, og dei budde på Kyllingdal i Buksnes levetidi ut.

 

Ser ein på alderen til mori Synneva, skulle ein tru at ho godt kan ha fått fleire born etter 1821 (då var ho berre 25!), men kanskje ho døydde kort etter Lars Olai kom til verdi? Eller døydde Hans Halvorson, og Synneva har gift seg att?

 

Alle gode tips vert mottekne med stor takksemd!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Rune for imponerande og spennande innlegg. Eg trur du har funne dei rette folki, og dette forklarar at dei ikkje fekk fleire born i lag! Det er sjølvsagt mogeleg at Synneva fekk fleire born, men i so fall har dei vore "uekte"... (?).

 

Kanskje Lars Olai òg døydde i heilt ung alder på Gyldenpris?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg klarer dessverre ikke å fine Lars Olai igjen, verken blant døde i Bergen eller i 1865 landsdekkende søk. Han kan selvsagt ha ungått mine øyne og skjule seg et sted i kildene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.