Gå til innhold
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

Gloppen SF: Ola Andersson Frøystad med familie - nokre spørsmål

Recommended Posts

Aase R Sæther - Gloppen

Med bakgrunn i denne tråden set eg meg ned med ei ny gloppe-nøtt, og vil gjerne ha hjelp til å finne løysingane.

 

Ola Andersson Frøystad inngår ekteskap i 1724med Magdeli Jondtr Henden, og dei får dottera Kristi same år. Etter det blir det merkeleg stillle i kyrkjeboka lenge, før eit nytt barn Anne i 1733. Som ein ser er ikkje namnet på mora til barnet nemnt på denne tida - kvifor skal ein no kaste vekk dyrt blekk på slike detaljar..

 

Det kjem fleire born - Anders i 1734 (død same år), Brite og Gjøde i 1735, og Kari i 1739. (Perioden 1736-38 er dessverre ei lakune).

 

Etter det blir det stilt. Eg har ikkje dødsår på verken Ola, konene eller borna, bortsett frå Anders.

 

Og eg skriv konene, fordi eg ser det som utelukka at Magdeli kan vere mor til alle borna. Ho er nemnd i eit skifte etter farbror sin i 1698, og etter rekkjefølgja å døme er ho eldst av tre systre. Far deira, Jon Hansson Henden d.y. må vere død før 1686, då kona hans, Kristi Kristendtr gifter seg på nytt dette året.

 

Eit kalkulert fødselsår for Magdeli kan dermed vere rundtom 1680-82, og ho vil då vere nesten 60 år og forbi all barneproduksjon i den perioden dei yngste borna til Ola Andersson blir fødde.

 

Så spørsmåla gjev seg sjølv: Kven var Ola Andersson Frøystad gift med etter Magdeli? Og kvar blei det av familien?

 

Eg takkar på førehand for tips.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eg tek med ei lenke til 1701-manntalet. Her er Anders Knutson Frøystad, 49 år gammal, med sønene Johannes og Ola, 9 og 7 år gamle. Eg har som utgangspunkt at dette er "min" Ola Andersson.

 

Det finst ei dåps-innførsle for Anders Knutson Frøystad sin son Oluf i 1687, men denne må truleg ha døydd liten - kyrkjeboka er langt frå fullstendig i desse åra. Eg brukar i alle fall ca 1694 som fødselsår for den mannen eg leitar etter.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eg sit og studerer bygdeboka og ser at det truleg er ei samanblanding her. Borna eg nemner i fyrste innlegg -

 

Anne i 1733, Anders i 1734 (død same år), Brite og Gjøde i 1735, og Kari i 1739 -

 

er også nemnde ein annan stad i bygdeboka, nemleg på garden Årdal, br.nr 2, som borna til Ola Andersson Årdal og Ågåte Jakobdtr Rygg.

 

Det kan kanskje tyde på at "min" Ola Andersson har reist frå bygda med kona Magdeli og dottera Kristi etter 1724. Eg får studere vidare.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Skiftet etter Ågåte Jakobsdtr Vinsrygg (Årdal) viser at det er ho som truleg er mor til alle borna eg nemner her - kan det ha vore hennar mann Magdeli var gift med? Dette tek til å bli forholdsvis komplisert!

 

Nei - gløym den teorien! Denne Ola Andersson Vinsrygg og Ågåte Jakobsdtr Rygg gifter seg i 1732, og Magdeli Jondtr Frøystad er omtala i skiftet etter mora i 1733. Det er to ulike Ola Andersson.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Mykje tyder på at Magdeli Jondtr si grein går ut. Systerdottera Marte døyr og blir skifta etter i 1765; då er Magdeli si grein ikkje nemnt blant arvingane; truleg er både ho og dottera døde før dette.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.