Gå til innhold
Arkivverket

S/Fj Kinn: Steinhovden. Kor kom familien frå


Egil Russøy
 Del

Recommended Posts

Eg leitar etter opphavet til ein familie på garden Steinhovden i Kinn i 1801. Det gjeld Hans Hansen 52 år og Margrete Olsdotter 45 år. FT 1801 Kinn Steinhovden

 

Det eldste kjente barnet deira er Bendic 17 år, og dermed fødd kring 1784. Det finnes ikkje kirkebokregistreringar for åra rundt 1784, og dermed er det ikkje mogeleg å sjekke ut om han er fødd i Kinn. Dersom Hans og Margrete er gifte i Kinn, vil det av same årsak ikkje være mogeleg å finne det ut.

 

Eg har ikkje funne nokon god kandidat verken for Hans eller Margrete når det gjeld dåp i Kinn. Truleg er dei då fødde ein annan stad. Deira nest eldste barn Marta er 14 år i 1801, og skulle såleis være fødd kring 1787, og då er det kirkebokregistreringar i Kinn. Når ho ikkje er å finne der, så må ho være fødd ein annan stad. Første barnet eg har funne i Kinn, er Birte Johanne f. i 1790 på Steinhovden.

 

Eg vil anta at Hans og Margrete då har gifta seg ein ukjent stad før 1784, og at dei flytta til Kinn mellom 1787 og 1790.

 

Eg er altså på jakt etter opplysningar om kor Hans og Margrete (og Bendic og Marta) kom frå, og kven som foreldra deira.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei,

 

Hans Hansson kom frå Hegranes i Jølster og Margrethe Olsdotter kom frå Stranden i Jølster. Dei blei gifte på Jølster 06.06.1783, og eg har registrert 7 barn etter dei.

 

Mvh. Leif Øren

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk til Ann-Mary og Leif. Jølstringar altså.

 

Leif: Sidan eg berre har 6 barn (Dei to som då vel er fødde i Jølster og Birte Johanne, Birte Margrete, Anders og Anne Katrine), så manglar eg vel eit barn (var vel sikkert ein Jølstring det også då).

 

Har du namn og fødselsår på den eg manglar?

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei,

 

Eg har også Andreas Luvice registrert som barn til Hans Hansson og Margrethe Olsdotter. Barnet blei døypt 26.12.1795. Eg er usikker på om dette er ein gut eller ei jente, då fyrste namnet er gutenamn og andre namnet er jentenamn. I databasen over døypte i Kinn 1785-1814 er barnet ei jente. Uansett kjønn må barnet være dødt før 1801, med mindre namnet då er forandra.

 

Mvh. Leif Øren

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for tilbakemeldinga Leif.

 

Eg trur kanskje Ludvice er ein skrivemåte for Ludvik, altså Andreas Ludvik.

 

Eg ser no at Anders (f. 1794), truleg dør i 1795. I alle fall er det ein Anders Hansen Stenhovden som blir gravlagd i april 1795 (trur det står 6.) 1/2 år gamal.

 

I så fall må det være Andreas Ludvik som er blitt til Anders i 1801. Alderen 5 år stemmer jo også betre med at han er fødd på slutten av 1795. Det er i tilfelle ikkje første gangen eg har sett at dei har veksla på desse namna.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Til # 5 og 6: Det står, slik eg les kyrkjeboka: "Hans Hansens Steenhovdens og hans Huustrues Margrete Ols Datters lil[le?] S. [dvs. Søn] N. Andreas Ludviic".

 

Kjønnet er altså feilregistrert i databasen, og det er definitivt ingen -e i det siste namnet.

 

Helsing Torodd

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for meldinga Torodd.

 

Eg har ikkje sjekka ut kyrkjeboka tidlegare (Denne Anders/Andreas er i seg sjølv ikkje så interessant), men du har nok heilt rett i namnetydinga.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.