Gå til innhold
Arkivverket

[Løyst] Foto – ukjent stad og statue med mann på sokkel


Anfinn Bernaas
 Del

Recommended Posts

Dette har eg prøva før utan å ha hellet med meg, men no snart fire år seinare prøvar eg igjen. Eg fann jamvel innlegget att i arkivet til det gamle forumet som nummer 60198:

 

Kan nokon hjelpe meg med dette fotografiet i eit av albuma etter dei avdøde foreldra mine? Den unge mannen framfor statuen skal vera Herbjørn H. Lurås f. 1915 i Austbygde i Tinn. Biletet er truleg teke om lag 1935–40, men ikkje i Tinn. Bygningen i bakgrunnen skaper assosiasjonar til landbruksskule eller folkehøgskule for meg, men det kan vera eit blindskot.

 

Statuen skulle vere eit særs handfast utgangspunkt for å lokalisere fotostaden. Eg er ikkje sikker på kven som står på sokkelen, men har tenkt på både Christian Krogh og Svend Foyn. Viggo Ullmann tenkte eg også på, det kan minne litt om han. Men kor skulle det vere naturleg å setje Kristiania-mannen Krogh på sokkel i landlege omgjevnader som her? Krogh sit elles som kjent på Dassloket ved Karl Johan. Foyn må vel stå i Tønsberg-området, og Ullmann står i Seljord. Eg har ikkje fått klaff med mine eigne framlegg når eg har søkt på nettet etter desse karane.

 

Når eg forstørra opp biletet kan det verke som om det står ein H til slutt i eit namn på sokkelen. Men det kan også vera ein N. Resten av namnet er dessverre skjult av den unge mannen.

 

Nokon som kjenner seg att, eller som kjenner mannen på bautasteinen?

 

Det er elles å seie at statuen må vera uvanleg høg, kanskje omkring 3 meter, på toppen av ein steinsokkel på rundt 2 meter. Det blir sanneleg heile 5 meter totalt.

post-134-0-68956000-1337027178_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her har vi statuen av Johan Hirsch, direktør ved landbrukshøgskolen på Ås - derav de landlige omgivelsene

http://www.umb.no/pa...l/hirschstatuen

 

Takk! Dette er nesten ikkje til å tru. I alderen 20-24 var eg student på Noregs landbrukshøgskule, og må ha sett denne statuen eit utal gonger. Men kjenne han att? Nei. Tankane var nok andre stader den gongen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.