Gå til innhold
Arkivverket

Eit innhaldsrikt skifte på Isehaug i Nordfjord - ynskjer hjelp til å pusle saman innhaldet


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

I dette skiftet etter Magnhild Sakariasdtr, fødd på Torheim, blir det nemnt ei mengde arvingar. Eg har ramla av fleire gonger undervegs, og skulle gjerne hatt hjelp til å finne ut av det.

 

Arvelataren er utan livsarvingar, og det blir nemnt fleire sysken og deira arvingar. Eg skal prøve meg på ei oppstilling av det eg trur eg finn. Eg veit ingen alder på Magnhild, men om eg som eit utgangspunkt seier at ho er 60 år og dermed fødd ca 1645 kan ho vere dotter til Sakarias Pederson på br nr 2 på Ytre Torheim - dette namnet har eg henta frå bygdeboka, der det også står at han har kona Magdeli og dottera Synnøve i 1646 - det er vel kanskje koppskatten.

 

Som sysken til Magnhild finn eg i skiftet fyrst brørne: Erik Sakariasson, død, Kristen Sakariasson, død, så systrene: Ragnhild, tydelegvis i live, Synnøve, død, Anne Sakariasdtr, død, Marte Sakariasdtr, død.

 

Eg kjem tilbake med meir seinare i dag.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eldste bror Erik Sakariasson er død. Han har etterlate seg Jakob Erikson, Synnøve Eriksdtr gift med Rasmus Olsson Bjørhovde, og Else Eriksdtr gift med Valdemar Myklebust.

 

Synnøve Eriksdtr Bjørhovde har eg i basen min frå før; ho føder born på 1690-talet og kan vel kanskje vere fødd rundtom 1660. Eg har også fleire Valdemar Myklebust, men veit ikkje kven av dei det kan vere - om det i det heile er ein av dei og ikkje ein som er ukjend for meg.

 

Kva gard skal vi plassere Erik Sakariasson på, og kva meir veit vi om borna hans?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Andre bror Kristen Sakariasson er også død, og etterlet seg Sakarias, Erik, Peder og Kristi Sakarias(!)søner og døtre. Dette er nok skrivefeil for Kristensøner og -døtre. Kvar skal vi plassere denne familien?

 

Over til systrene - Ragnhild Sakariasdtr er truleg ugift sidan ho ikkje er omtala med mann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På bruk nr 1 på Myklebust Eid Valdemar Pedersen gm Else Erichsdtr. Isehaug, på samme bruket Erik Sakariassen f 1608 br. 1646.I 1666 er Erich 58 år, med sønnene Oluff 16 og Jacob 3 år. På Skareide i Starem er Kristen Sakariassen f, ikr 1640 be. fra 1664, død 1694, i 1701 er en Zacharias Chri. husmand på Mørkesettr. Rune

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for svar så langt! Eg kombinerer skifte-lesing med litt vår-vinne, så eg har ikkje fått lese gjennom alt endå - får sjå kva eg rekk utpå kvelden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Andre syster er Synnøve Sakariasdtr, død og etterlatande seg tre søner (ikkje namngjevne) og 1 dotter ved namn (Karen?) Markvardsdtr, død og etterlatande seg ei dotter. Desse opplysningane kan stemme med brukar-rekkja på Torheim i følgje Davik bygdebok.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tredje søster salig Anne Sakariasdtr Myklebusts etterlatte 4 born, nemleg Anne Myklebust med mann Kristen Sigdestad; salig Kristen - eg les vel eigentle Kristi, men det står utan tvil Sjursons etterlatne 3 born, salig Synnøve Vik sine 2 born, og salig Marte Andersdtr ytre Isane sine etterlatne 3 born.

 

Her må det vere råd å finne fram til fleire namn. Denne siste kunne kanskje vere kona til Ola Rasmusson Isane, men i følgje skiftet etter han i 1715 er der 3 born.

 

Fjerde syster er Marte Sakariasdtr, død og etterlet 3 born i Sogns Fogderi. Denne kan vel vere verre å lokalisere.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gunnar Storlesar - kva er det den salige pige har bekiendt på sit yderste? Har ho tuska til seg noko?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:)

 

 

Hvad sig dend Sl. Pigis 4de Sl. Søster Marette Zacarias Datter boende i Sogns Fogderjes 3de effterladte Børns lod angaar, da beretter dend Dannemand Zacarias yttre Issen og den Danne qvinde Mette Anders Datter Issehouen at dend Sl. pige paa sit yderste bekiendte at bem[eld]te hendis Søster Sl. Marette Zacarias Datter var schyldig hende udj 1 Kaaber Kiedel 3 rdlr., som dend Sl. pige tilhørte, derforuden Sagde bemte. Mette Issehouen, at dend Sl. pige bekiendte at meerbem[eld]te Sl. Søster Sl. Marette Zacarias Datter var hende pligtig 1 oplandzaaklæde, hvorfore bemte. Sl. Marette Zacarias Datters effterladte Børn ej noget paa sin Moders veigne udi arf effter hende kand bekomme, men boens[?] 3 rdlr. og det oplansche aaklæde, som den Sl. Moder til boen var schyldig for sin Lod tager og annammer.- [& c.]

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ad # 8:

 

Den 3. systra, Anne Zacariasdatter Myklebust har 4 born. Ho har vore gift 2 gonger, for borna hennar, dei som er nemnde med patronym, er Anne Andersdatter, som er gift med Christen Sigdestad, og Marette Andersdatter Ytreisane, og Christen Sjursen; far hennar Synneve i Vik er ikkje nemnd...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det står vel ikkje Anne Andersdtr, men det er vel ingen andre kandidatar her enn Kristen Rasmusson Sigdestad, og hans kone veit vi heiter Anne Andersdtr. (nemnd i skiftet etter Kristen).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kva med Marte Andersdtr Isane - er der andre kandidatar enn Ola Rasmusson si kone? Der er som sagt 1 barn meir enn det dette skiftet nemner. Denne Marte sin son Anders overtek det aktuelle bruket på Myklebust så vidt eg kan sjå.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når det gjeld Synnøve i Vik ser eg på ein kar som heiter Elias Nilsson Vik som det er skifte etter i 1705 - han har to søner Lars og Nils etter seg, med forrige avdøde kone. Berre så han er nemnt. Moderarven til Lars og Nils Eliassøner blir forvalta av Kristen Sigdestad.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I bygdeboka står det berre at Elias var fyrste gongen gift med ei Larsdotter; andre gongen med Lisbet Jørgensdatter Høynes. Enkja Lisbet blir oppattgift med Rasmus Kristensen Sigdestad...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.