Gå til innhold
Arkivverket

Jølster - Bergen: Amerikanarar på slekts-leiting


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Eg har fått i oppdrag å lokalisere eventuelle slektningar av nokre forbireisande amerikanarar - skulle det tilfeldigvis vere nokon som har opplysningar om denne familien si etterslekt?

 

Det gjeld Lars Nilsson Myklebust, fødd ca 1832 i Jølster, flytta til Bergen der han døydde i 1875. Han etterlet seg kona Mette, og borna Nils 1863, Rikard 1865, Martin(us) 1868, (Lyder f.og d 1871), Mathilde, 1873 og Laura 1876 - den siste fødd etter at far var død.

 

Eg leitar vidare etter opplysningar, men som nåla i høystakken - skulle det vere nokon som allereie kjenner denne familien er det fint, for eg arbeider under høgtrykk her!

 

Eg finn Mette i 1885-tellinga med 3 born.

 

Eg finn henne også i 1891-tellinga, då kalla Mette Nilsd, bur saman med sonen Rikkardsom er sinnsvak frå fødselen, og dottera Laura.

 

Familien sitt ynskje er todelt - å finne garden dei stammar frå, det er for så vidt på plass, men også å finne "nære" slektningar; det bør då vere etterkomarar etter desse nemnde syskena.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk! Nei, så langt var eg ikkje koma. Dette tyder på slekt etter Mathilde, men kanskje ikkje etter Laura.

 

Det var forresten eldstemann Nils som emigrerte og vart opphav til den familien som no er på leiting.

 

På DIS-norge sine gravminne finn eg mann og dotter av Mathilde

 

221049 Peder Johan Mortensen 0112 1871 0909 1953 m Grønneviken N00 Vis Møllendal Bergen korrigering.gif 221050 Signe Mortensen 2703 1906 2804 1993 k Grønneviken N00 Vis Møllendal Bergen

 

Denne steinen tyder på at han er gift med ei anna etter Mathilde.

 

Og så var det Arthur 236165 Arthur Mortensen 1401 1902 2205 1993 m Møllendal N10 43 45 Vis Møllendal Bergen

 

Eg veit ikkje om desse lenkene varer så lenge.

 

Eg har spurt statsarkivet i Bergen om eventuelle skifteopplysningar om Signe Mortensen, som ser ut til å vere ugift.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fint - kanskje nærmar den nære slektningen seg - ? Det er vel for seint på dag til å få tilbakemelding frå Statsarkivet i dag; sjå mitt siste innlegg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for flott innsats både her og i private meldingar! Ser ut som eg kan kome veldig nær levande slektningar - artig.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for flott innsats både her og i private meldingar! Ser ut som eg kan kome veldig nær levande slektningar - artig.

 

Aase: det er ikkje tilfelle at lenka til Gravminnene ikkje "varer", det er berre det at du etter ei stund (etter lenka er laga) må klikka to gongar på lenka, då får du opp biletet :-)))

 

Berre prøv :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.