Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Carl Christian William Simonsen (1869-1923) - dansk bakarsvein i Christiania - vigsli hans? - ein son?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette temaet er eit framhald av tema #79530 frå det gamle Brukarforum (http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=79530&sok=Simonsen+%D8yane&nr=1&antinnlegg=16&startnr=&antall=&spraak=n#anker).

 

Etter at dette temaet var oppe til drøfting hausten 2010, er FT1910 komen, og her er huslyden i 1910, busett på Fagerli i Austre Aker: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036372026356

001 01 William Simonsen 01.10.1869 Danmark hf g Bagersvend f 002 01 Marie Simonsen 01.08.1868 Bergen hm g Husgjærning b 003 01 Ferdinant Simonsen 30.04.1906 Aker s ug Mindreaarig b

 

Me har tidlegare funne dødsmeldingi etter bakar Simonsen frå 1923 (sjå det gamle tema), men der var det ikkje tale om nokon son Ferdinant! Kva skjedde med Ferdinant? Var han son deira, eller berre ein "foster"son?

 

Elles saknar eg framleis:

 

* Dato og stad for vigsli til Carl Christian William Simonsen og Karen Marie Hermansen - truleg i Christiania mellom 1891 og 1900?

 

* Dato og stad for dødsfallet til Karen Marie Simonsen - etter 1923?

 

Er det mogeleg å komma nærare svar på desse problemi?

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
erling t endresen

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...y&idx_side=-176

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...30310411.jpgHer dør Ferdinand Marinius Simonsen f 1906, sønn til bager William Simonsen.

 

Ja, han var en pleiesønn, se anm. t.h. i margen

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...y&idx_side=-185

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...60301020524.jpg

 

jf. denne, her står begge pleieforeldrenes navn:

 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...y&idx_side=-352

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...60921010760.jpg

 

Jeg finner konditorsv. Carl Simonsen i Akers gd 35 Bb4, i 1904, men ikke i 1903 og 1905, kanskje du har det.

Men så var det ekteskapet, da.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Erling for spennande og svært nyttig innlegg!

 

Då har me fått ei stadfesting av at Ferdinant var ein fosterson.

 

Når det gjeld dødsfallet til Karen Marie Simonsen, f. Hermansen, så har me leitt grundig etter det før, utan resultat, men det er vel ikkje urimeleg å tru ho kan vera avlidi i Aker, eller den delen av Oslo som ligg utanfor den gamle bygrensa, og der er det jo ein "mosaikk" utan like...

 

Med omsyn til vigsli, vil eg avgrensa den til 1891-1900. Carl Christian William Simonsen var ugift bakarsvein i Bergen ved FT1891. Me finn han ikkje nemnd i 1900, men hann kan jonha vore mellombels på tur til Danmark? Derimot har eg ein sterk mistanke om at denne "fru Simonsen", fødd i Bergen 1868, busett i Christiania, men med mellombels opphald i Øvregaten 19 i Bergen 1900 (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=f01301&gardpostnr=5765&personpostnr=26423&merk=26423#ovre) svært godt kan vera "vår" Karen Marie!

 

Nei, lett er ikkje dette problemet å løysa, men kva einaste vesle detalj vert tiljubla med stor takksemd!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×