Gå til innhold
Arkivverket

Peder Laurits (Johanson) Øhre, fødd Norderhov 1883, konfirmert Hønefoss 1898 - kvar vart det av han? - til Christiania?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Peder Laurits Johanson Øhre, fødd på Ødegarden i Norderhov 30.6.1883, var son av Johan Larsson Øhre frå Øyre i Sogndal (1852-1923), vognmann og bybod på Hønefoss, og kona Christina Pedersdotter Quam frå Kvam i Hafslo (1847-1910).

 

Det siste me ser til Peder Laurits Øhre er konfirmasjonen hans i 1898 i Norderhov sokn av Norderhov prestegjeld i 1898 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4187&idx_id=4187&uid=ny&idx_side=-200). Føre namnet hans har presten skrive ein kross, som eg tolkar slik at Peder må vera avliden, men eg finn ikkje noko dødsfall i Norderhov eller på Hønefoss korkje for Peder Laurits eller for nokon av dei to andre ungdomane skrivne ved sidan av Peder i konfirmasjonslista med liknande krosser! Merkeleg!

 

Eg finn heller ikkje Peder Laurits Øhre korkje i FT1900 eller i FT1910!

 

Etterkomarar etter søskeni hans kjenner ikkje til Peder Laurits i det heile, so me kan vel gå ut ifrå at han døydde tidleg, men spørsmålet er KVAR og KVA TID?

 

Han hadde tre eldre søstrer:

 

* Metta Marie Øhre (1872-1961), var hotellarbeidar og budde i Christiania (Oslo), ugift.

 

* Øllegaard Øhre (1875-1930), gifte seg i Christiania i 1896 med Knut Sjønnesen og budde der - åtte born.

 

* Johanna Øhre (1880-1946), gifte seg i Norderhov i 1903 med Anton Koksrud og busette seg i Hole - åtte born.

 

Kan Peder Laurits ha følgt dei to eldste søstrene sine til Christiania og vera avliden der?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

http://digitalarkive...&merk=6687#ovre

 

Er dette mor og sønn? Du nevner ikke en bror Lars, er han identisk med Laurits, med feil f. data oppgitt?

 

Nei, det var visst feil

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036457001784

 

Men hva med denne da, fødested er feil

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f00301&personpostnr=198795&merk=198795

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Erling for nytt innlegg.

 

Eg utelet Lars "med vilje". Han gifte seg i 1909 og var barbermeister på Hønefoss til han i 1924 flytte til Oslo. Eg har eit anna problem med denne Lars! Han vart skild frå kona si og flytte til Ski der han skal vera avliden kring 1955-1960, men eg har ikkje vore i stand til å finna dødsfallet hans!!

 

Elles ville eg leggja til at Øllegaard Sjønnesen fekk ein son Peder i januar i 1900 - kan han vera oppkalla etter broren Peder Laurits? (http://www.rhd.uit.n...bnr=0001&lnr=11)

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har du sjekket i dødsfallsprotokoll/skifteprotokoll hos sorenskriveren eller dødsfallsmeldingene hos lensmann når foreldrene dør i 1910 og 1923.

noen ganger står notater om fraværende/døde barn.

 

Tom

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Tom for nye spennande meldingar!

 

Med dette er dødsfallet til Lars Øhre på plass, og det er berre dødsfallet til Peder Laurits som manglar. Eg meiner dødsmeldingane etter foreldri vart sjekka i si tid, men det er i so fall lenge sidan, og eg er ikkje 100% sikker... Og dei ligg ikkje ute på nettet...

 

Men uansett, alt tyder på at Peder døydde alt før 1900...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.