Gå til innhold
Arkivverket

Gardsnamn i Naustdal, Sunnfjord, lesehjelp - !


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Ein skal ikkje langt utanom eige kjerneområde før det blir vanskelegare å vite om ein les stadnamna rett. Kan nokon med lokalkunnskap hjelpe meg med kvar avdøde Jens Steffenson og arvande sysken bur i dette skiftet?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg meinar der står: " ... den gaard Bonestøl i Førde Sikibrede og Nøsdal sogn beliggende...."

 

Garden er og skriven Bunestøl. Er ikkje sikker på om det er det namnet dei brukar idag (kan det være same som Buarnes ?)

Andre meir kjende eller nokon som har bygdeboka kan sikkert gje svar på det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her skjer det ting medan eg er på butikken og handlar til helga - mange takk for gode tolkingar! Eg meiner å sjå at far til denne barneflokken må vere Steffen Ananiasson Ommedal, og med nær tilknyting til Gloppen skal dei inn i basen min.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Frå BB Naustdal om gnr 92 Øvrebø:

 

Gardsnamn: "Matrikkelnamnet på garden er Øvrebø, men i eldre kjelder er garden jamnast kalla Bunnestølen, som òg er det vanlegast nytta namnet på garden i bygdemålet ...... Albert Joleik knyter namnet (Bunnestølen) til Buanes og meiner Bunnestølen opphavleg var støl under Buanes".

 

Eg har ikkje funne noko om denne Jens Steffensen under Øvrebø.

 

Så vidt eg kan sjå i skifte, så finn vi nr. 6 Kari Steffensdtr gift med Morten Espeland. I BB Naustdal om garden Espeland finn eg Martin Simonsen gift 1731 med Kari Steffensdtr f. kr. 1712 på Svoa bnr. 1.

 

I BB Naustdal om garden Svoa finn vi: Steffen Nilsson f. kr. 1687 d 1742. Kona må ha ætta frå Øvre Kalland, for i 1792 vitna sonen, Ananias, og fortalde at han i 14-årsalderen var gjetlegut hjå bestefar sin på Øvre Kalland. Av barna:

Kari f. kr. 1712, gift 1731 med Martin Simonsen Espeland.

Jens f. 1721, d. 1749 på Øvrebø

 

Dette kan vel kanskje vere noko avklarande (Eg har ikkje sjekka ut noko av desse opplysningane)

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Interessant. Eg ser skiftet etter denne Steffen Nilsson med alle dei 12 borna, men vil likevel ikkje heilt sleppe taket i teorien om at han burde vere ein Ananiasson Ommedal. Dottera Anne har Torgeir Ananiasson Ommedal som formyndar i skiftet etter Jens. Anne gifter seg seinare med Torgeir sin son Ananias, og må ha ekteskapsløyve på grunn av at dei er i slekt i forbodne led.

 

Steffen Ananiasson Ommedal er oppgjeven til å vere 12 år i 1701, og det passar med alderen som er oppgjeven ved død på "Steffen Nilsson".

 

Men med så sagt finn eg Steffen Nilsson Midtvatn i Naustdal i 1701, 14 år gammal, og endå meir passande i alder.

 

Dermed må eg vel reivdere teorien, er eg redd. Men korleis er då det forbodne slektskapet mellom Anne Steffensdtr og Ananias Torgeirson?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg trur eg ser koblinga.

 

Far til Steffen Nilsen på Svoa var Nils Olsen f. kr. 1645 på Svorstølen bnr 1 (iflg BB Naustdal)

 

Frå BB Naustdal om Svorstølen bnr 1:

"I 1657 finn vi fyrste brukaren på Svorstølen. Det var Ola, som var f.kr. 1613. Truleg var det same Ola som var brukar også i 1701, men då får vi vite at han heiter Ola Torgeirsen og var fødd kring 1605, d. 1703. Gift med Mildri Olsdotter. ......

Desse borna er nemnde i skiftet etter Ola:

- Ola f. kr. 1643. Bst. Grimset bnr 2

- Magli bst Ommedalen i 1703

- Nils f. kr. 1645, d. kr. 1697, bst Svoa bnr 1

- Ingeborg f. kr. 1648, d. 1729. Ho var truleg gift med Ola Larson Neset, bst. Neset bnr 1.

- Ei dotter, som var gift med ein Ananias (Men det kan tenkjast at Magli var gift med ein Ananias i Ommedalen"

 

Vidare finn eg opplysningar på Svorstølen om Ola Ananiassen som fekk bygsel av morfaren sin, Ola Torgeirsson, like før han døydde i 1703. Men syskenbarnet hans på Svoa gjekk til odelssøksmål, og var tildømd garden. ..... Ola Ananiassen var fosterson åt Ola og Mildri, dottersonen deira. Ola Ananiassen hamna seinare på Ospehogen bnr. 1.

 

Du får sjå gjennom dette, men truleg er det då slektskapen mellom Nils og Magli (evt. ei anna syster), som er aktuelt.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Stadig meir interessant. Magdeli Olsdtr Ommedal har eg som fadder nokre gonger i tida 1699-1703, men eg har ikkje greidd å plassere henne. Ho kan gjerne vere kona til Ananias Steffenson, med andre ord. Den forbodne slektskapen blir då i så fall tremenningar -

 

Der kan vere meir å hente i skiftet etter Ola i 1703, men eg må venje meg til skrifta fyrst.

 

Denne Ola Ananiasson som du skriv om bør då vere son til Magdeli Ommedal. Han er i så fall tald begge stader med 10 års alders-skilnad. I Ommedalen står det 20 s tiener i Sundfiord fogderie og sold og på Svorstøl står det 30 t er soldat - begge deler i avskrift, kan sjølvsagt vere feil ein av stadene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg kan ta med litt om Ola Ananiassen, dersom det skulle være av interesse (oppl. henta frå BB Naustdal om Ospehogen)

 

Han var f. kr. 1671 og død 1753.

Han var brukar på Ospehogen frå 1706-1730

Han blei gift med Pernille Jonsdotter frå Buanes bnr 1 (som då var nabogarden til Bunnestølen).

Dei fekk fem barn.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, takk for det. No har eg sett i originalen til 1701, og ser at det står tydeleg 20 år på Ola i Ommedalen og 30 på Ola på Svorstøl.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ved gravfestinga av Ole (Ananiassen) Ospehogen i 1753, er alderen oppgitt til 82 år (om eg har tyda den rett). Det gir ein alder på kring 30 i 1701.

 

(midt på høgre side).

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Førde, Ministerialbok nr. A 3 (1749-1764), Kronologisk liste 1753, side 31.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11404&idx_id=11404&uid=ny&idx_side=-31

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070227240693.jpg

 

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg ser i skiftet frå 1703 at Ola Ananiasson er omtala som fosterson, men der er også Ola Olsson, "den annen fostersønn". Kan vere son til Ola Grimset, kanskje?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg ser i skiftet frå 1703 at Ola Ananiasson er omtala som fosterson, men der er også Ola Olsson, "den annen fostersønn". Kan vere son til Ola Grimset, kanskje?

 

Det er vel ikkje utenkeleg. BB Naustdal har lite info. om sonen Ole som for til Grimset. Han ser ut til å ha vore drivar på Grimset frå 1662 til 1696. Han står ikkje oppført under Grimset i 1701, så truleg er han då død. Det finnes ikkje opplysningar om barn av Ole, men det er i BB antatt at han gifta seg med enka på garden, då han i 1666 står oppført med tre stesøner, som er søner etter den tidlegare eigaren. Så er det antatt at den neste eigaren Jens Olsen f. kr. 1671 er son av Ole. I FT 1701 ser eg at det også står oppført ein Mons Olsen 14 år på Grimset, som kanskje også er ein son av Ole.

 

Ellers er det mest opplysningar i BB om alle som Ole Grimset kom i konflikt med, mellom anna ein Jens Tøgersen (kan det være ein onkel), som Ole skal ha kome med ufine ord til, og sidan Jens "sat i kongen sin stad", så var vel ikkje det spesielt populært.

 

I 1701 på Svorstøl finn eg ein Ole Olsen 24 år oppført etter Ole Ananiassen. Det er vel truleg denne andre fostersonen, og det kan vel passe bra i forhold til alderen på Jens Olsen Grimset, dersom Jens då var eldste sonen.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for gravfestinga i 1753 - eg trur inntil vidare at dette må vere same mannen; aldersoppgåver kan vere svært omtrentlege, og er han oppgjeven til å vere 82 ved død er det rom for at han er ein god del yngre.

 

Sjølv slit eg med å frigjere meg frå mitt ungdommelege sjølvbilde for tida! 58 år og grå i håret - det merkast ikkje inni, men bonusbarnebarnet sette meg på rett plass i går: Du er så gammal at du er nesten død, du.

 

Ola Grimset er omtala som son i skiftet i 1703, og er neppe død då; han ville vel vore omtala med born i staden i så fall?

 

Eg ser elles at der er odelsgods i Fimland innblanda i skiftet, men korleis er vel ikkje så godt å vite.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, og beklager at jeg blander meg inn i debatten.

 

Alder er et relativt begrep Aase. Det er bare et tall.

 

Jeg har Ole Ananiasson i mitt slektsprogram. Og ble således interessert i denne debatten. Om jeg har oppfattet det rett (og det er det ikke alltid jeg gjør :-)), så var Ole dattersønn av Ole Torgiersson d. 1703 og Mildri Olsdtr. Vi vet ikke med sikkerhet hvem mora var og faren var en Ananias. Men hvem var egentlig denne Ananias?

 

Jeg har som dere skjønner ikke mye å bidra med, bortsett fra flere spørsmål.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er ikkje innblanding, det er debattinnlegg ;-)

 

Eg har plassert Ola Ananiasson som son til Magdeli Olsdtr Svorstøl gift med Ananias Steffenson Ommedal. Dei to strekane under svaret manglar, men eg har sett ein og ein halv..

 

Ananias har ein son Ola som tener i Sunnfjord i 1701. Magdeli Olsdtr Ommedal eksisterer i Gloppen rundt 1701. Ola Torgeirson har ei dotter som heiter Magdeli Ommedal, og ein tenar / fosterson som heiter Ola Ananiasson. Alderen på Ola og Ola skil 10 år, men det er ikkje noko stort problem.

 

Ananias har også ei dotter Mildri (som mor til Magdeli).

 

Blir vekke nokre timar, så manglande svar framover er ikkje manglande interesse - !

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vel, en og en halv av dine streker tilsvarer 12 av mine ;-)) Da havnet jeg i Gloppen igjen. Ikke rart at jeg likte meg så godt i området alle de 42 årene jeg hadde det som salgsdidstrikt.

Jeg skal følge debattene videre med stor interesse, og føler jeg at jeg har noe å bidra med, så hiver jeg meg på.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg fann litt meir opplysningar om denne odelstriden etter Ole Torgersen, som kanskje også har interessante opplysningar. Det er ganske omfattande, så eg tar berre med nokre utdrag.

 

Arvestrid om jorda (på Svorstølen)

Ola Torgerisen Svorstølen døydde i 1703. Han og kona Mildri, hadde hatt ein dotterson, Ola Ananiassen, som fosterson. Like før Ola døydde, let han dottersonen få bygsel på Svorstølen, og Mildri fekk kår av Ola Ananiassen. ..... Syskenbarnet hans på Svoa, Ola Nilsson, gjekk ... til odelssøksmål. Saka kom opp for lagtinget i Bergen i 1704. Eldste sonen åt Ola og Mildri, Ola Grimset, forklarte at han hadde fråsagt seg all rett til Svorstølen til brorsonen Ola Nilsson, mot at han fekk opphald og husrom for det. (Det må bety at Ole Grimset ikkje kan ha vore død før 1701, men må være den Ole Olsen 70 år, som bur på Svorstølen i 1701) ..... Då saka kom til endeleg domsavgjerd, viste Ola Nilsson til skiftebrevet etter Ola Torgerisson. Det synte at jorda var utlagd på Ola Nilsson som eldste soneson og broren Steffen, saman med eldste son, Grimset. Ola Nilsson sa at farfaren var mest 100 år gamal då han døydde, og "skal i barndom og af wanwittighed kort før hand døde hafue bortbøxlet". ..... Ola Ananiasson svarte til dette at han som dotterson hadde vore fosterson hjå Ola og Mildri. Og han hadde tent dei frå unge år og hatt tilsyn med morfaren i alderdommen. Difor var det av godvilje at bestefaren hadde bygsla jorda til han ..... Retten dømde etter lova, og Ola Ananiasson vart frådømd Svorstølen (flytta til Ospehaugen) ..... "

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Eg ser elles at der er odelsgods i Fimland innblanda i skiftet, men korleis er vel ikkje så godt å vite.

 

Det står litt om det i BB Naustdal også: (under Svorstølen): "Truleg hadde Ola tidlegare hatt bnr 1 på Svoa og bnr 1 på Fimland"

 

Under Fimland bnr 1a:

"Torgeir er nemnd fyrste gongen i 1618, siste gongen i 1654. ......"

Ola Torgeirsson er antatt å være son av han.

 

Under Fimland bnr. 1b:

"Ola Torgeirsson. ..... Han fekk bygsel på 36 merker etter far sin i 1639. Dette var truleg den Ola som bytte jord med askjel i 1635, og i så fall hadde Ola bnr 1 på Svoa nokre år. Frå 1645 til 1656 er brukaren berre nemnd Ola, og det er difor vanskeleg å vite kor lenge Ola Torgerisson faktisk var brukar. Kring 1655 hadde Ola både bnr 1a og 1b, men frå 1656 var garden på nytt delt, men då mellom Tore Person (som var gift med ei syster av Ola Torgeirsson) og Ola Johannesson (som var gift med ei anna syster av Ola Torgeirsson). ..... Sjølv hamna trulg Ola seinare på Svorstølen."

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg antar at Ananias Steffensson var sønn av den Steffen Ommedal og kona Magdeli som er å finne på gården ved koppskatten i 1645. Er det noen som vet noe mer om Steffen (alder i 1666 var 55 år) og Magdeli? Som farsnavn og evt. dødsår.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, eg reknar også med at Steffen Larsson Ommedal (manntal 1664) er far, men eg har ikkje teke med Magdeli som mor. Grunnen er at eg ikkje har noko prov på det, bortsett frå at ho er gift med far. Fødeselsåret til Ananias er usikkert, og Steffen kan ha skifta kone.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, det har du selvsagt rett i. I 1666 er Ananias 15 år, vilket jo antyder at han er født rundt 1650/51. Men Steffen Ommedal kan selvsagt ha giftet seg på nytt mellom 1645 og 1651.Det er jo heller ikke noe bevis at Ananias døpte en datter Malene. Jeg tenker på henne som giftet seg i 1705 med Jacob Ericsson Gjengedal.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.