Jump to content
Arkivverket
Åsbjørg Susort

Skålnes, indre og Glåmo, Sjeleregister 1777 og Skåneviksoga

Recommended Posts

Åsbjørg Susort

Hei

Har hatt denne etterlysningen inne på DISNorge under Etne siden lørdag :

http://www.disnorge....ic.php?t=106918

 

I sjeleregisteret ffor Skånevik 1777 fant eg ein son Sjur 12 år på Skålnes, indre som ikkje var nevnt i Skånviksoga.

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Skånevik, Sjeleregister nr. (1777-1777), Sjeleregister 1777, uten sidenr.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4626&idx_id=4626&uid =ny&idx_side=-11

 

Leita opp dåpen i kirkebok og fant han på venstre side, nede i høyre kolonne (15. mars? 1766):

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Skånevik, Ministerialbok nr. A 1 (1745-1789), Fødte og døpte 1766, side 29.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11663&idx_id=11663&u id=ny&idx_side=-29

 

Rett ut til høyre (venstre kolonne på høyre side) står Amund Glaamens barn uten navn, men med en ”hake” som eg tolkar som at barnt er døypt Amund. Iflg Skåneviksoga hadde ikkje Amund nokon son med same navn, men ei datter Ingeborg fødd i 1766...

 

Hovedproblemet er at eg kan heller ikkje finne Glåmo / Glademo i Sjeleregisteret for å sjekke kven som var på garden i 1777. Ser ut for meg som om dei har hoppa over gardane innanfor Åkra og fortsatt fra Rullestad og utover igjen på sørsida av fjorden...

 

Har nokon utfyllande informasjon å komme med her så blir eg veldig takknemlig!!!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Marie Skålnes

Eg er oppvaksen i Skålnes Indre, der slekta vår har budd i 300 år. Dessutan var mor mi fødd på Glåmo. Det er over sengetid, så eg må sjå på dette i morgon etter jobb! Det eg ser no er at eg under Skålnes har skrive Sjur, f. 1766, døypt 15.03. med hand i bygdeboka, men eg hugsar ikkje kor eg har det ifrå.

 

Me skal ikkje vera anonyme i dette forumet. Og dessutan lurer eg på om også du ættar frå Skålnes og Glåmo?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Åsbjørg Susort

Hei igjen.

Eg trur me er femmenningar og at eg har deg i slektstreet mitt via Glåmo og Markhus?.

Min farmor Johanna Endresdtr var fødd på Glåmo br.nr 3 Leite / Nygård i 1896. Ho gifta seg tl Susort. Oldemor var Ragnhild (Ragnille) Jakobsdtr.

Av Ole Aslaksen Skålnes sine døtre for vel Siri direkte til Glåmo og datter til søstera; Guro Rullestad havna også der. Det er vel kanskje henne mi oldemor er kalla opp etter.

 

Skal føye tll Susort i helsinga. veldig ny her som du ser,,, (Lurer også på kordan smilefjesa virkar)

Navnet er altså Åsbjørg Susort

Share this post


Link to post
Share on other sites
Marie Skålnes

Hei igjen,

 

Det stemmer at me er femmenningar.

 

Eg veit ikkje kvifor Sjur ikkje står i Skånevikssoga. Me finn han døypt og me finn han i sjeleregisteret. Eg fann han kanskje konfirmert og, men der står berre Sjur Olsen, og det kan vera ein annan.

 

Er litt usikker på koirleis me skal tolka det som står bak Amund Glaamens, men der står iallfall ikkje Ingeborg! Eg fann Ingeborg konfirmert, men ingen Amund.

 

Skifte etter Amund Iverson og Kristi Hallsteinsdtr: : http://digitalarkive...&merk=5790#ovre

 

Døtrene Gjertrud, Ingeborg og Torbjørg er nemnde, men elles har eg problem med å lesa det som står. Sonen Iver var død før faren, og sikkert og dottera Brita.

 

Alle skiftene for Glåmo er dessverre lagt uinder Glymje (ved Skålnes, har for det meste vore ubebudd).

Share this post


Link to post
Share on other sites
Marie Skålnes

Skal du laga smilefjes, trykkjer du på det gule fjeset, og får då opp ei lang rekkje med smilefjes. Trykk på det/dei du vil ha i innlegget ditt. Eg testar det no:

 

:) :P

 

Eg har spurt om det manglar sider i Sjeleregisteret for Skånevik i eige innlegg.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Åsbjørg Susort

Glimrende :)

Eg hadde ikkje tenkt på å sjekke Glymje siden eg visste det var ein annan gard. Syntest der var mange nok alternative skrivemåter fra før :D

 

Eg har forresten i det siste fått ein del info om min oldefar Tallak Endresen som "forsvant" ved Afrika. Er du interessert så kan eg sende i epost.

Eg trur eg fant deg i slektsforskerbasen på DIS-Norge for ei tid siden (hvis ikkje fleire har same navn) og sendte ein epost til adressen oppgitt der. Enten har du oversett den eller skifta adresse :)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Marie Skålnes

Du kan senda det du har om din oldefar Tallak, som var herfrå Bømlo. Eg fann han i ei av bygdebøkene for Bømlo for flenge sidan. E-mailadressa mi er: m-skaaalfakrøllonline.no. Eg har hatt den epostadressa "alltid". Eg kom ikkje inn i eposten i nokre veker, men då eg igjen fekk han til å fungera for nokre dagar sidan, hadde eg fått mest 2000 mailar. Det meste var spam, så eg sletta dei som ikkje var frå kontaktar. Var også utan fungerande epost ein lang periode tidlegare.

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.