Gå til innhold
Arkivverket

På jakt etter dåpen til Kristoffer Olsen som skal være født 23.06.1847 Hafslo i Sogn


Truls Songstad
 Del

Recommended Posts

Jeg er på jakt etter dåpen til Kristoffer Olsen som skal være født 23.06.1847 Hafslo i Sogn. I 1865 er han kommet til Bodø som ugift Skomagerdreng. I 1875 er han kommet til Lyngen og har giftet seg og ha tre barn En gang mellom 1888 og 1894 er han flyttet til Bodø der vi finner ham med tre barn og kone i 1900 på Trenga. Han er fortsatt i Bodø i 1910, men nå i Sjøgate 3 a sammen med kone og fire voksne barn foruten et barnebarn. Det er her den antatte fødselsdatoen kommer opp.

Jeg har heller ikke funnet giftermålet, og han kan være gift så mange plasser, men det kan nå hende jeg finner etterhvert.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei. Det er nevnt en Christopher født 23 juni 1846 i Hafslo. Det kan jo være rett person. Far er Ole Olsen og mor er Kirksti Johnsd. og

gårdsnavn er Hillestad.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er også en Christopher Olsen som er konfirmert i Hafslo i 1863,

men han er oppgitt å være født i Luster 18.9.1847 (nest nederst nr 27):

 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...ny&idx_side=-45

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70111360358.jpg

 

Senere tilføyelse: Men jeg har en følelse av at dette er et blindspor, altså feil Christopher Olsen, noe som også indirekte bekreftes i flere innlegg nedenfor.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vielsen forteller oss at faren het Ole Olsen. Jeg vil derfor tro at det er rett person Dag viser til i innlegg nr.2.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vielse nr 5,1871

Kildeinformasjon: Troms fylke, Sørfjord i Lyngen, Ministerialbok nr. 9 (1864-1882), Ekteviede 1871, side 124.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=220&idx_id=220&uid=ny&idx_side=-112

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050302010602.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Konfirmasjon i Bodø 1862: Fødselsdag oppgitt til 23.06.1846. Foreldre: Ole Olsen og Kirsten Hermundsdotter.

 

(nr. 27) Kildeinformasjon: Nordland fylke, Bodø, Klokkerbok nr. 801C03 (1855-1867), Konfirmerte 1862, side 122.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2532&idx_id=2532&uid=ny&idx_side=-141

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050502020469.jpg

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg er enig med Egil Russøy i at det må være Christopher som er konfirmert i Bodø. Ifølge vielsen i 1871 ble han vaksinert i Bodø i 1862.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ved dåpen (innlegg 2) er då mora oppgitt som Kirsti Jonsdtr og ved konfirmasjonen Kirsten Hermundsdotter.

 

Eg ser at Ole Olsen Hillestad og Kirsten Hermundsdotter får fleire barn i Hafslo på 1830-talet.

 

Ole Olsen Hillestad og Kirstie Hermundsdotter Reseland gifta seg i 1830.

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=34&filnamn=HAFSVI&gardpostnr=1712&merk=1712#ovre

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ole Olsen, hustru Kirsti Hermundsdotter, barna: Johannes, Ingeborg, Mari, Ole, Hermund, Thomas (?) og Christopher flytta frå Hafslo til Nordland i 1847

 

Høgre side, frå nr. 51

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Hafslo, Ministerialbok nr. A 15 (1836-1852), Utflyttede 1847, side 15.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6867&idx_id=6867&uid=ny&idx_side=-17

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070112310111.jpg

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Truls!

 

Dette er ein huslyd ogso eg har drive og jobba med ei tid og der eg manglar litt opplysningar for å komma vidare.- Kanskje du kan hjelpa meg?

 

Her er kva eg har, med markering av kva som manglar...:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Christopher Olson, kjend som Kristoffer Olsen, f. i Hafslo 23.6.1846, flytte òg i 1847 med foreldri sine til Steigen og vidare til Bodø. Han var i ungdomen i skomakarlære i Bodø, men flytte so til Sørfjord, Lyngen i Troms der han 10.9.1871 gifte seg med Laura Omelia Bergithe Olsdotter Bræk frå Lyngen. Ho var dotter av gardbrukar Ole Rasmusson Bræk på Bensnes i Lyngen, opphavleg frå Gjøvik, og kona Maren Anna Andreasdotter Fyhn frå Kviteberg i Lyngen og f. i Tyttebærvik i Lyngen 23.5.1851. Kristoffer og Laura budde nokre år på Bensnes i Lyngen der han arbeidde som skomakar. Kring 1883 vart dei gardbrukarar på Strømsnes i Lyngen, men i 1894 flytte dei til Bodø. Kristoffer heldt fram som skomakar, og huslyden budde ei tid på Trenga, Myklebostad i Bodø, men flytte kring 1908 inn til sjølve Bodø der Kristoffer d. 13.8.1924. Laura Olsen d. same staden 16.12.1928. Dei fekk ni born i lag:

 

a. Mathilde Kristine Kristoffersdotter Olsen, f. i Lyngen 20.10.1871, d. i Bodø 12.1.1944. Mathilde Olsen var syerske og budde i Bodø levetidi ut. Ho var ugift, men fekk ein son.

 

b. Oluf Leonhard Kristofferson Olsen, f. i Lyngen 16.7.1873, d. i Lyngen 22.2.1877.

 

c. Johannes Georg Andreas Kristofferson Olsen, f. i Lyngen 26.12.1875, d. i Lyngen 1.5.1878.

 

d. Olufine Jonette Kristoffersdotter Olsen, f. i Lyngen 1.10.1878,

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? - konfirmert 1893 – n. 1900 som tenestejente på Myklebostad i Bodø – 1910 ugift hushaldar hjå

foreldri – n. fadder 1914 – lagnad? – Olufine Olsen vart gravlagd i Bodø 30.3.1932, men er ikkje avlidi der)

 

ugift.

 

e. Jensine Kristine Kristoffersdotter Olsen, f. i Lyngen 11.11.1881, d. på Hamar 30.8.1929. Jensine flytte i ung alder til Hamar der ho 21.8.1905 gifte seg med Magnus Albert, kjend som Albert Martinusson Lindstad frå Diseneiget i Vang, Hedmark, f. i Christiania 18.4.1878. Han d. på gamleheimen på Hamar

 

¤¤¤¤¤ (dato for dødsfallet hans?)

 

1955. Albert Lindstad var skomakar, og han og Jensine budde på Hamar levetidi ut. Dei fekk tre søner i lag.

 

f. Thorvald Marinius Kristofferson Olsen, f. i Lyngen 9.6.1885, d. i Narvik 24,4,1917. Thorvald flytte i 1903 til Christiania (Oslo), men fór snart nordover att og gifte seg i Bodø 23.6.1907 med Jenny Caroline Nilsdotter Pedersen, f. i Mosjøen 20.10.1882. Ho d. i Narvik 19.3.1964. Thorvald var målarsvein, og han og Jenny budde i Narvik. Dei fekk tre born i lag.

 

g. Hilmar Odin Kristofferson Olsen, f. i Lyngen 11.6.1888, d. i Bodø 16.1.1927. Hilmar gifte seg i Bodø 30.9.1914 med Hulda Henriette Kristiansdotter Berg, f. i Bodø 7.6.1886. Ho d. i Bodø 26.6.1980. Hilmar var fyrbøtar og sidan hermetikkarbeidar, og han og Hulda budde i Bodø. Dei fekk to døtrer i lag.

 

h. Sigurd Kristoffer Kristofferson Olsen, f. i Lyngen 10.5.1891, d. på Myklebostad i Bodø 24.9.1897.

 

i. Theodora Olida Kristoffersdotter Olsen, f. i Bodø 14.4.1894,

 

¤¤¤¤¤ (n. 1900 – konf. Bodø 1910 – lagnaden hennar? - dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar og bukker so mykje for alle tilleggsopplysningar du kan skaffa meg!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

 

Eg vonar framleis på kontakt med Truls Songstad om denne huslyden! Kanskje ættar du ned frå Theodora Olida, den yngste dotteri, som me ikkje veit noko om i det heile?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane - lars.e.oyane@sdsl.no

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars. Eg var ikkje obs på at du hadde skrive på dette teamet før no i kveld, men eg veit ikkje om det er så mykje eg kan hjelpe deg med, som ikkje du har funne sjølv.

Det er familien til Hilmar Odin Kristofferson Olsen er forskar på. Han var morfar til ei veninne av meg. Vi var i lag på Hafslo sist helg, på Bestebakken. Eg tok på meg å leite opp slekta hennar, og ikkje visste ho og slett ikkje eg, at tippoldefaren kom fraå nabogarden Hillestad. Det oppdaga eg først då eg kom heim og fikk begynt så smått. :)

Det einaste eg trur eg har, som ikkje du har, er opplysningar om Ole Rasmusson Bræk. Eg meiner han vart født på Bræk øverst i Skjåk 11.2.1816, men han kan vel ha budd på Gjøvik før han dro nordover?

Elles hadde eg eigentleg tenkt å sende deg ei melding for å spørre deg om dette, men det fekk eg ikkje til, så derfor la eg ut spørsmålet til alle som følte seg kalla til å svare på det.

 

truls.songstad@online.no

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.