Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Bottolf Halvorson gift i Gulen 1743 - var han fødd i Hafslo 1719? - lagnaden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ein Halvor Olson, som visstnok var frå Kaupanger, gifte seg i Hafslo 27.10.1720 med Gjørond Bottolfsdotter frå Venjehola i Hafslo, fødd der kring 1696. Dette paret forsvinn frå Hafslo og er heller ikkje å sjå på Kaupanger, men ein son deira var fødd i Hafslo:

 

Bottolf Halvorson, døypt i Hafslo 17.9.1719.

 

So er det at augi mine fell på denne vigsli frå Gulen 5.6.1743 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11442&idx_id=11442&uid=ny&idx_side=-40) (langt nede på venstre side):

 

Bottolf Halvorson ?Sætre og Kari Herlevsdotter ?Onkre

 

Denne namnekombinasjonen, Bottolf Halvorson, er so uvanleg at eg kjenner meg ganske so sikker dette må vera dåpsbarnet frå Hafslo frå 1719.

 

So er spørsmålet: kan einkvan med lokal kunnskap i Gulen hjelpa meg med fleire opplysningar om denne Bottolf Halvorson og eventuelt foreldri hans? Det kan sjå ut som dei busette seg på Orknes i Gulen der ein Bottolf med kone Kari i alle fall fekk desse borni:

 

* Halfrid Bottolfsdotter, døypt 22.8.1745

 

* Hans Bottolfson, døypt 23.3.1748

 

* Nils Bottolfson, døypt 3.3.1751

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Egil Russøy

Dessverre ikkje så mykje lokalkunnskap, men eg har funne skifte etter Halvor Olsen 1726 på Indre Løland i Lavik Tinglag. Etterlatte: hustru Guri Bottelvsdotter, barn: Bottel 7 år, Ole 5 år og Nils Halvor.

(Eg ser at det er ein gard som heiter Indre Løland i noværande Hyllestad kommune, heilt innerst i Lavikdalen. Kanskje det er den).

 

(høgre side)

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn sorenskriveri, Skifteprotokoll A 3a , 1720-1728, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Fol. 1-288.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24157/207/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081121690880.jpg

 

mvh Egil

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for eit kjempemessig innlegg! Dette må jo vera "våre" folk! So dei flytte til gard på Indre Løland i Hyllestad, og no finn eg òg at der var ein Halvor Olson i 1701 i høveleg alder (6 år gamal). Der hadde det sjølvsagt vore spennande å sjå kva bygdeboki har å fortelja...? Og so ser eg at Gjørond - på "ytresognsk" Gyri - Bottolfsdotter gifte seg att i VIK 27.11.1729 (jmf. FamilySearch - eg finn ikkje vigsli i nokon av soknene i Vik!) med ein Ole Olson...

 

For å gripa fatt i foreldri i denne huslyden og lagnaden til mori vil eg starta opp eit nytt tema, der eg ber om mellom anna bygdebokoppslag i Hyllestad, men let likevel dette temaet gå vidare av omsyn til Bottolf Halvorson...

 

Nok ein stor takk til Egil for imponerande teft!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Ved nærare undersøkingar finn eg at Bottolf Halvorson Orknes vart gravlagd i Gulen 21.3.1799, 80 år gamal, medan Kari Herlevsdotter Orknes vart gravlagd same staden 14.1.1781 (jmf. databasen for avlidne i Gulen). I 1801 er det sonen Mons som driv den einbølte garden.

 

Alderen til Bottolf er ein perfekt "match", og eg trur framleis dette må vera "vår" Bottolf! Då står det i grunnen berre att å identifisera kona Kari:

 

* Dato og stad for fødsli eller dåpen hennar?

 

* Var det heimebruket hennar på Orknes Bottolf og Kari tok over?

 

* Kan det stadfestast at Bottolf og Kari berre fekk dei tre borni som er nemnde over...?

 

Eit bygdebokoppslag i boki for Gulen skulle gje det meste når det gjeld desse spørsmål...?

 

Nok ein stor takk for hjelpi med dette problemet!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.