Gå til innhold
Arkivverket

Mandrup Pederson Alstrup (1718-1780) - rådmann og postmeister i Trondheim - kven var kona hans - Helene Hansdotter Bartmann frå Arendal?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette tema er ei utdjuping av samletemaet som gjeld sokneprest Hans Paulson Alstrup i Hafslo.

 

Ein soneson av soknepresten var:

 

Mandrup Pederson Alstrup, døypt i Bamble 23.6.1718. Han vart gravlagd frå Vor Frue i Trondheim 4.7.1780. Han er då kalla rådmann og postmeister (http://www.arkivverk...ny&idx_side=-12). Mandrup gifte seg i Arendal 27.9.1746 med Helena "Lena" Hansdotter Bartmann. Ho skal ha vore i live i 1787, men er elles heilt ukjend.

 

Hjå FamilySearch ser eg at dei minst fekk åtte born i lag:

 

Peder Alstrup, døypt i Arendal 23.1.1747

 

Peder Alstrup, døypt i Trondheim 22.10.1750

 

Hans Jacob Bartmann Alstrup, døypt i Trondheim 11.4.1752

 

Nils Griis Alstrup, døypt i Trondheim 12.7.1753

 

Peder Alstrup, døypt i Trondheim 19.6.1755

 

Anna Cathrine Alstrup, døypt i Trondheim 28.2.1757

 

Mandrup Alstrup, døypt i Trondheim 8.12.1758

 

Anna Margrethe Griis Alstrup, døypt i Trondheim 16.11.1764

 

I 1787 skal det ha levd att sju born etter Mandrup Alstrup, og når me ser at her er tre søner med namnet Peder, lyt me tru at berre den yngste har vokse opp, og at Mandrup og Helene fekk minst eitt barn til, kanskje mellom dei to første Peder'ane?

 

Problemet mitt er i første omgongen å identifisera Helene Hansdotter Bartmann og finna leveåri hennar? Far hennar heitte truleg Hans Jacob Bartmann, medan mori mest truleg heitte Anna Cathrine (ettersom mori hans heitte Anna Margrethe Griis)! Hans Jacob og Anna Cathrine KAN ha butt i Arendal, men dette er berre rein spekulasjon... Eg vil elles tru at Helene må vera fødd midt på 1720-talet, og kanskje døydde ho i Trondheim i 1790-åri?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no blatt igjennom kyrkjeboki for Vor Frue i Trondheim frå 1780 til 1801, men ser IKKJE noko til enkja Helene, og ikkje finn eg ho heller i FT1801 for Trondheim. Eg kan sjølvsagt ha oversett ho, men kanskje er det meir truleg at ho er flytt frå byen... I 1801 ser eg berre den eine sonen Nils Griis Alstrup i Trondheim. Kvar vart det av dei andre?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den første barnedåpen hjå Mandrup og Lena i Arendal er spennande: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9399&idx_id=9399&uid=ny&idx_side=-132

 

Her går det fram at den første fadderen var Madame Anne, Hans Jacobsen's kone, og leiter ein litt meir, so finn ein denne dåpen i Arendal 24.2.1727: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9399&idx_id=9399&uid=ny&idx_side=-89

Lene, dotter av Hans Jacobson og Anna Andersdotter. Dette MÅ vel vera vår Helene "Lena", eller er eg heilt på jordet?

 

Då sit me att med spørsmåøi kring lagnaden til denne huslyden, eller til Lena konkret, og borni hennar...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.