Gå til innhold
Arkivverket

Lars Larsson Walter i Bergen og Førde (1661-1729) - kvar vart det av borni hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette tema er ei oppfølgjing av tema #52687 frå det gamle Brukarforum (http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=52687&sok=Walter+%D8yane&nr=3&antinnlegg=7&startnr=&antall=&spraak=#anker)

 

Lars Larsson Walter, fødd i Ullensvang kring 1661, son av sorenskrivar Lars Walter, vart gravlagd i Førde 1.5.1729. Lars var gift tre gonger. Det andre av desse ekteskapi er det som interesser meg, nemlig kring 1698 med prestedotteri Christina Marie Hansdotter Alstrup frå Hafslo, fødd i Hafslo kring 1675. Ho døydde i Bergen i januar 1712. I dette ekteskapet var det sju born:

 

* Hans Larsson Walter, f. i Bergen våren 1699, levde i 1712, men skal vera faren til Trondheim der han d. før 1730 utan å etterlata seg born.

 

* Lars Larsson Walter, døypt i Bergen 14.11.1700, er nemnd i skiftet etter far sin frå 1730 og skal sidan ha butt i Bergen, men lagnaden hans er ukjend.

 

* Elisabeth Cathrine Larsdotter Walter, døypt i Bergen 19.8.1702, er òg nemnd i skiftet etter far sin frå 1730 og opptråtte som fadder i Hafslo i 1739, men lagnaden hennar er ukjend.

 

* Jens Ørbech Larsson Walter, sidan kjend som Jens Walter Ørbech, var fødd i Bergen hausten 1704 og vart gravlagd i Bergen 8.6.1748. Han gifte seg i Bergen 18.7.1727 med Maren, kjend som Massi Jørgensdotter Rønne frå Bergen, truleg fødd i Bergen kring 1703. Ho vart gravlagd i Bergen 14.7.1752. Jens var skrivar, og han og Massi budde i Bergen levetidi ut. Dei fekk ni born i lag.

 

* Elisæus Larsson Walter, døypt i Bergen 10.8.1707, er nemnd i skiftet etter far sin frå 1730, men lagnaden hans er ukjend.

 

* Margretha Larsdotter Walter (1708-1776), vart gift første gongen med klokkar og gardbrukar, enkjemannen Peder Sørenson Grinde på Lomheim i Hafslo (1673-1749) og sidan attgift med gardbrukar Christen Tøgerson Nitter, òg på Lomheim i Hafslo (1726-1789)

 

* Pernille Lovise Larsdotter Walter (1710-1789), vart gift med gardbrukar og enkjemann Jens Samuelson Bugge på Urnes i Hafslo (1693-1770).

 

Problemi mine er dei tre borni, Lars, Elisabeth og Elisæus. Kvar kan desse ha gjort av seg? Det er vel ikkje urimeleg å tru dei kan ha "droppa" ættenamnet Walter, og Lars Larsson finst det jo mange av i Bergen...

 

Bygdeboki frå Førde, som er referert i det gamle brukarforum, har ingen opplysningar å by på i det heile.

 

Eg er sjølvsagt interessert i alle gode tips om desse søskeni og takkar so mykje på førehand!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Dette har du vel fra før, men 5.12.1728 hadde Jens Ørbek datteren Anna Dorothea til dåpen i Nykirken i Bergen. En av fadderne het Walter. I den transkriberte søkbare basen i DA står fadderen med fornavn Eli?:

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=14&filnamn=dp13011700nk&gardpostnr=4090&personpostnr=33158&merk=33158#ovre

 

Men når jeg ser på dåpen i den skannede kirkeboka synes jeg det står Eliz..us??? Det ser ut som det står en vannrett strek over en av bokstavene i fornavnet, hvilket kan indikere bokstaven u???

 

Bergen fylke, Nykirken, Ministerialbok nr. A 3 (1717-1764), Fødte og døpte 1728, side 120.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8717&idx_id=8717&idx_listetype=dp&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-123

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070416610070.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Slik dette er sett opp er det Lars Walters enke som betaler skatten. Lars er altså død.

 

Ja, Aase det gir vel meir meining.

 

Her er ein annan interessant namnekombinasjon. Lars Wolther Ørbech døyper eit barn i Nykirken i 1755.

Kan han (Lars Wolther alsåt) vere eit barn av Lars Larsen Walter?

http://digitalarkive...erk=135131#ovre

 

Han giftar seg i 1750 http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=76&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=2880&merk=2880#ovre

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sollied har ein Lars Walter Ørbech http://da2.uib.no/cg...id=679=

 

Barnet frå 1755 døyr her.

 

Dermed må det vere snakk om to barn. Barnet som døyr 12 veker gamalt i 1755 må vere Massie Elisabeth.

 

Ved skifte er det oppgitt eit barn: Kirstine 4 år, men eg har ikkje funne dåpen til ho. Spørsmålet er om ho er fire år i 1757 eller 1761?

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Else Margrete Lucas døyr i 1770, angiveleg 76 år gammal, noko som ikkje heilt kan stemme i og med at ho får barn i 1755.

 

Adresse på eit fattighus minkar sjansen for at det skal vere skifte etter henne. Er dåpen til Lars Larsson funnen slik at ein ser om Ørbech-namnet finst der?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe, Aase og Egil for fleire interessante innlegg om denne huslyden.

 

Me veit at Elisæus levde i 1730, so om han var fadder i 1728, so er ikkje det so underleg. Han var då framleis busett i Bergen, men kan vera flytt derifrå...?

 

Med omsyn til Lars Walter Ørbech, som døydde i 1757, gift i 1750 med Else Margrethe Lucas, vil eg tru at han heller var ein son av Jens Ørbech Walter, som i Bergen var kjend under namnet Jens Walter Ørbech. Namnet på dotteri Massie kan jo òg tyda på det...

 

So problemet med oppsporingi av dei tre søskeni, Lars, Elisabeth og Elisæus, står framleis uløyst, og det vert vel ikkje so enkelt å finna dei att...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Veit du at Jens hadde ein son med namnet Lars? Eg har prøvd å finne originalen vedkomande Else Lucas sin død, men finn det ikkje. Står det verkeleg 76 er ho vel i eldste laget (sjølv om det må vere litt overdrive) til å vere gift med ein som er fødd etter 1727 - 1700 ville passa betre..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvem er hvem av de sannsynligvis to Else Margareta Lucas?

 

I 1750 er titelen demoiselle - som vel er tidligere ugift.

 

Damen som d. 76 år gammel i 1770 er Peter Blockes enke.

Hun ser ut å vaere g. i 1735 http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=8&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=13475&merk=13475#ovre

En mulig:

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=13&filnamn=dp12011668&gardpostnr=3249&personpostnr=8111&merk=8111#ovre

 

 

Anders Olsen Wichman g. en enke E.M.L. 4 nov 1761 NK.

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=30&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=14747&merk=14747#ovre

 

Og Else Margrete Lucas, Andreas Olsen Wickmand Mester Stolemager's Kone, d. i 1809, 81 år. Denne passer bedre i alder.

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=34&filnamn=bedo1668&gardpostnr=66641&merk=66641#ovre

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.