Gå til innhold
Arkivverket

Hjelp med dødsfall i Førde 1739 - Anna Christine Riisbrich (Walter)?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ifølgje bygdeboki for Førde skal Anna Christine (Volkvardsdotter) f. Riisbrich (enkja etter landhandlar Lars Larsson Walter), fødd i Bergen kring 1678(?), vera avlidi på Hafstad i Førde i 1739.

 

Eg har blatt igjennom kyrkjeboki for Førde for 1739, men eg finn ikkje dette dødsfallet! MEN, skrifti er neiggu ikkje so lett å lesa, so eg kan godt ha oversett ho!

 

Er det nokon som kjenner desse kyrkjebøkene for Førde og som kan hjelpa meg finna ein gravferdsdato for Anna?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, det er ikkje lett å lese desse bøkene, men eg trur kanskje at det også må vere noko mangler i det som er lagt ut.

 

Eg har sjekka fylkesarkivet og registeret over døde i Sogn og Fjordane i Førde på digitalarkivet. Eg ser at alle som er oppført i fylkesarkivet er frå Holsen sokn, og alle som er i registeret på digitalarkivet er frå Holsen og frå Naustdal sokn. Det finnes då altså ikkje nokon frå Førde sokn i desse registera. Eg slit også med å finne desse personane i kyrkjebøkene som er lagt ut. Eg finn berre nokre få som eg klarer å identifisere som gravlagde i kyrkjebøkene. På siste sida for 1739 står det oppført at det har dødd 31 menn og 35 kvinner, men som sagt så klarer eg kun å finne nokre få gravferdsregistreringar i den scanna kyrkjeboka..

 

Om eg ikkje har oversett ein heil masse, så bør det tyde på at det finnes andre registreringar frå dette året. Kanskje du burde sjekke med statsarkivet om det finnes bøker/register som ikkje er lagt ut.

 

(I ettertid ser eg at bøkene er endå meir utfordrande enn eg i utg.p. trudde. Føringane er gjort fortløpande, og ikkje slik at kvar registrering er ført frå venstre marg. Dermed dukkar det opp fleire døde, også frå Førde sokn. Eg har ikkje rukke å gå gjennom alt ein gong til, men får kanskje ein sjanse i kveld)

 

mvh Egil

Endret av Egil Russøy - Førde
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for nytt innlegg!

 

Eg må berre få takka og bukka for at du er vijug til å sjå etter dette dødsfallet. Det vert spanande å høyra kva dine auge ser. Mine ville ikkje ...

 

Lukke til!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg skal vere litt audmjuk, men eg har lyst å påstå at ho ikkje finnes registrert i kyrkjeboka blant dei gravlagde i 1739.

 

Spørsmålet er då kor bygdebokforfattaren har fått dødsåret frå? Kan det vere registre som ikkje er lagt ut?

 

Dersom nokon har lyst på ei utfordring, så hadde det vore kjekt om fleire hadde prøvd å søke gjennom kyrkjeboka, slik at vi sikrare kunne fastslå om ho er der eller ikkje. Der er mange registrerte gravfestingar i teksten (det skal vere ca. 65-70), men mange av dei er ikkje så lett synleg.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eit lite sidespor, men kanskje kan skifte etter Folkvar Riisbrech i Gravdal i Sund prestegjeld vere av interesse. Skifte er frå 1715, så det er ikkje relevant for spørsmålet ditt (du har det kanskje frå før).

 

Det er vel han som døyr her i Bergen 1714 http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=45&filnamn=bedo1668&gardpostnr=19608&merk=19608#ovre

 

I skifte finn vi dottera Madam Anna Christine gift med Lars Valter, borger og handelsmand udi Bergen.

 

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Nordhordland sorenskriveri, Skifteprotokoll A 2 , 1709-1716, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.n...read/24070/424/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...81114670435.jpg

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for freistnadene på å finna dette dødsfallet. Sidan det er hi kona til Lars Walter eg er mest interessert i, har eg ikkje gått i djupni når det gjeld Riisbrich-ætti, og ikkje trur eg det hjelper so mykje heller.

 

Men eg vonar nokon følgjer oppfordringi til Egil og blar litt i desse kyrkjeboksidene for Førde. Kanskje ein eller annan ser noko som ikkje me har sett?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.