Gå til innhold
Arkivverket

Løytnant Nils Peder Colbiørnsen - gift i Tune 1750 - dotteri Fredrikke Amalie gift Leganger?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Løytnant Nils Peder Colbiørnsen og Ædel Elisabeth Schlösser gifte seg i Tune i Austfold 17.3.1750 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7492&idx_id=7492&uid=ny&idx_side=-45). Dei vart foreldri til:

 

* Fredrikke Amalie Colbiørnsen, fødd kring 1751 eller 1754?

 

Fredrikke skal ha gift seg - dato og stad ukjende - med:

 

Theodor Georg Hansson Leganger, son av Eidsvollspresten Hans Schreuder Leganger og kona Margrethe Munthe, fødd på Eidsvoll 26.11.1755.

 

Theodor Leganger vart i 1784 tilsett som tollskrivar i Trondheim og var frå 1793 tollinspektør same staden. Han døydde i Trondheim 25.11.1812.

 

Som enkje flytte Fredrikke Amalie Colbiørnsen til Rokke i Berg, Austfold der ho vart gravlagd 25.3.1814.

 

Eg kjenner ikkje til born etter dette paret.

 

Kan nokon hjelpa meg med følgjande:

 

* Kvar hadde løytnant Nils Peder Colbiørnsen bustaden sin frå 1750 og utover?

 

* Dato og stad for fødsli eller dåpen til dotteri Fredrikke Amalie? (eg finn ho ikkje i Tune!)

 

* Dato og stad for vigsli til Fredrikke Amalie og Theodor Georg Leganger?

 

* Fekk Fredikke Amalie og Theodor Georg born? I so fall, kor mange?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hans Schreuder Leganger

M, f. 30 september 1700, d. 12 august 1780

 

Hans Schreuder Leganger|f. 30 sep. 1700\nd. 12 aug. 1780|p416.htm#i16060|Erik Iversen Leganger|f. 1669\nd. 30 des. 1751|p416.htm#i16061|Maren Agnethe Hansdatter Schreuder|f. 1677|p416.htm#i16062|Iver E. Leganger|f. 26 feb. 1629\nd. 3 apr. 1702|p295.htm#i11537|Anna P. Finde|f. 1645\nd. 26 okt. 1728|p587.htm#i20981|Hans H. Schreuder|f. c 1645|p415.htm#i16032|Anne A. Beyer||p415.htm#i16033|

 

Hans Schreuder Leganger var sogneprest. Han ble født den 30 september 1700 i Innvik, Stryn, Sogn og Fjordane. Han var sønn av Erik Iversen Leganger og Maren Agnethe Hansdatter Schreuder. Hans Schreuder Leganger giftet seg med Karen Lind Schultz, datter av Ludvig Hermansen Schultz og Anna Pedersdatter Leganger, før 1726. Hans Schreuder Leganger giftet seg med Margrethe Marie Munthe, datter av Christopher Munthe og Christine Ørbech, den 3 august 1739 i Hafslo, Sogn og Fjordane.1 Hans Schreuder Leganger døde den 12 august 1780 i Eidsvoll, Akershus, i en alder av 79.

Barn av Hans Schreuder Leganger og Karen Lind Schultz

◦Anne Louise Leganger+ f. 1730, d. mai 1774

Barn av Hans Schreuder Leganger og Margrethe Marie Munthe

◦Christopher Munthe Leganger+ f. 5 sep. 1742, d. 9 aug. 1816

◦Erik Leganger f. 1744, d. 1821

◦Karen Lind Leganger f. 1758, d. 1849

Kilder:

1.[s591] Ministerialbok for Hafslo, Sogn og Fjordane, http://www.arkivverket.no/URN:kb_read.

 

Dette har eg funne på Internett på slektssida til Erik Berntsen. Men Theodor f. 26.11.1755 har han ikkje teke med / funne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når eg fyrst er innom slekts-sider på Internett, Sverre Munthe har og ei side.

 

Her finn du tollinspektøren Theodor Georg:

LEGANGER, Theodor Georg

[15903]

26 Nov 1755 - 26 Nov 1812

BIRTH: 26 Nov 1755, Eidsvoll, Akershus, Norway

DEATH: 26 Nov 1812, Trondheim, Sør-Trøndelag, Norway

EVENT: Occupation: [15904]

Father: LEGANGER, Hans Schreuder

Mother: MUNTHE, Margrete

 

Family 1 : COLBJØRNSEN, Fredrikke Amalie

 

Sverre Munthe har langt fleire ongar enn forrige slektsider. Kanskje kan desse 2 hjelpa deg vidare, Lars ??

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for innleggi om dette problemet.

 

Eg har studert det eg har komme over av prenta stoff - les Webside stoff - om denne ætti, so om det finst noko meir der ute, so er det i so fall andre som sit på det.

 

Nils Peder Colbiørnsen og kona Ædel Elisabeth Schlösser fekk i alle fall to døtrer:

 

* Sophie Christine Maria Colbiørnsen, døypt i Tune 4.5.1750

 

* Christine Sophie Colbiørnsen, døypt i Borge 9.2.1753

 

Men elles ser dei ut til å halda seg godt skjult. Kanskje kan Owenstad fortelja oss kvar dei budde på ulike tidspunkt? Finst ikkje di bøkene digitaliserte ein eller annan stad?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Arnfinn for referansen til Ovenstad!

 

Eg har blatt meg fram til løytnant Nils Peder Colbiørnsen og oppdagar at han døydde alt 17.5.1757 som løytnant til Borgeske regiment i Austfold, og der hadde han vore i mange år. Dette tyder at Fredrikke Amalie må vera fødd i nabolaget til Borge..., men kvar er ho?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.