Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Erik Hansson Leganger (1744-1821) - sokneprest Hurdal, Fron og Stange - biografi?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Erik Hansson Leganger, son av sokneprest Hans Schreuder Leganger på Eidsvoll og kona Margretha Munthe frå Hafslo i Sogn, var fødd på Eidsvoll og døypt der 20.12.1744. Han døydde på Stange 3.5.1821. Erik gifte seg i Romedal 19.8.1787 med Anna Mathea Isaksdotter Grüner, fødd i Romedal kring 1765. Ho døydde som enkje på Kjernstad i Stange 3.2.1835.

 

Erik skal ha starta prestegjerningi si som kapellan på Nannestad, men vart 12.3.1777 utnemnd til sokneprest til Hurdal. So, kva skjedde vidare?

 

Då han gifte seg i 1787, var han sokneprest til Fron, medan

 

FT1801 syner Erik som sokneprest og "præpositus honorarius" til Stange, og der vart han tydeleg buande levetidi ut.

 

Eg kjenner til ein son Christian Leganger, fødd kring 1788.

 

~~~~~~~~~

 

Kan nokon hjelpa meg med supplerande opplysningar om denne huslyden?

 

Særleg er eg interessert i preste"karrièren" til Erik, kva tid flytte han frå Hurdal til Fron og kva år vidare til Stange?

 

Og kor mange born fekk Erik og Anna Mathea i alt? Var Christian det einaste?

 

(PS: No skulle me hatt tilgjenge til gamle Sigurd Engelstad sine notat om prestane på Austlandet...)

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Eli for utfyllande og nyttig svar. Der fann eg alt eg trong å få greie på om Erik Leganger!

 

Problemet er løyst!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.