Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Lars E. Øyane

Overrettssakførar Jens Carl Gabriel Aars (1851-1896) - huslyden hans? - Aftenposten?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette temaet er ei vidareføring av tema frå gamle brukarforum #17713 (http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=17713&sok=Jens+Aars&nr=4&antinnlegg=5&startnr=&antall=&spraak=#anker) og #59014 (http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=59014&sok=Jens+Aars&nr=2&antinnlegg=8&startnr=&antall=&spraak=#anker) - der eg forresten ønskjer å uttrykka ein forseinka, men lkehjarteleg takk til Geir, Erik og Carsten for dei siste innleggi.

 

No med FT1910 tilgjengeleg, og med dødsmeldingar m.m. frå Aftenposten, reknar eg med at fleire opplysningar kan finnast om denne huslyden der spørsmåli mine er markerte med opne mellomrom:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Jens Carl Gabriel Conradson Aars, f. i Hammerfest 21.1.1851, voks dels opp i Hafslo og flytte i 1867 med far sin til Skoger, men gifte seg i Christiania 6.2.1879 med Cecilie Petrine Olsdotter Gløersen frå Drammen. Ho var dotter av overrettssakførar Ole Christian Gløerson Gløersen på Bragernes i Drammen, opphavleg frå Ringsaker, og kona Maren Karine Christophersdotter Andersen frå Skoger og f. på Bragernes i Drammen 19.5.1854. Jens Aars vart student i 1870 og cand.jur. i 1875. Han tok til med sakførarverksemd i Skien, men flytte sidan til Christiania der han vart overrettssakførar. Jens d. i Christiania 12.1.1896, medan Cecilie Aars d. i Stavern 29.9.1933. Dei fekk tre døtrer i lag:

 

a. Petra Abigael Jensdotter Aars, f. i Skien 30.11.1879, d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? - sjekka fødselsdatoen? - FT1910 har 31.10.1879!)

 

Petra gifte seg første gongen i Fredriksvern (Stavern) 3.9.1900 med Ole Peter Carlson Brandt, f. i Frogn, Drøbak 25.11.1876. Han d. i Vestre Aker 28.7.1940. Ole Brandt var militæroffiser og endte som major. Han og Petra budde mellom anna i Bergen og sidan på Nordstrand i Aker, men vart skilde i 1916. Petra gifte seg so att i Firenze, Italia 2.8.1919 med Giacomo de Nicola,

 

¤¤¤¤¤ (oppl. om han?)

 

¤¤¤¤¤ (yrke og bustad?)

 

Petra fekk i alt tre born, som alle var frå første ekteskapet.

 

b. Margit Jensdotter Aars, f. i Skien 25.5.1881, d. i Oslo 9.6.1939. Ho gifte seg i Christiania 3.9.1910 med Johan Otto Emil, kjend som Otto Olson Groth frå Christiania, f. i Bodø 5.10.1866. Han d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1930!)

 

Otto Groth var tollinspektør, og han og Margit budde mellom anna i Drammen og på Hillevåg i Hetland, men

 

¤¤¤¤¤ (hamna dei sidan i Christiania (Oslo)?

 

Dei fekk ein son i lag.

 

¤¤¤¤¤ (sjekka om dette stemmer – han hadde vore gift før og hadde ein son Erling Otto f. i Drammen 1901)

 

c. Esther Agnes Lily, kjend som Lily Jensdotter Aars, f. i Christiania 10.6.1886,

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar? – 1920: ug. journalist)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Her er huslyden Brandt i 1910, busette på Nordstrand i Aker (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036372023455)

 

Her er huslyden Groth i 1910, busette på Hillevåg i Hetland (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036634003696)

 

Her er mori og yngste dotteri i 1910, busette på Katrineborg i Brunlanes (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036506001396)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

No vonar eg at det er mogeleg å fylla ut i alle fall nokre av dei hòli som framleis finst i dette manuskriptet, og vil tru at kanskje Aftenposten vil vera den beste kjelda?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Torbjørn Igelkjøn

Søk på Petra Aars i Nasjonalbiblioteket: Lenke Avissøk NB: Lenke

Søk på Petra de Nicola i NB: Lenke

 

Side 1 i NB-søk:

Bøker - Slekten Aars i Norge

utg. av en redaksjonskomite

---

...hustru Maren Carine Andersen Skar. Petra Abigael Aars f. i Skien 31...Marchese Giacomo Giovachino Alfredo Maria de Nicola, f. i Rom 13/ 2 1879, d. i Florenz...Ole Martin Groth og hustru Jørgine Petra Lund, student 1884...

 

Side 2 i NB-søk:

Bøker - Norge under Haakon VII

[redigering] ved Odd Hølaas Undertittel på ryggen: 1905-1945 ---

...blomster, er fascister, og marchesa de Nicola tepper, girlander, søyler og «reporter...seg av marchesa de Nicolas sak. Fru de Nicola, som er norsk født (Petra Aars) og gift med direk tør de Nicola, har sittet fengslet et naivt ar...

av: Hølaas, Odd

 

Søk på Groth i aviser i NB: Lenke

 

Aftenposten Aften 11/1 1929:

post-77-0-92400200-1340913890_thumb.jpg

og

post-77-0-88437600-1340914364_thumb.jpg

 

Helge Groth:

Aviser - Stavanger Aftenblad 1966.07.28

 

 

...Ambassaderåd, dr. philos.. Helge Otto Groth er død, 53 ftr gam mel. Han var...seg på flere om råder. Helge Groth var født i Stavanger 28. august...sonn av toll kasserar Johan Emil Groth og Margit, f. Aars. Han ble student...

 

Søk på Helge Groth i 1966: Lenke

 

Aftenposten Morgon 27/7 1966:

post-77-0-15278000-1340916016_thumb.jpg

 

Lilly Aars: Lenke

 

Aftenposten Morgon 19/8 1952:

post-77-0-66660400-1340917876_thumb.jpg

 

(På same sida står oppgitt under "Anmeldte dødsfall": Fhv. journalist, frøken Lilly Aars, f. 1886)

Edited by Torbjørn Igelkjøn

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Torbjørn for interessant svar!

 

Eg logga meg inn på lenkene og tolkar opplysningane slik:

 

* Margit Groth let etter seg sonen Helge.

 

* Petra de Nicola var framleis i live 1939.

 

* Lilly Aars var òg i live 1939.

 

* Petra var fødd 31.10.1879 (men eg finn ho ikkje i kyrkjeboki for Skien!)

 

Det er kanskje ikkje so lett å finna ut noko meir om denne huslyden. Kan det tenkjast at Otto Groth budde på ein heilt annan kant av landet og at Margit som enkje flytte attende til Oslo? Eller vart dei kan henda skilde? Kva med Lilly Aars? Ja, kven veit?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Carsten Schanche

Utdrag fra studentene fra 1932, utgitt 1957:

 

Helge Otto Groth, mag.art., ambassaderåd, Bonn, f. 28-8-1913 Stavanger, sønn av tollkasserer Johan Otto Emil Groth (1866-1929) og Margit Aars (1881-1939). Gift 1939 med Agnes Grimsgaard. Ekteskap oppløst 1945. Gift på ny s.å. med Else Marie Mortensen, f. 30-4-1915 Oslo, datter av fabrikkeier Theodor M. (Her er nevnt 2 barn).

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Torbjørn for nye innredigerte opplysningar om denne ætti, og takk til Carsten for siste innlegg frå i ettermiddag!

 

Det er skikkeleg frustrerande med desse kjeldene som ein ikkje har tilgjenge til, som til dømes boki om Aars-ætti i Nasjonalbiblioteket. Du får ei linje og må gissa resten...

 

MEN, eg har tråkla meg ih´gjennom det som eg kan lesa, og sit no att med desse konkrete spørsmåli om denne huslyden:

 

* Dato og stad for dødsfallet til Petra Abigael de Nicola, f. Aars - etter 1939?

 

* Dato for dødsfallet til Giacomo Giovachino Alfredo Maria de Nicola - i Firenze ...?

 

* Kva yrke hadde Giacomo de Nicola?

 

Kanskje einkvan har tilgjenge til desse bøkene i Nasjonalbiblioteket og kan hjelpa meg vidare?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Torbjørn Igelkjøn

Det eg pleier å gjere dersom eg ynskjer å sjå meir av teksten er å setje hermeteikn rundt fleire ord av det som kjem fram i treffet, og så søkje på nytt. Eksempel Gjer ein dette mange gonger på rad kan ein bla seg fram og tilbake i teksten. Men dette er inga god løysing, og ein kan heller ikkje stole på f.eks. datoar og årstal som kjem fram i den OCR-skanna teksten.

 

Som bygdebokforfattar vert det nok uoverkommeleg å bestille eit lass med bøker frå Nasjonalbiblioteket, men alt det digitaliserte materialet skal visstnok vere fritt tilgjengeleg på lesesalen hos Nasjonalbiblioteket. Ei mogelegheit skulle dermed vere å ta med alle nasjonalbibliotek-lenker, notatar og uløyste spørsmål dit og bruke x antal timar og dagar der.

 

Her er ei side på italiensk om Giacomo de Nicola. Google translate Både "Slekten Aars i Norge" og den italienske artikkelen peikar på at han døydde i 1926.

Edited by Torbjørn Igelkjøn

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Torbjørn for siste innlegg med gode tips. Eg er ganske so rørslehemma, so nokon tur på Nasjonalbiblioteket ser eg ikkje som særleg realistisk. Men eg har "vrikka" meg igjennom teksten, og eg oppdaga ein dødsdato for Giacomo de Nicola 26/s 1926, som vel må vera 26.5.1926(?), og av yrke var han professor og museumsdirektør.

 

MEN, eg finn ikkje nokon dato og stad for dødsfallet hennar Petra de Nicola, so ho levde truleg då boki vart skrivi...

 

Kanskje nokon har tips?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Anne-Lise Hansen

'Morì a Firenze il 26 ag. 1926', betyr vel august - 'agosto'.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Anne-Lise Hansen

Petras konfirmasjon: Vestfold fylke, Stavern, Ministerialbok nr. 8 (1878-1905), Konfirmerte 1895, side 142.

 

Permanent sidelenke: (nr. 3)

http://www.arkivverk...y&idx_side=-138

 

Her står det at hun ble hjemmedøpt 29/11-1879 (I Skien) og at dåpen ble stadfestet 22. august 1880. (Har ikke funnet den ennå.)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne-Lise for korrigerande og supplersnde opplysniongar om Petra og mann hennar! Dette er jamen vorte bra!

 

No er det berre å vona at dødsfallet hennar Petra vil dukka opp...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.