Gå til innhold
Arkivverket

Innskrift i gammal bok


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Under rydding av eit dødsbu blar vi gjennom gamle bøker for tida. Er det nokon som har kommentarar til dette bladet? Eg greier å lese det meste, og det hadde vore artig å vite litt om personane som er omtala.

 

Ja - så var det å få lagt inn bildet då. Det er visstnok for stort - er det nokon som kan ta imot det på epost og skjere det ned, noko eg ikkje beherskar?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvis du fremdeles trenger hjelp til beskjæring av bildet kan du gjerne sende det til meg. elevator på online punktum no (erstatt "på" med "@" og "punktum" med ".").

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Solle / Solli Olsen, bokens eier, konf. 1818 i Tønjum, Lærdal, 16 år, vel han som dør som klokker http://digitalarkive...7&merk=247#ovre

 

Her hans dåp oppe t.v.,

 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...y&idx_side=-105

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70514620458.jpg

 

 

Solle Olesen

Norway, Baptisms, 1634-1927 birth: 02 Jun 1802 Lærdal,​ Sogn og Fjordane,​ Norway

christening: 02 Jun 1802 Lærdal,​ Sogn og Fjordane,​ Norway

residence: 1802 Sogn og Fjordane,​ Norway

parents: Ole Sollesen,​ Gurae Christophersdr.

 

Forresten... hvilken bok er det snakk om?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dei to sidene til venstre er dei fyrste i boka. Utanpå permen står det ingen ting, så noko titelblad i vanleg forstand er der ikkje. Denne skulelæraren frå Lærdal er nok berre ein av fleire eigarar, sidan den fyrste innskrifta er omlag 50 år eldre.

 

Tru om det finst skifte etter denne lærdølen? Der vil kanskje gå fram kven som fekk boka etter han.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Første bilde leser jeg omtrent slik:

Dette Exemplair af de mig fra Hr. Biskop Arentz tilsendte til Videre Uddeeling her i Sogns Provstie til ethvert Præstekald, skal dette for 1772 udi Leerdal Præstegield af nu Værende Præst i Kaldet VelærVærdige hr. Ludvic Grøn igien udleveres i Forhold efter afdøde Sr. Stistrups(?) d. 15de Januarii 1802 kongel. allernaadigst Confirmerede, og heri optagen Pag. 283 trøgt indførte Testamentis 7de til 18de Post inclusive, til den Ende tilstilles Velbemelte Hr. G...(?) fra Wiig Præstegaard. Grov den 24de Maj 1772 af J. Daae.

 

Høyre side hopper jeg over, da denne er med trykkskrift.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Else, kan du vere enig med meg at eine årstalet er 1762, ikkje 1802?

 

Ja, det kan jeg! Det gikk litt fort for seg her....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er altså ein hr Stistrup (?) som har skrive i testamentet sitt at det skal delast ut bøker i alle prestegjelda i Sogn - dette var interessant.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jostein Fet skriv i "Lesande bønder" (Univ. forl. 1995)

"Laurids Christensen Stistrup (1692-1766) tente seg ein formue som kjøpmann i Hobro i Danmark. Grunnlaget for legatet var ca. 7000 riksdalarar og ein huseigedom i Kjøbenhavn. Det fekk kongeleg konfirmasjon 17.jan 1749, Rentene skulle brukast til utdeling av biblar til allmugen, men eit problem var at gjevaren berre godtok Christian IVs utgåve frå 1699, som var grunnlaget for det religiøse gjennombrotet hans. Også ei rekkje andre gammallutherske bøker vart utdelte i større mengder både i Danmark og Noreg. Stistrups legat er såleis med på å halde oppe den gamle ortodokse fromleikslitteraturen i riket.

På Sunnmøre byrja Stistrups legat å gjere seg gjeldande i 1770-åra. ..."

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk til Ivar for grunnleggande opplysningar! Dette skulle tyde på at boka vi har ikkje er spesielt sjeldan, men eit interessant objekt er det uansett. Kva veg ho har vandra frå Lærdal til Gloppen veit vi lite om.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.