Gå til innhold
Arkivverket

Lars Johan Andersen - f. 1852 - skreddarsvein i Bergen


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Lars Johan (Johannesson) Andersen, skreddarsvein, fødd i Bergen 16.11.1852, var gift to gonger i Bergen, sist med ei Anna Josefine frå Flekkefjord, men ho døydde i Bergen 28.2.1910 (CE kyrkjelyd - kva no enn det var? - http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=19&filnamn=doed1881&gardpostnr=28869&merk=28869#ovre), og i 1912 var Lars enkjemann og busett i Edvardsens gate 8, 2. etasje i Bergen.

 

Eg finn ikkje noko dødsfall for Lars Johan Andersen i Bergen (det er ikkje han som døydde i 1932!), og ikkje heller finn eg vigsli til Lars Johan og andre kona Anna Josefine (dei to borni deira var fødde 1897 og 1899).

 

* Er det mogeleg å få greie på dato og stad for dødsfallet til Lars Johan Andersen?

 

* Forslag til dato og stad for vigsli til Lars Johan Andersen og Anna Josefine?

 

* Kva for ein kyrkjelyd er CE i Bergen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Yngve for kjapt svar på det eine av dei tre spørsmåli mine om Lars Johan Andersen.

 

Det kan sjå ut som om vigsli til Lars Johan og Anna Josefine vert vanskeleg å finna, men ein eller annan stad må vel Lars Johan vera hamna? Kan han ikkje følgjast gjennom folkeregisterkorti? Fleire av borni budde i 1912 framleis i lag med faren...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for interessant og nyttig svar!

 

Eg legg ikkje skjul på at eg lenge frykta det verste; at Lars Johan Andersen var flytt frå Bergen etter 1912. Då er han altso ikkje det, so då bør det vera enklare å finna dødsfallet hans - i Bergen(?) - etter 1934?

 

Dette vert spennande; eg vonar på betre resultat denne gongen!?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

PS: Randi Andersen (f. 1897), oppskriven etter Lars Johan, var dotter av Lars Johan og andre kona Anna Josefine!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Hjarteleg takk til Jon for interessant og nyttig svar!

 

Eg legg ikkje skjul på at eg lenge frykta det verste; at Lars Johan Andersen var flytt frå Bergen etter 1912. Då er han altso ikkje det, so då bør det vera enklare å finna dødsfallet hans - i Bergen(?) - etter 1934?

 

Dette vert spennande; eg vonar på betre resultat denne gongen!?

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

 

- Eg fann, eg fann, sjå databasen for døde i St. Olav sokn i Bergen:

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=129&filnamn=gr13011927&gardpostnr=310&personpostnr=310&merk=310#ovre

 

D. 06/2 1935, bgr. 11/2 1935 Avdød fhv.skreddersvend, enkemann. Johan Andersen. Edvardsensgt. 8, Bergen. F. 16/11 1852

 

Det kan vel tyda på at vedkomande kar helst nytta førenamnet Johan, - ikkje Lars Johan.

 

 

 

 

PS: Randi Andersen (f. 1897), oppskriven etter Lars Johan, var dotter av Lars Johan og andre kona Anna Josefine!

 

.... Og det vert jo enklare å finna ut kven som er nemnde i skiftet etter skreddarsveinen (Lars) Johan Andersen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Johan Andersen er rett mann. Han var skreddersvenn, etterlot seg datteren Randi Andersen fra sitt siste, og barna Karl Andersen, Herslebsgate 43, Oslo og Johanne Kristiansen, Melkeraaen fra hans første ekteskap. Det står at sønnen Sigurd Andersen var død i USA før farens død.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje og Yngve for spennande og nyttige innlegg! Og med eitt er problemet løyst, bortsett ifrå denne vigsli til Lars Johan og andre kona Anna Josephine... Men den er truleg vonlaus å finna... Kanskje i ein disentarkyrkjelyd i Flekkefjord?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.