Gå til innhold
Arkivverket

Gustav Bernhard Gundersen, fødd i Bergen 1868 - kvar vart det av han?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Malene Larsdotter (gift med Johannes Andersen) fekk ein son:

 

Gustav Bernhard Gundersen, fødd i Bergen 23.7.1868.

 

Barnefaren var skreddar Gunder Thorbjørnsen i Bergen (1837-1914).

 

Malene vart enkje i 1873 og budde 1875 i 22. rode nr. 167 i Bergen: http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=50&filnamn=f71301&gardpostnr=28444&merk=28444#ovre

 

Ho budde der med to born og ei dotterdotter samt leigebuar - Gunder Torbjørnsen! Gunder var òg far til Anna Malene f. 1869, men mori var Marie, eldste dotter av Malene!

 

Problemet mitt er følgjande:

 

* Kvar vart det av Gustav Bernhard Gundersen? Eg finn han ikkje i FT1885 eller 1891 og ikkje som avliden i Bergen etter 1875! Men halvsøsteri Marie fekk i 1891 ein son som ho døypte med same namnet, Gustav Bernhard (Lorentzen), so eg vil gissa på at Gustav Bernhard Gundersen må vera avliden kort tid før!? Kanskje var han til sjøs? Eller fòr han til Amerika?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kari for interessant innlegg!

 

Du har heilt rett i resonnementet ditt; eg har i dag søkt etter konfirmasjonen til Gustav Bernhard, og eg fann han i Sandvikskyrkja i 1883 under namnet Gustav Bernhard TORBJØRNSEN (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7171&idx_id=7171&uid=ny&idx_side=-35).

 

Han er ikkje å sjå i emigrantprotokollane for Bergen, korkje som Gundersen eller T(h)orbjørnsen, og ikkje finn eg han heller i nokon av folketeljingslistene for Bergen etter 1875!

 

Merkeleg! Ein skulle nesten tru han dro til sjøs likevel...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg veit ikkje kor mykje det hjelp deg, men i dødsfallsprotokollen etter Gunder Torbjørnsen, står hustru Helene Torbjørnsen oppført som arving.

 

Det er vel ikkje sikkert at dette dokumenterer at Gustav då var død, i og med at han vel blei rekna som uektefødd.

 

(øverst)

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Dødsfallsprotokoll 9 , 1910-1915, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.n...read/27859/260/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...90611330260.jpg

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for nytt innlegg!

 

Eg har òg kikka på dødsmeldingi etter Gunder Thorbjørnsen frå 1914, men fann ikkje noko meir enn deg. Uektefødde born fekk ikkje arverett i Noreg etter faren før eit stykke ut på 1900-talet, med mindre dei var "lyste i kuld og køn", so eg venta heller ikkje å finna noko særleg der...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg!

 

Det er nok "vår Gustav" du har funnet i fattigprotokollane, men diverre går ikkje desse protokollane langt nok fram i tid til at me får greie på lagnaden til Gustav...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg fant to hjemstavnsforhør som må gjelde faren hans, Gunder Torbjørnsen, fra hhv 1871 og 1881, men så vidt jeg kan se, er ikke Gunder nevnt her og dessuten er dette før konfirmasjonen i 1883. Det var vel i det siste forhøret at det sto noe om at skredderen hadde vært på slaveriet, og da er det van han vi finner her:

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=Slav1850&gardpostnr=219&merk=219#ovre

 

Men dette har jo ingenting med det du spør om, sønnens videre skjebne....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.