Gå til innhold
Arkivverket

Vefsn vernekorps


Odd Andreas Sørgård
 Del

Recommended Posts

I VEFSN BYGDEBOK BIND I, sidene 350-352 finner jeg følgende opplysninger:

Sumaren 1814 vart det også i Nord-Noreg gjort visse førebuingar med tanke på krigen. I eit rundskriv av 16. juni påbaud amtmannen at det i bygdene Rana og Vefsn som låg mest utsett til for eit mogleg innfall av svenske herstyrkar, skulle settast opp særskilde vernekorps. Det skulle av dei militære rullane for desse bygdene takast ut eit tal "raske, kiække Karle" i alderen 20 til 36 år, helst slike som alt hadde vore ute enten i roflotiljen i Trondheim (det hadde frå 1808 vorte utskrive mannskap frå Nordland, mest frå Helgeland, til den) eller til vakttenesta ved Nyholmen. Talet på mannskap i desse korpsa skulle vera for Nord-Rana 48, det same for Sør-Rana, og for Vefsn 60. Kvart korps skulle delast i tre troppar etter ei line nord-sør. Korpset skulle ha ein førar og kvar tropp sin underførar eller kvartermeister. For Vefsn-korpset vart Daniel Larsson Smedseng utteken til førar og underførarane vart Anders Andersson Blåfjellet, Lars Nilsson Heringa og Anders Persson Almdalen.

Når mannskapa vart samankalla, skulle dei får utlevert gevær og sabel og 12 skarpe skot kvar. Dette utstyret vart dei pålagde å ta vel vare på og avlevera att om det ikkje vart bruk for det.

...

Vi har nemnt vernekorpsa. Om dei verkeleg vart oppsette og fekk det våpenutstyret det er tale om, er det ikkje noko opplysning om. Berre eit par seinare brev frå amtmannen til futen Lie på Helgeland gjer klårt at det vart vanskar med å få inn det militære utstyret som var utlånt. Men no er det utstyret til kystvernet det gjeld. Om bygdevernet var sammenblanda med det, er uklårt, men helst var det vel det.

 

----------

 

Slik jeg leser teksten har ikke Vefsn vernekorps noe med kystvernet å gjøre. Er det noen som kjenner til om det ble planlagt lignende vernekorps andre steder i landet? Og om de i det hele tatt ble satt opp, fikk trening, og kom i aktiv tjeneste?

 

Mvh Odd Andreas

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.