Gå til innhold
Arkivverket

Sukkersekkar

Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Vi ryddar i barndomsheimen og finn nokså mange sukkersekkar som er klargjorde til gjenbruk, pluss ein god del ferdige produkt - putevar, pyntehandkle, dukar, etc.

Eg sit med mange spørsmål om dette - kor mykje var det i ein sekk? Kva tidsperiode snakkar vi om - når slutta sukkeret å kome i stoff-sekkar? Kva andre produkt blei leverte på denne måten?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk - ja, her fekk eg vite det meste eg lurte på! Historien om kvinne-underbuksa tillet eg meg nesten å tvile på - sjølv i min seinaste barndom (1960-talet) var ikkje kvinneundertøy å finne på tørkesnorene ute; det blei aktverdig tørka innandørs der "ingen" såg det.

Mulig det gikk noen slike vitser i de gamle underholdningsprogrammene som gikk på radio på 1950-tallet?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Før sukkerrasjoneringa ble oppheva (1952?)sente slekt i USA sekker med sukker til oss,det var sikkert USA mål og vekt, Minnest ikkje vekta,men en sekk ble delt mellom 3 søsken,og dei bar det heim i kvar sin ryggsekk.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk - ja, her fekk eg vite det meste eg lurte på! Historien om kvinne-underbuksa tillet eg meg nesten å tvile på - sjølv i min seinaste barndom (1960-talet) var ikkje kvinneundertøy å finne på tørkesnorene ute; det blei aktverdig tørka innandørs der "ingen" såg det.

Ja eg vaks no opp med 6 eldre søstre og mor på 50-talet og det måtte bli mykje dameundertøy. Men kan ikkje hugse at noko blei tørka inne om det var tørke ute. Men så budde vi då litt avsides til og ikkje var det truser av sukkersekkar heller då :rolleyes:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då eg vaks opp på 60-talet var det sengetøy på annakvar snor med undertøy mellom. Og aldri på ein søndag!

Og den sit i ryggmargen så eg gjer det fortsatt. :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bra, Åsbjørg! Og sjølv om overskrifta mi handlar om sukkersekkar tek eg med glede imot fleire innspel om tørking av kle. (Underkleda var no eitt problem, men dei strikka dame-binda skulle visstnok vere endå verre å få hengt til tørk, i følgje kjelder; det var no før mi tid.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Både og, Reidar. Det er tydeleg at folket har gjort ein god innsats for å få vekk merka, og vi ser at der har stått noko, men litt vanskeleg å avgjere kva. Ut frå lenka til fylkesarkivet måtte dette arbeidet gjerast før sekkane vart vaska, og det har dei visst forstått seg på her.

Ok, ja ittno å gjøre med det, men likner sekkene på denne:

http://digitaltmuseu...1&count=7&pos=1

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, bortsett frå at ingen av våre "sekkar" er sekkar lenger, dei er enten pent oppspretta og klargjorde til bruk, eller allereie omgjorde til nytte-gjenstandar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, bortsett frå at ingen av våre "sekkar" er sekkar lenger, dei er enten pent oppspretta og klargjorde til bruk, eller allereie omgjorde til nytte-gjenstandar.

Ja akkurat :) !

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bra, Åsbjørg! Og sjølv om overskrifta mi handlar om sukkersekkar tek eg med glede imot fleire innspel om tørking av kle. (Underkleda var no eitt problem, men dei strikka dame-binda skulle visstnok vere endå verre å få hengt til tørk, i følgje kjelder; det var no før mi tid.

Apropos damebind: Det var varetelling på det lokale Kooperativet midt på 50-tallet en gang. Det var akkurat kommet pakker med Saba damebind og en av tellerne, en eldre lærer, spurte forundra: "Kva er dette for noko då?" Ei frimodig ekspeditrise svarte rett ut at det var bind som damene brukte når de blødde. Da kom det fra mannen: "Nei, seier de det! Ho Anna ho strikkar sånne, ho!" Anna, det var kona hans, og historia er sann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Varetelling på Kooperativen kunne nok føre med seg fleire overraskingar for mannfolka - mor mi fortalde denne, frå omlag eit par ti-år seinare: To av dei mannlege styremedlemene (ho var forresten den einaste kvinnelege) hadde forvilla seg inn i dame-konfeksjonen under den årlege tellinga, og ei hylle dei fann nokså mange brystholdarar, fleire av dei i storleikar som eit eldre maskulint auge ikkje heilt kunne sjå føre seg noko bruksområde for. "Kan no dette vere noko å ta vare på då" sa den eine, "ja det måtte no kunne vere til storlsegl på jektene" sa den andre.

Diskusjonen vart avslutta med at mor varsamt gjorde merksam på at dette var den storleiken ho brukte å kjøpe.

Men apropos damebind, sidan vi no er i det nostalgiske hjørnet: Er det nokon som kan hugse når forretningane slutta å pakke dei inn i nøytralt papir før dei blei lagde fram for sal i butikken? Overgangen har vel vore glidande, så vi nakkar nok om ein litt lenger periode, og byane låg vel føre landsbygdene, vil eg tru.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Apropos damebind: Det var varetelling på det lokale Kooperativet midt på 50-tallet en gang. Det var akkurat kommet pakker med Saba damebind og en av tellerne, en eldre lærer, spurte forundra: "Kva er dette for noko då?" Ei frimodig ekspeditrise svarte rett ut at det var bind som damene brukte når de blødde. Da kom det fra mannen: "Nei, seier de det! Ho Anna ho strikkar sånne, ho!" Anna, det var kona hans, og historia er sann.

Min bestemor f. 1915, d. 1962, brukte visstnok bare slike strikkede bind, og min mors generasjon f. 1936 strikket slike på skolen! Men den generasjonen var på den annen side sikkert også den raskeste til å bytte dem ut med Saba-varianten da den kom - og det var altså rundt 1955?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er det mulig at mel- og sukkersekker var på 200 kilo? De skulle jo løftes og bæres mellom transportene.

Også en sekk på 100 kilo er veldig tung for de aller fleste. Jeg tenker meg heller sekker på 25 og 50 kilo.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette kan eg ikkje uttale meg om, eg kan berre konstatere at eg som 14-årig fjøsvikar for far min handterte 50 kilos kraftforsekkar til kyrne, utan at det blei noko oppstyr av det. Såpass greidde då alle, til og med ein jentunge, så kva dei vaksne kunne handtere kan eg ikkje gje meg inn på å tippe - !

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg las opp att lenka i Reidar sitt fyrste innlegg, og der nemner dei faktisk 200 kgs sekkar, så eg trur nok dei fanst. Eg har også høyrt fortalt om 150 kgs sirupstønner som vart borne inn i butikken av ein mann åleine, så eg trur ikkje vi skal legge dagens HMS-reglar til grunn...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har nok hørt fortalt om sterke karer som i gamle dager bar 100 kg`s sekker på ryggen der det var veiløst og lite å hjelpe seg med (det var vel ikke alle som hadde hest heller?).

Men på vinterstid kunne de kanskje dra slikt på kjelker osv.?

Det er heller ikke så lenge siden kraftfòr kom i 50 kg`s sekker, men så ble det gått over til 40 kg (kanskje på 80-tallet?), og i dag tror jeg ikke de er mer enn 25 kg hos noen forhandlere.

Husker også at poteter kom i 50 kg`s sekker før.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

40-kg sekken med kraftfor vil eg tru kom omlag som du antydar, og eg hugsar at dei vart kalla "invalide-sekkar" på folkemunne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

40-kg sekken med kraftfor vil eg tru kom omlag som du antydar, og eg hugsar at dei vart kalla "invalide-sekkar" på folkemunne.

Har funnet 50 kg`s sekker som er stemplet 1984 så de var nok i hvertfall i handelen enda da, men har også funnet 35 kg`s så da var vel det også tydeligvis en variant?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.