Gå til innhold
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

Gloppen SF - Abraham Kristianson og Kristi Johannesdtr på gjestevisitt 1743, kven er dei?

Recommended Posts

Aase R Sæther - Gloppen

Denne dåpen i 1743 er den einaste gongen vi får høyre om dette paret, Abraham Kristianson Sande og kona Kristi Johannesdtr, med dottera Anne Kristine.

 

"Sande" på denne tida kan bety garden Sande i Gimmestad sokn, eller dagens tettstad Sandane, men alle fadrane er frå garden Sande, så det er nok der dei har budd.

 

Har nokon vore borti desse folka ein annan stad?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Mange takk - jau, dette er ei svært aktuell innføring. Og her kan det sjå ut som om Abraham er berre på forbi-reise; kva står det i originalen, kan det vere Telemarken t.d?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Det kan se slik ut ja.

 

Forøvrig er det en Abraham Christiansen og Kristen Jansdtr. som døper en datter Martha i Luster 26.01.1749. Kan ikke se at Abraham navnet er mye brukt verken i Luster eller Haslo. Jeg lurer på om vi kan ha med rekende fanter å gjøre.

 

Jeg tar også med denne fra Hafslo.Abraham, yrke Rochedrejer døpte en datter Karen 24.06.1739.

 

http://digitalarkive...stnr=1020#nedre

 

Det er forøvrig eneste gang en Abraham døper barn i Haslo i perioden 1717-1894.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Takk Rune, dette er svært sannsynleg same folket. Kirsten Jansdtr = Kristi Johannesdtr høyrer ikkje urimeleg ut. Kanskje kan Lars Øyane ha noko om dei!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hei på deg, Aase!

 

Eg takkar deg so mykje for meldingi om dette tema. Eg veit det er problem med desse direktemeldingane gjennom Digitalarkivet, men eg har vanskar med å sletta innkomne mailar - nyttar dei som referanse...

 

Diverre er det ikkje mykje eg kan bidra med når det gjeld Abraham og folket hans. Som Rune er inne på, so trur ogso eg at dette er av "reisande" folk. Rokkedreiaren frå Hafslo er sikkert nok den same som Abraham frå Luster, men kvar desse folki høyrde heime, veit eg ikkje.

 

Kan Arnvid Lillehammer ha peiling på desse folki?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×