Gå til innhold
Arkivverket

Ubrukeleg treffliste og andre problem med Nasjonalbiblioteket si bokhyllesatsing.


Torbjørn Igelkjøn
 Del

Recommended Posts

Hei!

 

Tidlegare var det mogeleg å søkje i m.a. bøker og aviser på Nasjonalbiblioteket sine heimesider, og ein fekk då ei treffliste som minner litt om eit Google-søk, med utdrag av OCR-skanna tekst frå bøkene/avisene. Dermed var det mogeleg å bruke dette m.a. til å finne dødsannonsar i Aftenposten. Ein kunne også bruke dette til å leite etter informasjon i bøker eller aviser som ikkje er digitalt tilgjengelege på grunn av opphavsrettspørsmål, og ein kunne dermed f.eks. gjere målretta bestillingar via det lokale folkebiblioteket på bøker som ein elles ikkje hadde visst om.

 

No får ein berre ei liste med namnet på bøkene/avisene, og det er håplaust å vite om treffa har relevans. Dermed har Nasjonalbiblioteket lansert noko som kunne ha vore ei gullgruve for historieinteresserte, men har samstundes delvis teke vekk mogelegheita for å finne fram i materialet.

 

I trefflista kjem det opp ei pil heilt ute til høgre når ein held musepeikaren over eit treff. I følgje Nasjonalbiblioteket er OCR-teksten erstatta med eit bilete som skal komme opp når ein held musepeikaren over pila. Er det nokon av dykk som ser dette biletet, og kjem det opp også for bøker/aviser som ikkje er digitalt tilgjengelege?

 

I tillegg har den nye utgåva av Bokhylla ein del "barnesjukdomar". Html-lesaren fungerer dårleg, og eg får berre fram bitar av avissidene. Ein kjem automatisk til siste side i boka, og html-versjonen er ikkje søkbar. Det er heller ikkje mogeleg å skrive inn sidetal for å gå til ei bestemt side.

 

Flash-lesaren fungerer litt betre. Denne er altfor smal og liten, og ein må gå rett på fullskjermvisning for å få til noko fornuftig. Flash-versjonen er faktisk søkbar, og treffa inne i bøkene vert markerte med oransje. Dette er ei dårleg erstatning for den gamle trefflista, sidan ein må bruke tid på opne kvar enkelt bok, og at ein ikkje får sjå treffa i bøker/avissider som ikkje er digitalt tilgjengelege. Når eg prøver å bla i gamle utgåver av aviser som Firda Folkeblad (fritt tilgjengeleg) får ein berre fram deler av avissidene, og dei oransje markeringane er malplasserte. Eg har etter å ha triksa litt med http-adressene til bileta funne ut at avissidene eigentleg er der, så problemet botnar i korleis sidene vert viste. Her kunne programmerarane hos Nasjonalbiblioteket ha lært av Digitalarkivet si løysing for kyrkjebøkene, som er enkle å bruke, og som aldri har vore denne typen problem med. Om ein prøver å omgå problemet ved å laste ned .pdf av Firda Folkeblad eller Fylkestidende for Sogn og Fjordane får ein berre opp eit tomt vindauge. Nedlasting ser derimot ut til å fungere for bøker og gamle Aftenposten-utgåver,

 

Eg har delt frustrasjonen min med Nasjonalbiblioteket, og så får ein håpe at dei er interesserte i å gjere tenesta betre.

 

Er det nokon som har meiningar om temaet?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, jeg er enig i at omleggingen ikke fungerer. Jeg hadde lenker mot bøker som jeg kunne søke, den funksjonen er borte.

Ikke får jeg opp format som er enkelt å bla eller lese i. Jeg er litt frustrert over det.

 

mvh, Ingelin

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har enno ikkje fått noko svar på dei e-postane som eg har sendt til ein som jobbar i Nasjonalbiblioteket. Eg har også teke opp problema i kommentarfelt på NB blogg fleire gonger, og m.a. i følgje kommentar nr 2 i denne tråden skal det faktisk vere mogeleg å sjå utdrag frå teksten i trefflista.

 

Er det nokon av dykk som ser denne teksten, og kan greie å få lagt ut eit skjermbilete av dette? For meg ser trefflista slik ut:

 

post-77-0-12274600-1352932263_thumb.jpg

 

I dette eksempelet veit eg frå tidlegare at treff nr. 1 er relevant. Hadde eg ikkje visst dette hadde eg no måtta gå inn på kvart treff og søkje i Flash-versjonen, som berre gjeld for det som er digitalt tilgjengeleg gjennom NB.

 

Til slutt nemner eg at det ikkje skjer noko som helst om eg prøver å søkje frå www.nb.no. Avansert søk fungerer derimot, og ligg her.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Torbjørn.

 

Har tidligere vært en flittig bruker av NB siden, men har nå nesten gitt opp. Nå har de også blokkert tilgangen til den forrige plattformen, som faktisk har vært mulig å gå inn på helt til nå nylig...

 

Søkene som søkemotoren leverer er uti "hytt og gevær..." Fikk til og med opp treff på ordet og....Har forsøkt forskjellige varianter, f. eks søking med " " osv, men det er like sørgelig...

 

Synd du ikke får svar på dine henvendelser...Når (dersom ?) du får svar, ville jeg satt stor pris på om du deler svarene med oss...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det skal eg gjere. Eg nemner for ordens skuld at eg har prøvd å få svar også i denne tråden. 18. oktober forklarar S. B. (som er den eg har sendt e-post til) noko av bakgrunnen for endringa når det gjeld trefflista, og viser eit eksempel (frå Google Books) på korleis det er meininga at den nye trefflista eigentleg skal fungere. Men ingen har til no gitt noko svar på kvifor desse bileta ikkje kjem fram i trefflista mi. Eg vil heller ha OCR-tekst enn bilete, men det viktigaste må vere at trefflista iallefall har ein av delene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

(...) Søkene som søkemotoren leverer er uti "hytt og gevær..." Fikk til og med opp treff på ordet og....

 

Ser du ordet "og" i trefflista? Då er du i så fall heldigare enn meg.

 

Inne i ei Flash-bok" skal det iallefall fungere med å setje " " rundt ein frase.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg trodde egentlig dette fungerte ganske greit. Ikke så brukervennlig, det er jeg enig i, men jeg trodde det bare var litt tungrodd. Så opplevde jeg i dag at del to av en bygdebok er borte vekk! Jeg fikk den opp den ene gangen jeg søkte på forfatteren, men da klikka jeg dessverre på feil bok på resultatlista. Så bare blei den borte! Prøver å søke flere ganger, men bare den ene delen (som jeg ikke trenger!) kommer opp. Jeg leste i denne boka for 2-3 dager siden, så jeg vet den er der. Skjønner ingen ting!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ein mogeleg veg rundt dette problemet er å gå via gode gamle Bibsys:

 

post-77-0-52165300-1353362366_thumb.jpg

 

post-77-0-24234800-1353362382_thumb.jpg

 

Der klikkar ein på den overordna serien (2). Då står det at

(...)

Tittel: Hyllestad bygdebok / Inger Kellmer ; Finn Borgen Førsund, red. Det er registrert følgende bind

(...)

 

Ein går vidare til lista over dei to binda. I eksempelet mitt viser det seg at bind 2 ikkje er digitalisert. Dersom den hadde vore digitalt tilgjengeleg kunne ein ha klikka på "finnes også som e-bok", og gått til

 

post-77-0-50539600-1353362393_thumb.jpg

 

og så klikka på "NB Digital". Dermed kjem ein tilbake til "Bokhylla", men no er det det rette bindet som vert vist.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skal prøve det. Men det er utruleg rart at boka ikkje kjem opp når ein får opp alle bøkene til forfattaren. Er det slik at eg har lest i boka for ofte tru? Det virkar i alle fall slik. Rare greier.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Torbjørn #6: Glemte å besvare spm ditt, og beklager det. Nei, ser ikke søkeordet. Bruker html varianten og ikke flash, men dersom jeg går inn på hver enkelt bok, og så bruker "forstørrelses glasset", så kommer selvf treffene opp markert i den aktuelle boken...

 

Men hele denne prosessen tar nå så lang tid, at kaffen rekker å bli kald flere ggr...

 

En annen ting er jo som Anett viser til over, nemlig at bøker som "var" der før, plutselig er "borte"....

 

Men, ser jo at kreativiteten lever i beste velgående Torbjørn :) og det er jo bra...men det hadde jo kanskje vært ennå bedre om NB hadde tatt tak i dette snart....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg prøvde nettopp noko eg ikkje har prøvd før, nemleg å justere zoom-nivået i Internet Explorer ned til 50%. Då fekk eg ei aha-oppleving:

 

post-77-0-30515800-1353425340_thumb.jpg

 

... men då vert snippet-teksten ute til høgre så liten at den ikkje er lesbar. Dermed viser det seg at problemet er at skjermen min er for liten, og at snippeten vanlegvis hamnar utanfor skjermen.

 

Eg har framleis ikkje fått noko svar frå Nasjonalbiblioteket, så det spørst kor interesserte dei er i å gjere noko. Problemet med den tidlegare bokhylla var dårleg søkjemogelegheit. Trefflista var derimot bra, så eg skjønar ikkje at dei absolutt måtte "øydeleggje" den.

 

Eg har no fått eit svar frå Stig B. her.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Huff så vanskelig det skulle være da! Boka "mi" får jeg fremdeles ikke tak i Ask var helt rart også nå. Det er ikke slik at jeg ikke har gjort det før akkurat. Får håpe at tilbakemeldingene gjør at ting fungerer bedre etter hvert**!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.