Gå til innhold
Arkivverket

Om fadderskapet: kjelder til fadrar utanom kyrkjebøkene


Arnfinn Kjelland
 Del

Recommended Posts

Eg har no fått høve til å ta opp att gransking av fadderskapsrelasjonen etter ei pause på vel eitt år. Eg viser m.a. til dette innlegget i det gamle forumet.

 

Delprosjektet om fadderskapsrelasjonar mellom embetsmenn og bønder har eg funne at eg må legge litt på is. For å kunne seie noko vettug om det vil eg først prøve å få eit overblikk over variasjonane i fadderskapsskikkar blant vanlege bygdefolk.

 

Eit kjeldekritisk spørsmål som dukka opp litt tilfeldig for eit par år sidan, er om alle fadrane som vart brukte står i kyrkjeboka?

 

Grunnen til at det kan vere tvil om det, er at talet på fadrar truleg steig kraftig etter reformasjonen, da Luther avviste at funksjonen medførte eit åndelege slektskap mellom fadrar og dåpsbarn (o.fl.) med dei medfølgjande ekteskapsrestriksjonane. Dette har t.d. Troels Fredrik Troels-Lund skrive om i verket Dagligt Liv i Norden i det sekstende Aarhundrede VIII Bog om Fødsel og Daab (1914). Han peiker m.a. på at ein grunn til at folk ønskte mange fadrar var dåpsgåvene dei kunne rekne med å få. Men også dei lokale geistlege hadde fordel av mange fadrar, for ein del av faddergåveskikken var å ofre både til presten og klokkaren (ordtaket om at det dryp på sistnemnde skal ha opphav i denne skikken).

 

Dei kyrkjelege (dvs. etter reformasjonen dei statlege) autoritetane mislikte tydelegvis denne utviklinga, for i Kristian 4.s kyrkjeordinans frå 1607 vart talet på fadrar fastsett til maksimum 5. Dette har neppe vore etterlevd, for det vart oppattteke og innskjerpa i kyrkjeritualet frå 1685 og eit kongeleg reskript frå 1739.

 

Dette ser vi òg i fadderlistene i kyrkjebøkene, som vi begynner å få frå siste del av 1600-talet: det kunne vere mange fleire enn 5 fadrar. Sjølv registrerte eg for mange år sidan at sokneprest Niels Stockflet i Lesja hadde 14 fadrar da han døypte første dotter si i 1728.

 

Ei kjapp oppteljing av talet på fadrar per dåp i dette prestegjeldet syner at det for åra 1724-28 var i gjennomsnitt 5,67 fadrar per dåp, medan gjennomsnittet for i åra 1749-76 var 5,01 og for åra 1834-44 var det nede i 4,81. Truleg vil ein finne same utvikling mange andre stader. Viss nokon har data som syner det motsette; at det gjennomsnittlege talet på fadrar har auka gjennom 17- og 1800-talet, vil eg gjerne ha tips om det.

 

Denne utviklinga kan m.a. tolkast slik at dei normene som vart innført ovanfrå etter kvart òg vart innførte i lokalsamfunna, i alle fall formelt i samband med presten si kyrkjebokføring. Men mykje tyder på at det likevel lenge var brukt fleire fadrar enn dei som vart innførte. I tradisjonsmaterialet om fadderskapsskikkar, som Ørnulf Hodne analyserte i samband med prøveførelesinga si for doktorgraden i 1978 (trykt i Heimen hf. 1, 1979) fann han tradisjon for at det hadde vore vanleg med fleire fadrar enn dei som vart skrivne i kyrkjeboka (s. 8).

 

Reint tilfeldig kom eg så for eit par år sidan over ei innføring i Norsk slektshistorisk tidsskrift, K. Helland-Hansen: "Annaliske optegnelser. En bergensk familiealmanakk (Heiberg–Schreuder)" (NST IX 1944), der oppskrivaren, tollbetjent Peder Schreuder (f. 1745), har gjeve opp fadrar til seks av barna sin fødde i åra 1783–93. Helland-Hansen undersøkte kyrkjeboka og fann at fleire av dei som er oppført som fadder av faren ikkje er innført der.

 

Dette kan vi no sjekke via dei skanna kyrkjebøkene, og alle bortsett frå den første er oppgjeve i Nykirken i Bergen: dåp 26.9.1783 (s. 40) der Schreuder har sju fadrar, men der dei to siste manglar i kyrkjeboka. Tilsvarande for dåpen 18.11.1785: ni fadrar der fire av de fem siste manglar (prost Hiorthøy som døypte var den siste i fadderlista), dåp 3.2.1787: åtte fadrar der dei tre siste manglar, dåp 14.9.1788: sju fadrar, dei to siste manglar, 9.2.1790: åtte fadrar, dei tre siste manglar, 9.2.1793: åtte fadrar, dei to siste manglar. Det ser altså ut til at det systematisk berre er ført fem fadrar i denne kyrkjeboka.

 

Og dermed er eg omsider ved hovudpoenget med dette emnet: er det nokon som har dumpa borti noko liknande, dvs. private oppteikninga av kven som var fadrar ved dåp? Det er informasjon som no enkelt kan kontrollerast mot kyrkjeboka, og som kan styrke eller svekke ei hypotese om at det å ha fleire fadrar enn det som står i kyrkjebøkene var vanleg.

 

På førehand takk for innspel!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I eit eksemplar av Calendarium Historicum, ei bok som har fulgt Moritsætta, finn ein fleire oppteikningar der fadrane er nemnde. Dei eldste oppteiknigane kan riktignok ikkje kontrollerast mot kyrkjebøker, men etter stikkprøver, ser det her ut til at fem fadrar er "normalen". Du har kanskje allereie studert denne lokale kjelda?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arnfinn.

 

Jeg har registrert av og til at der finnes under skifter, serlig om begge foreldrene er døde, og noen av barnene var umyndige, så nevnes først verge, men der er ofte i slike situasjoner før inn f.eks, barnets morbror/farbror kirkelig fadder. Har funnet dette noen ganger på slutten av 1600 tallet, og spredd frem mot rundt 1830-40.

det har også forekommet at en finner et slikt navn igjen under kausjon ved vielsen.

 

Mvh. Torleif Odland

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for tips. Nei, eg har ikkje arbeidd med materiale frå Volda sjølv.

 

- seier redaktøren for Busetnadssoga for Volda....

 

Men då har du ikkje sett etter i Rasmus Vasbotn sitt "Tidsregister" heller?

Han hadde 7 (1+6) born (men berre 3 som overlevde 2.kona) og nemner faddrane iallfall for nokre av dei.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for det tipset òg, Ivar. Nei, det er heilt korrekt - eg er redaktør for Busetnadssoga (eit reint oppdrag frå Volda kommune), men eg har altså ikkje arbeidd realhistorisk med problemstillingar / materiale frå Volda eller SUnnmøre.

 

Eg kjenner sjølvsagt til hovudtrekka i kjeldematerialet frå Volda, men det eg spør om i denne tråden er eigentleg "nåla i høystakken" - da kan nåler finnast nær sagt kvar som helst. At dei òg kan vere i nabolaget er nokså tilfeldig. Eg skal sjølvsagt slå opp tidsregisteret.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.