Gå til innhold
Arkivverket
Hasse Teigen

Herøy MR, Selje SF, Johannes Olson Espeset, f. 1802

Recommended Posts

Hasse Teigen

Eg er på jakt etter informasjon (fødsel, død og foreldre) om Johannes Olson Espeset (Beitveit), f. 1802 i Herøy (MR).

 

Eg har ikkje funne Johannes som innflytta til Selje, men

17 sept 1823 gifter han seg med Eli Rasmusdatter Beitveit i Selje. Han står då som tjenestekarl, 21 år og frå Espeset i Herøy.

 

Johannes og Eli bur på Beitbeit, Selje og får desse borna:

Olava, f. 1824

Peder Rasmus, f. 1826 d. 1826

Eli, f. 1828 d. 1828

Rasmine Andrine, f. 1831

Helene Margrete, f. 1832

Helene Andrine, f. 1834

Andreas, f. 1835

Rasmus Elias, f. 1839

Marthe Sylvine, f. 1843

 

Johannes får skøyte på bruket på Beitveit, Selje i 1837 (svigerfaren Rasmus Monsen d. 1836), og gjev det frå seg igjen i 1853 slik eg forstår bygdeboka (J. Aaland).

 

FT 1865 er han 64 år g. på Stave, Selje som tenestekarl i lag med sonen Rasmus (her med Selje som fødestad).

 

Kona Eli Rasmusdatter d. 10 des 1870.

 

I oktober 1871 flyttar enkemann og kårmann Johannes Olson Beitveit (f. 1802) frå Selje til Ristesund, Sande for å gifte seg. (Kyrkjebok for Selje, utflytta, og Kyrkjebok for Sande, innflytta (også her f. 1802 i Herøy))

 

2 juni 1872 gifter Johannes Olsson Beitvet seg med Anne Marthe Zakariasdatter Flugevåg. Her er igjen 1802 ført som fødselsår, og Espeset som gardsnamn.

 

Eg kan ikkje finne noko Johannes Olson Espeset døypt i kyrkjeboka for Herøy. (Espeset i Herøy sokn, Herøy prestegjeld) Det nærmaste eg kjem er "12 sept 1802: döbt Ole Johnsen Bringsvorhoues og Margrethe Frantzd. Börn Johannes" i Sande sokn, Herøy. (Eg finn også: "15 mars 1799, døypt Ole Johanness. og Mari Iverdtr.(?) Norre böe's sønn Johannes Martinius" men dette er så pass lenge før 1802 at eg foreløpig har sett vekk frå han.)

 

I Sandesoga, bind 3, s 216 står det om Johannes Olson Espeset at han var son til Ola Jonson Espeset. Denne Ola Jonson Espeset finn eg ikkje i kyrkjeboka for Herøy, men farsnamnet stemmer med Ole Johnsen på Bringsvorhaug (som døyper sonen Johannes 12 sept 1802).

 

I Sandesoga, bind 3, s. 451-452 om Bringsvorhaug står det om Ola Jonson (Lid, Volda) Bringsvorhaug at han hadde ein son Johannes (12/9 1802 - 30/6 1884), busett i Honningsvåg, Selje i Nordfjord.

(Men den Johannes Olson Honningsvåg som står død 30/6 1884 i Honningsvåg, Selje har 1807 som fødselsår. Kan denne Johannes Olson vere son til Ola Jonson (Lid) Bringsvorhaug?)

 

Johannes Olson Bringsvorhaug finn eg konfirmert i Selje i 1819, han bur med Ola Sande, men i kyrkjeboka står dåpsdatoen 12 sept 1800.

 

Er det nokon som veit noko meir om denne Johannes Olson Espeset som fyrst var gift med Eli Rasmusdatter Beitveit, og deretter med Anne Marthe Zakariasdtr i Ristesundet i Sande?

 

Kan eg finne hjelp til å avkrefte eller bekrefte at Johannes Olson Espeset / Beitveit = Johannes Olson Bringsvorhaug? Og i tilfelle, kvifor skulle han bruke gardsnamnet Espeset?

 

Om du ikkje kan hjelpe meg, så takk for at du tok deg tid til å lese innlegget mitt.

Ha ein fin dag!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Er det Johannes Olsen Bringsvorhaug som blir konfirmert her i Selje i 1819? Se innførsel nr. 12:

 

Sogn og Fjordane fylke, Selje, Ministerialbok nr. A 8 (1816-1828), Konfirmerte 1818-1822, side 476-477.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11649&idx_id=11649&idx_listetype=kf&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-6

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070515640499.jpg

 

Nå så jeg plutselig at du allerede hadde konfirmasjonen....

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Foreldrene til den Johannes du har funnet døpt i 1802, ser ut til å ha giftet seg i Volda i 1798:

 

Møre og Romsdal fylke, Volda, Ministerialbok nr. 511A04 (1787-1816), Kronologisk liste 1798, side 88.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15957&idx_id=15957&idx_listetype=kr&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-88

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070829660307.jpg

 

I 1801 bodde Ole Jonsen på Bringsvorhaug: http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=13&filnamn=f1801&gardpostnr=43572&personpostnr=642101&merk=642101#ovre

 

I 1801 hadde Ole og Margrethe sønnen Marinis, 1 år, Her er Martinis døpt i mars 1800:

 

Møre og Romsdal fylke, Herøy, Ministerialbok nr. 507A03 (1789-1825), Kronologisk liste 1800, side 34.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15944&idx_id=15944&idx_listetype=kr&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-34

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070829630114.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Hasse Teigen

Tusen takk Grethe!

 

Vielsen til Ole Jonsen og Margrete Fransdatter i Volda hadde eg ikkje funne. Her ligg ein del helgearbeid og ventar på meg... Takk igjen for hjelpa!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×