Gå til innhold
Arkivverket

Caroline "Lena" Quam Olson (1880- ) - 1905 enkje i Barron Co., WI - kvar vart det av ho? - ein skikkeleg "nøtt"!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i lengre tid "balt" med dette problemet frå Amerika og står no "bom fast". Kanskje ein eller annan "Amerika-ekspert" har noko å bidra med?

 

Caroline Andrea "Lena" Quam, yngste dotter av Andrew J. Quam (1832-1905) og Anna Olson (1837-1892), som i 1862 utvandra til Amerika frå Hafslo i Sogn og budde i Barre township, La Crosse Co., WI (der dei budde i 1880, men ikkje finst i 1870!) til dei i 1882 busette seg i Menomonie, Dunn Co., WI, var fødd i La Crosse Co., WI 10.11.1880. Ho gifte seg i St. Paul, MN 18.5.1901 med Odin J. Olson, fødd i Dunn Co., WI 12.3.1875 med foreldre frå Nes i Akershus. Han døydde i St. Paul, MN 25.7.1902 (tuberkulose). Dei fekk ei dotter i lag:

 

* Evelyn Gladys Olson, fødd i St. Paul, MN 13.4.1902, døydde i Dallas, Barron Co., WI 19.3.1903

 

I 1905 finn me Caroline Olson som "dressmaker" og enkje, busett i Dallas, Barron Co., WI, 24 år gamal.

 

So kjem me til det store spørsmålet:

 

KVAR VART DET AV CAROLINE "LENA" ETTER 1905?

 

Eg har vore i kontakt med skyldfolk (etterkomarar etter søskeni hennar), men alt dei veit å fortelja er at ho var gift med "Jack" Olson og at ho var uvanleg vakker! Ho døydde før 1943, men ingen veit kvar!

 

Ho hadde berre tre søsken som voks opp:

 

* John Edward Quam (1872-1912), budde òg ei tid i Dallas, Barron Co., WI, men flytte til Spirit Lake, ID. Enkja hans flytte attende til Barron Co., WI og budde der.

 

* Ole Andreas Quam (1874-1943), budde levetidi ut i Menomonie, Dunn Co., WI

 

* Ella Christine Quam Erickson (1876-1949), var gift og budde levetidi ut i Mondovi, Buffalo Co., WI

 

Greier nokon å løysa denne floken for meg? I so fall ville eg verta svært so glad! Hjarteleg takk på førehand!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Vibeke for innlegg frå 1880-teljingi!

 

Som me ser, var det berre tre born i huslyden i 1880. Yngste dotteri Caroline var fødd etter teljingi vart gjort.

 

Andrew og Anna skal i alt ha hatt ELLEVE born, men eldste barnet døydde i Noreg før dei utvandra, og to born skal vera avlidne i difteri hausten 1864. So fekk dei tre "nye" born, Caroline (den eldre) 1866, Ole Andreas (den eldre) 1868 og ein me ikkje kjenner namnet på (1870?). Alle desse tre skal vera avlidne i ein ny difteriepidemi kring 1871, før dei altso fekk dei fire nemnde borni og eitt til som døydde 1879. Tenk på korleis desse foreldri må ha hatt det etter at dei eldste seks borni vart tekne frå dei so brått...

 

Det er skikkeleg underleg at me ikkje finn huslyden i 1870, men det største problemet er likevel lagnaden til den yngste Caroline Quam Olson etter 1905...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.