Gå til innhold
Arkivverket

Inga Larsdtr, f 1847, frå Lie i Bergsdalen nær Voss


Marianne Bakketun
 Del

Recommended Posts

Inga vart fødd 27/1-1847 og konfirmert 6/10-1861. Foreldra var Lars Johnsen Lie og Guri Andersdtr Røthe. Inga hadde 3 søsken, Marta f 4/3-1851, John f 18/5-1853 og Ingeborg f 12/9-1859. I fylgje bygdebok for Evanger vart garden seld i 1864 og familien utvandra til USA. Men Inga var ikkje med dei, for ho flytta først til Sørlandet og gifta seg med ein skibsreidar og fekk tre born (to jenter og ein gut). Mannen døydde og Inga reiste med borna til England for å utdanna seg som sydame/skreddar. Sidan utvandra ho også til USA og gjorde det bra som sydame i Chicago. Gifta seg med ein ire som heitte Nichols.

 

Spørsmåla mine er som fylgjer:

 

Kva tid flytta Inga frå Voss?

Veit nokon når og med kven Inga gifta seg på Sørlandet? Det er vel eit skot i blinde, for "Sørlandet" er stort?

Kva med dei tre borna? Kva tid var dei fødde?

Kva tid reiste ho til England?

Kva tid kom ho til USA?

Greier nokon å finne Inga i 1910-teljinga for Chicago?

Kva tid utvandra Lars, Guri og borna? Har funne dei i 1870 og 1880 teljinga for Chicago, men finn dei ikkje utflytta frå Voss.

 

Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Legger inn dåpen til Inga,født 27 jan 1847,døpt 28 feb 1847.

 

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Voss, Ministerialbok nr. A 13 (1836-1851), Fødte og døpte 1847, side 130.

Permanent sidelenke:http://www.arkivverk...y&idx_side=-133

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70524640638.jpg

 

 

Foreldrene,Lars Johnsen Lie,24,og Guri Andersdatter Røthe,29,ble viet 3 juni 1845 i Voss.

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Voss, Ministerialbok nr. A 13 (1836-1851), Ekteviede 1845, side 192.

Permanent sidelenke:http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11773&idx_id=11773&uid=ny&idx_side=-195

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070524640700.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tviler på at det er mi Inga som er tenestejenta i 1865-teljinga. Det vart nemleg fødd ei Inga Larsdtr i 1845 på Evanger.

 

Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars Johnsen Lie og Guri Andersdatter i 1880

 

Louis Lee, "United States Census, 1880"

name : Louis Lee event: Census event date: 1880 event place: Chicago, Cook, Illinois, United States gender: Male age: 50 marital status : Married occupation : Tailor race or color (original) : ethnicity (standardized) : American relationship to head : Self birthplace : Norway birthdate : 1830 spouse's name : Gurie Lee spouse's birthplace : Norway father's name : father's birthplace : Norway mother's name : mother's birthplace : Norway Household Gender Age Birthplace

self

Louis Lee M 50 Norway wife

 

Gurie Lee F 64 Norway daughter

 

Bella Lee F 21 Norway

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for dette Ann-Mary. Eg har kontroll på Lars, kona og born i 1870 og 1880 borti USA. Det er kor tid dei kom til USA og kvar den eldste dottera Inga var etter konfirmasjon i 1861 eg/me ikkje har kontroll på. Tenestejenta i 1865 er ei anna Inga Larsdtr. Ho vart gift på Voss/Evanger i 1877. Far Lars Larsen, ikkje Lars Johnsen.

 

Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Veit ingen ting om Nichols. Berre at Inga var utdanna sydame/skreddar og hadde eige systove/forretning i Chicago. Ein slektning av dama som prøver å nøste opp ting, var på vitjing i Chicago i 1909, men han er sjølvsagt død og mykje historie har gått tapt.

 

Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kanskje ikkje noko som hjelp deg noko, men litt artig likevel. I skifte etter mor til Guri, Martha Eriksdtr i 1874, så er ikkje Guri nemnd i det heile, så vidt eg kan sjå.

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Hardanger og Voss sorenskriveri, Voss tinglag, Skifteprotokoll Ae 4 , 1856-1881, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Register på lesesal.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.n...read/24123/258/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...81120640258.jpg

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser ut som etterkomarane hugsar feil ang Inga sitt liv. Har noko på gang som tyder på at ho reiste til USA rundt 1864 - 1869 og vart gift der borte. Skal undersøke litt meir før eg legg ut resultatet.

Takk til alle som ville hjelpe.

 

Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.