Gå til innhold
Arkivverket

Torvik i Møre og Romsdal - gifte og fødde ca 1893 - 1898


Marianne Bakketun
 Del

Recommended Posts

Eg har leita etter lensmann Peder Chr Larsen Sæbø sitt andre ekteskap. Fyrste kona døydde i februar 1893. I juni 1894 får han ein son, Knud Marius og i juni 1898 får han nok ein son, Asbjørn. Begge borna si mor er Ingeborg Knutsdtr. I folketeljinga 1900 står det at desse borna vart fødde i Torvik i Eid, Romsdal, men eg finn dei ikkje. Har funne dei konfirmert i Eid/Voll. Tips om kva kyrkjebok eg skal slå opp i?

 

Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for hjelp, Carsten. På "skøy" har eg nøsta litt rundt lensmannen sin son Peder Ingvald Sæbø, lærar og hobbyfotograf. Han gifta seg på Voss i 1923. Har ikkje noko oppdrag. Men veit du noko om Peder Ingvald og livet hans på Voss, er det av interesse.

 

Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det har jeg Marianne, fra "Studentene fra 1914", utgitt 1939:

 

Peder Ingvald Sæbø, kaptein og adjunkt, Voss.

 

Fødd 11. okt. 1891 i Voll i Romsdal. Son til lensmann Peter Christian S. (11/9 1842 - 21/8 1933) og Marit f. Brudeset (27/11 1847 - 24/2 1893). Gift 11/7 1923 i Rolvsøy med Alvhild Houg, f. 14/2 1899 i V. Aker, dtr. til fabrikstyrar David Ferdinand H. og Ågot f. Næss. (Her er nevnt 3 barn med f.data).

 

Eksamen ved Krigsskulen, øvste avd. 1917. Premierløytnant 1917 i inf., i festn.art. 1917-19, i 4. Div.inf. 1919-30. Frå 1930 kaptein i 4. Div.inf. (Fjordane Regiment). Hev ved ymse høve tenestegjort i 2., 5. og 6. Div. og ved H. M. Kongens Garde.

 

1920-21 kst. adjunkt og styrar ved Voss komm. millomskule. Frå 1921 adjunkt ved same skulen. Sidan 1929 formann i Turistnemndi for Voss. Hev elles vore i styret for Norsk Selskap for Fotografi o. fl. Skyttarorg. sylvmed,. Hærens skytemed., idr.mrk. i gull.

 

Livssyn: "Eg var ung - 14 år - i 1905, var vinstremann og republikanar, vilde eit land som er "frelst og fritt" og vart tidleg skyttarlagsmann og målmann. Dette og meir til gjorde at eg vart officer. Republikanaren hev nok vorte meir kongevenleg med tida, men elles er dei same ideane levande framleis. Difor nyttar eg norsk mål i soldatupplæringa på moen og i arbeidet mitt elles, endå det i mange høve hadde vore meir lønsamt å være "nøytral" i målstriden og nytta bokmål.

 

Enno ser eg det so at arbeidet for norsk kultur og for norsk forsvar høyrer naturleg i hop. Og enno meiner eg at skal me nokon gong verta nøydd til å senda ungdomen vår i krig for å verje land og rike, so må det vera av di dette landet er norsk - so norsk som kvar einskild av oss maktar å gjera det. Lenger er eg ikkje komen enno".

 

Studentene fra 1920, utgitt 1945:

 

Alvhild Sæbø, f. Houg, husmor og timelærar, Voss, f. 14/2-99 i Maridalen, V. Aker, dtr. av fabrikstyrar David Ferdinand Houg (12/3-59 - 14/2-29, Hurdalen) og Aagot, f. Næss (19/8-70 - 1/4-39, Skedsmo).

 

Lærarprøve 1921, Oslo. Noko vikararbeid i den høgare skulen sidan 1927, timelærar ved Voss Realskule. Har vore medlem av styret for Voss Kinolag og Voss Folkeboksamling. I fleire år formann i Voss Kvinnelag, styremedlem i Voss Venstrekvinnelag og Voss Helselag. For tida formann i Voss Helselag.

 

Carsten

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk, Carsten. Dette var litt fleire opplysningar enn eg hadde funne. Men eg stussar på vigsla. Dei er innført i kyrkjebøker for Voss - vigde borgarleg. I meldingsfeltet står det: Vigde av Onsøy sorenskriver. Melding 11/7-23. Dei budde vel på Voss i 1923? Ellers var det artig å lese at kona hadde vore medlem i styret for Voss Folkeboksamling........ eg jobbar nemleg på biblioteket.

 

Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.