Gå til innhold
Arkivverket

Kari Johnsdotter - fødd Hafslo 1770 - tente 1801 i øvre Amla i Sogndal - kvar vart det av ho?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Kari Johnsdotter vart fødd på garden Mo i Hafslo og døypt der 16.4.1770 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1992&idx_id=1992&uid=ny&idx_side=-59). Foreldri John Knutson og Gjertrud Johannesdotter vart sidan strandsitjarar i Sogndalsfjøra i Sogndal!

 

FT1801 for Sogndal syner at Kari Johnsdotter, då 31 år gamal, var ugift tenestejente hjå proprietær Michael Falch på øvre Amla, Kaupanger sokn (http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=26&filnamn=f1801&gardpostnr=41181&personpostnr=597054#nedre).

 

Etter dette vert Kari borte frå Sogndal. Eg finn ho korkje gift eller avlidi i Sogndal!

 

Kari hadde berre ei søster som voks opp:

 

Siri (Sigrid) Johnsdotter, døypt i Sogndal 25.9.1774. Denne Siri er heller ikkje gift eller avlidi i Sogndal!

 

Kvar kan dei to søstrene ha vortne av?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No har eg funne att Siri (Sigrid) Johnsdotter! Ho gifte seg i Sogndal 2.7.1795 med ein Jacob Jacobson frå Hagen under Kaupanger, og dei busette seg i Hagen der Jacob døydde i 1826. Siri ølevde framleis i 1833, men dødsfallet hennar er ikkje å sjå i Sogndal!

 

Kari Johnsdotter er framleis som "sokki i jordi"...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har oppdaga at Kari Johnsdotter hadde ein "uekte" son:

 

Johannes Larsson, døypt i Sogndal 23.3.1795 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11657&idx_id=11657&uid=ny&idx_side=-181).

 

Denne Johannes Larsson budde 1801 hjå bestemori Gjertrud Johannesdotter i Sogndalsfjøra i Sogndal, men liksom mori forsvinn, ser me heller ikkje noko meir til sonen i Sogndal.

 

Kanskje sonen flytte bort (i ung vaksen alder) og tok mori med seg?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.