Gå til innhold
Arkivverket

Kaspara Karlsen i Bergen 1908 - kven var ho??


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eli Eriksdotter Svensøy, sidan kjend som Ellen Eriksen, var fødd i Luster 24.6.1857 som "uekte" dotter av Britha Olsdotter Svensøy (1835-e. 1900 USA) og Erik Halvorson Holmestad (1833-1906 USA).

 

Ellen flytte i ung alder til Bergen der ho i 1875 er nemnd som tenestejente hjå ein bakar i 22. rode nr. 138.

 

Ellen er i 1881 rekna opp mellom dei "prostituerte" i Bergen.

 

Den same Ellen Eriksen var visstnok i 1891 tenestejente hjå Dr. Vogt, overlækjar ved Fødselsstiftelsen.

 

So døydde Ellen Eriksen i Bergen (sjukehuspresten) 7.12.1908. Ho var då busett på Lungegaarden i Bergen.

 

Dødsmeldingi hennar seier dødsdatoen var 9.12.1908 (http://arkivverket.no/URN:sk_read/27890/190/).

 

Ellen var tydelkeg ugift, men hadde ho likevel born?? Dødsmeldingi seier berre "Offentlig hjælp v/Kaspara Karlsen".

 

Og då er det at eg vert nysgjerrig: Kven var KASPARA KARLSEN? Eg finn ikkje nokon med dette namnet på Bergenkanten korkje i 1900 eller i 1910 som høver som "tilsynsperson" til Ellen??

 

Eg takKkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for spennande innlegg!

 

Dette ser jo heilt klart ut som det må vera same jenta, men ho har nok ikkje fortalt heile sanningi når det gjeld opphavet sitt! Far hennar gifte seg med ei onnor Britha og utvandra med ho til Amerika i 1861, medan mori, som sidan òg fekk ein son (barnefaren der var min eigen oldefar...!), utvandra til Amerika i 1885. Son hennar var utvandra i 1882.

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt spennande innlegg! Du treng ikkje vera på villspor kvar gong du kjem med gode forslag, Grethe! Eg tykkjer dette høyrest lovande ut; so er det berre å sjå om Berta Kaspara er i Bergen i 1910?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.