Gå til innhold
Arkivverket

Maria Johannesdotter Aarøen f. Moe (1875- ) - lagnaden hennar via dødsmeldingar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Maria Johannesdotter Moe, fødd i Hafslo 22.12.1875, gifte seg i Sogndal 9.7.1919 med enkjemannen Anders Erikson Aarøen, fødd i Sogndal 20.4.1865. Han var snikkar, og dei budde i Sogndalsfjøra i Sogndal, men Anders døydde på gamleheimen i Sogndal 28.8.1942.

 

Maria skal ha levd att som enkje, men dødsfallet hennar er ikkje funne i Sogndal 1942-1975.

 

Heller ikkje finn me dette dødsfallet på Hafslo (om ho skulle vera flytt attende).

 

Maria fekk ein son:

 

* Kristian Martinson Moe, fødd i Hafslo 29.9.1900, gifte seg i Bergen 8.11.1930 med Olga Gurine Olaisdotter Skivenes, fødd i Hyllestad 16.6.1901. Dei skal ha butt i Hyllestad, men vart truleg skilde. Olga Gurine døydde på Salbu i Hyllestad 12.8.1958.

 

Aktuelle dødsmeldingar som kan fortelja om Maria og/eller sonen Kristian:

 

** Kristoffer Johannesson Moe, bror hennar, budde på Otterhjell i Fresvik, men døydde barnlaus på Leikanger 16.1.1975

 

** Anders Johannesson Moe, bror hennar, budde i Odda til 1972, flytte då som pensjonist til Rønnei i Luster og døydde der 2.5.1975

 

** Olga Gurine Skivenes Moe(?), svigerdotteri, døydde på Salbu i Hyllestad 12.8.1958

 

Frå dødsmeldingane etter Kristoffer og Anders er eg interessert i kva dei måtte seia om søsteri Maria og/eller borni hennar, inkl. Kristian?

 

Frå dødsmeldingi etter Anna Gurine er eg interessert i sivilstatus, bustad, kva namn ho nytta ved dødsfallet, og oversyn over ervingane hennar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Da Olga Gurine døde i 1958 var hun "fråskild arbeidarkone", og hadde etter seg barna Olav Moe og Dagny Skivenes, Oslo.

 

Da Kristoffer J. Moe døde var broren Anders J. Moe og en sønnesønn av avdød kone arvinger etter testament.

 

Anders J. Moe etterlot seg enke Laura og søskens barn, som arvet etter testament:

 

Bror Johannes, død, etterlatt Ola Flathun, Anders Flathun og Brita Frivoll, alle i Odda

Søster Maria Moe, Årøy, død, etterlatt sønn Kristian Moe

Søster Marta Moe Elveset, død, etterlatt seg: Karen Moene, Hafslo, Ola Elveset, Sunndalsøra, Jenny Moe, Odda og Anna Kvam, Hafslo

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 år senere...

Kom over denne tråden på forumet i dag. 

Kristian Moe flytte til Fresvik og kom som dreng på bruk 3 i Øvre Hatlelid rundt 1946. Ellend Eilifson Hatlelid (1858-1952) som dreiv bruket døydde i 1952 og den ugifte dottera Anna  (1900-1993) var den som dreiv vidare. Kristian vart verande på garden og det var også snakk om giftarmål men det kom då for dagen at Kristian alt var gift og giftarmålet vart avlyst. Han og Anna budde på bruket fram til dei begge flytte inn på Fresvik Bygdaheim og var der siste tida dei levde. 

Bruket vart selt til naboen i Hatlelid.

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.