Gå til innhold
Arkivverket

Gloppen SF - Peder Larsson Dale og Peder Larsson Dale - kvar reiste den andre?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Peder Larsson Mykland vart fødd og døypt i Gloppen i 1746. Han vart konfirmert i 1764,gifte seg i 1779 med Eli Antonsdtr Hole, busette seg på garden Dale og fekk borna Borgny 1780-1780, Margrete 1781-1855, Lars 1785-1789, Lars 1789-1789, Anne Marie 1790-1852, og Borgny 1794-1804. Han er tald på Dale i 1801 saman med kone og dei tre døtrene som var i live - som Huusbonde, begge i 1ste ægteskab, bonde og gaardboer. Han døyr i 1804, og skiftet etter han viser enkja og dei to døtrene som overlevde han.

 

Han er såleis godt dokumentert frå vogge til grav.

 

Det er litt verre med namnebroren Peder Larsson Dale, som viser seg for fyrste gong i 1764, når han gifter seg med Marte Eriksdtr Sandene. Dei får borna Marte 1765, Lars 1768, Eli 1770, Marte 1773 og Erik 1776.

 

Med så gjort forsvinn han ut av historia, og verken han, kona eller borna er nemnde i kyrkjebøkene meir.

 

Kven var han? Kvar kom han frå og kvar vart det av han?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan disse være aktuelle?:

 

https://familysearch...ame:Eriksdotter~

 

Lenger nede på siden her er det også en Lars Pedersen Dahle som dør i Bergen, ser at fødselsåret ikke stemmer helt, men det bør vel egentlig tas med en klype salt det vet vi jo fra før.

 

Hmm..lenken virket ikke, men denne da:

 

https://familysearch...M9.1.1/NWDQ-RLG

 

og denne, selv om det her er et annet etternavn:

 

https://familysearch...M9.1.1/NWD7-39Z

 

og her er en Lars Pedersen Dahle død:

 

https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/NWVY-722

 

Mvh. Kjell

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kanskje - men ser du på neste barn dette paret får i Bergen er faren kalla Peder Larsson Schelle. Dette minner svært om bygdeuttalen av gardsnamnet Skinlo - ikkje så svært langt unna Dale, men likevel. På Skinlo manglar eg ein Peder Larsson som vart konfirmert i 1758 og er nemnt som busett i Bergen i 1791 - men eg har aldri tenkt tanken at det kan vere same mannen som har hatt ein gjestevisitt på Dale. Men kanskje? Dette må eg studere litt meir, takk skal du ha.

 

Harald Lorentz - kva har du på Peder Larsson Skinlo?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Harald Lorentz - kva har du på Peder Larsson Skinlo?

 

Eg har ikkje meir enn at han i 1791 skal være busett i Bergen.

 

Eg og er samd i at dette er ein svært så spennande kandidat til Peder Larsson Skinlo (eller Skillja som uttalen er på Breim ettersom eg forstår).

 

Peter Martin var i alle fall døpt i Domkirken i Bergen, se nederst på venstre side:

 

http://www.arkivverk...show=110#bunnen

 

..og her er Jacob Johannes:

 

http://www.arkivverk...show=121#toppen

 

Kjell:

Linkane dine virkar ikkje!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Endå meir spennande vil det bli om Peder Larsson Schelle = Peder Larsson Skinlo = Peder Larsson Dale. Her må studerast litt meir rundt herr Schelle og hans folk i Bergen.

 

Skulle vi kome til det resultatet må ein vel seie at vi har gått over bekken etter vatn.

 

Vi har altså to born i Domkirken i Bergen:

 

Peter Martin døypt 19 mars 1780 - far arbeidsmand Peder Larsen og kona Marte Eriksdtr; fødselsdato 15.03

 

Jakob Johannes døypt 6.juli 1783 - far Peder Larsen Schelle og kona Marte Eriksdtr, fødselsdato 27.06

 

 

Dersom vi har funne Peder Larsson Skinlo her er han 43 og 46 år - passar.

 

Dersom det er Marte Eriksdtr Sandene vi har funne veit vi ikkje alderen, sidan vi verken har dåp eller konfirmasjon på henne, men kanskje er ho fødd i lakuna på slutten av 30-talet, som Peder? I så fall er alderen passeleg.

 

Eg repeterer namn og fødselsår på Marte Eriksdtr sine born: Marte 1765, Lars 1768, Eli 1770, Marte 1773 og Erik 1776.

 

Dei skulle eventuelt bli konfirmerte i perioden 1780-1790, ca, og der har vi ein database for Domkyrkjesoknet. Eg finn nokre namn som kanskje kan passe.

197 Marthe Pedersdatter hos Forældr. i Marken f StiftsProvsten Doct. Mossin 2704 Dom. Qvasimod. 1783

551 Elen Pedersdatt. f Hr. Angel 0110 Dom. XVI p. Trin. 1786

796 Marte Pedersd. h. Amtm. Gunnerus f Hr. Thomas Angel 1904 Dom. Qvasimod. 1789

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skal vi finne Peder Larsson eller Marte Eriksdtr i 1801 bør dei vere rundtom 64 år.

 

Det nærmaste eg kjem er dette på Marte, Peder ser eg ikkje.

 

http://digitalarkive...merk=14305#ovre

 

Hos undersøkelseskommisjonen i 1804-5 finn vi denne 5030 Peer Larsen Schello Gloppen 36 Bergen Snedker Arbeidsmand fløttet til No 91 i s: Rode. 0

 

men denne må vere fødd rundt 1770 dersom alderen er rett, og er vel dermed identisk med ein anna Peder L SKinlo vi kjenner til med det fødselsåret.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, begge kan passe i alder. Er St Jørgen ein høveleg stad å gravlegge folk frå Domkyrkjesoknet?

 

Då trur eg vi må spørje bergensekspertane.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars Peerson Dahl frå Gloppen i Undersøkelseskommisjonen - litt feil alder..

 

Denne 61228 Marthe Erichsdtr K 79 1/2 G, Peder Larsen Drager's Kone 18-154, Des 28 601 1806 StJ fglass.gif

 

bør vere fødd allereie rundt 1726, men vi veit alle at alder er eit relativt begrep.

 

Går vi tilbake til 1801 på den adressa som Marte Eriksdtr døyr på finn vi dette:

12329 * Hans Jacob Michelsen Huusfader 34 Begge i 1. ægteskab Væver arbeidsmand M fglass.gif 12330 Elen Michelsen Hans kone 31 Begge i 1. ægteskab K fglass.gif 12331 Marthe Elizabeth Hansdtr Fælleds datter 9 K fglass.gif 12332 Elen Hansdtr Fælleds datter 7 K fglass.gif 12333 * Peeder Peedersen Huusbonde leyer 66 Begge i 1. ægteskab Arbeidsmand M fglass.gif 12334 Marthe Peedersdtr Hans kone 63 Begge i 1. ægteskab K fglass.gif 12335 Anna Inger Paulsdtr Foste datter 5 K fglass.gif 12336 Marthe Larsdtr Foste datter 4 K

 

Det interessante her er at Elen Michelsen er Pedersdtr når ho gifter seg i DK i 1792.. og etter alderen her skal ho vere fødd i 1770...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Der jobba vi samtidig, Harald - eg trur vi kan vere inne på noko.

 

Peder Larsen død 1807 på same adressa - 61628 Peder Larsen M 74 Drager, 18-154, Des 14 Des 21 1807 StJ

 

Går vi vidare på same adressa etter 1815 finn vi denne

12501 1835 1211 0611 Pige Martha Pedersd. Dahle 18-154 50 Aar K

Domkirken fglass.gif

 

- ca fødselsår 1785, passar ikkje på nokon av dei vi har.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tilbake til Marte Eriksdtr som døydde i 1806 - er ho identisk med Marte Pedersdtr, hans kone, i 1801 (og det må ho nesten vere) - har ho blitt 13 år eldre på 5 år i følgje rask hovudrekning. Dette blir meir og meir spennande.

 

Det blir ein del høgt-tenking med meg sjølv her.

 

Eg lagar meg no ein arbeidsteori om at Peder Larsson Dale og kona Marte Eriksdtr som vi vigde i Gloppen i 1764 er identiske med dette paret frå Bergen 1801:

 

Peeder Pedersen - Huusbonde leyer 66 Begge i 1. ægteskab Arbeidsmand M

Marthe Peedersdtr - Hans kone 63 Begge i 1. ægteskab

 

Vi veit at dei døyr under namna Peder Larsen og Marte Eriksdtr, med ein alder som passar til dei vi manglar i Gloppen.

 

Eg prøver no å plassere personane rundt dei i høve til barneflokken eg kjenner frå før.

 

Hovudpersonane i hushaldet er Hans Jakob Michelsen og Elen Michelsen. Vigsla deira er heri 1792 - han heiter då Hans Jørgen.

 

Brura heiter Elen Pedersdtr og har i 1801 ein alder som stemmer med fødselsåret til Eli Pedersdtr på Dale i Gloppen (1770).

 

Hans Jørgen og Elen har to døtre. Den fyrste i 1792 har fleire prominente namn blant fadrane. Den andre, i 1795, har følgjande fadrar: Knud Dals kone - Marte Pedersdtr - Anders Eriksen - Iver Iversen og Lars Dahl.

 

Her legg eg særleg merke til Anders Eriksen - fordi Marte Eriksdtr har ein bror som heiter Anders som forsvinn frå Gloppen etter konfirmasjonen i 1773.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her har det vært ypperlig jobbing ser jeg! :) Har vært på jobb og skal på jobb igjen i morgen tidlig, men det ser i alle fall ut til at familien er funnet, og det er jo hovedsaken. Jeg så ellers noen navn som faddere på det første barnet til dette paret født i Bergen (Peter Martin), mener å huske at det stod en Gabriel Eriksen og en Andreas Eriksen, kan disse ha noe med moren Marthe å gjøre, altså søsken av henne? Sannsynligvis er den Andreas Eriksen den samme som den Anders Eriksen du Aase skriver om, men så var det denne Gabriel da.

 

http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070306650477.jpg

 

Nå håper jeg lenka virker, ikke så enkelt å få det til med middagslaging og full fart til jobb tidligere i dag :)

 

Skal bli kjekt å se på denne tråden etter jobb i morgen, dere er utrolig flinke!

 

Mvh. Kjell

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fantastisk, Kjell! Så langt var eg ikkje komen - men eg kan fortelje deg at Gabriel Erikson er Marte sin bror, ikkje sett i Gloppen etter konfirmasjonen.

 

Kva konklusjonar kan eg trekkje då? Litt varsamt no, så eg ikkje går snarvegar - men vi må kunne fastslå at dei to borna i 1781 og 1783 er fødde av paret som i Gloppen heitte Peder Larsson Dale og Marte Eriksdtr.

 

Har vi prov for at desse to dåpane skal knytast til paret som eg har arbeidd med i 1801?

 

Og sidan den eine dåpen opererer med farsnamnet Schelle - korleis provar vi at Peder Larsson Dale = Peder Larsson Skinlo?

 

Seint på kveld no, eg ser vel ting klarare i morgon.

 

Eg ser forresten ein Rasmus Børresen blant fadrane på Schelle-dåpen, og eg manglar ein Rasmus Børreson Hunskår f.1734. Hunskår ligg nær både Dale og Skinlo.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

De er rasande flinke,så eg burde vel ikkje leggja meg bort i dette. Berre ei oppklaring. Denne Peder Larsen f.kring 1737

er vel son til Lars Olsen Stensaker,som gifte seg med jordajenta Marte Jakobsdtr. Skinlo,og overtok br.nr. 5 Skinlo.

Versonen deira: Lars Pederson Hetle,g. m. syster til Peder: Tora Larsdtr. Skinlo er forlovar i 1764 til Peder Larsen og Marthe Ericsdtr. Det er og Jørgen Børges. Hunskår. Tore Larsdtr. Skinlo er fadder på Marthe i 1765,også Lars Reed. Fadrar i

1768 på sonen Lars, finn vi m.a. Lars Pedersen Skinlo og Jacob Fossem.

Mvh Einar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Same mann, kanskje?

 

51533 Gabriel Erichsen m 42 dagløner, omkom sig selv ved at skiære sig i halsn, 5-75, fri jord i stilhed Jul 15 1784 StP

 

Og takk for innspel, EInar, ja det er denne Peder vi snakkar om, men at han skulle vere identisk med Peder Larsson Dale, "den andre" som forsvinn frå Dale, som han faktisk viser seg å vere, er vel ei overrasking for deg og!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bødkersvenn Lars Pedersen giftet seg første gangen den 21. mai 1793 i Domkirken med Malene Olsdatter:

 

http://www.arkivverk...70306660603.jpg

 

..og andre gangen i Korskirken den 27. sept. 1801 med Anne Helmine Olsdatter:

 

http://www.arkivverk...70321630030.jpg

 

Første barnet i det andre ekteskapet ble oppkalt etter hans første kone, og her er en Petter Persen fadder, trolig broren til Lars:

 

http://www.arkivverk...70321610523.jpg

 

..og det andre barnet, Berenth Olai:

 

http://www.arkivverk...70321610538.jpg

 

Når Malene Larsdatter Dahl(e) gifter seg i 1826 (nr. 12, nederst på siden) er faren nettopp død:

 

http://www.arkivverk...70321660035.jpg

 

Her gifter Berent Olai seg. Han har uten tvil fortsatt arbeidet til faren som bødker (øverst på siden):

 

http://www.arkivverk...70321660047.jpg

 

Lars Pedersen Dahl og Malene Olsdatters datter Ingeborg Martine f. 26. febr. 1794:

 

http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070321610466.jpg

 

Sammen med den andre kona får han også barna Martin f. 28. febr. 1807, Olava Martine f. 22. des. 1811 og Johanne Elisabet f. 16. sept. 1812.

 

Dette får vel holde tenker jeg.

 

Mvh. Kjell

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bergen er utan tvil full av breimningar - problemet er å identifisere dei. Men leiting i fadderlistene kan nok føre til fleire funn! Men i mange tilfelle vil vi ikkje kunne vere 100 % sikre, som med denne Rasmus Børreson - alt stemmer, men vi kan ikkje utelukke at det finst andre kandidatar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Peder Larsen Skinlo. f.1737,eller deromkring, er oppgitt som buande i Bergen ved skiftet i 1791 og er då ugift.

(Skiftet er halde på Støve etter Jon Jakobsen. Ein av arvtakarane er Marthe Jacobsdr. Skindlo.)

Det ville overaska meg stort om der var feil i skiftet. Men det ville gleda meg om vi kunne finna Per Larssen Dale

fødd i Gloppen.Det er no denne lakuna då som har vore ei plage før også.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.