Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Lars E. Øyane

Bertina "Berteen" eller "Tena" Peterson Read(d)y - fødd i Columbia Co., WI 1874 - gift og skild - men kven var mann hennar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg slit med ein nøtt frå Wisconsin eller Minnesota som eg ønskjer å dela med andre. Kanskje ein eller anna "ser" ei løysing i det fjerne?

 

Ole Pederson (1829-1903) og Kari Johannesdotter (1831-1915) utvandra i 1862 frå Mo i Hafslo til Columbia Co., WI der dei framleis budde i 1900 (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=7602&iid=004120620_00931&fn=Ole&ln=Peterson&st=r&ssrc=&pid=73555616), då hjå dotteri Annie Maynard, som hadde teke over farmen. Ole og Kari fekk mange born, og eg har spora dei alle, men eine dotteri har skapt vanskar for meg:

 

* Bertina, kjend som Berteen eller Tena, Peterson, fødd i Columbia Co., WI 9.3.1874.

 

I 1904, ved arveoppgjøret etter faren Ole, er ho nemnd som Tena Peterson busett i Minneapolis, Hennepin Co., MN

 

Eg finn ho ikkje korkje i FT1905 eller i FT1910

 

Ved FT1920 bur ho hjå broren James i Minneapolis, Hennepin Co., MN og er då nemnd Berteen Ready, machine operator in dry goods store, utan ektestatus, men rimeligvis skild(?) (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=6061&iid=4312183-00255&fn=Bertun&ln=Ready&st=r&ssrc=&pid=45111709). Bertina er IKKJE hjå bror sin korkje i 1900, 1905, 1910 eller 1930!

 

Ein referanse frå 1930 (eg finn ho ikkje att i FT1930) seier at Bertha Readdy, widowed, var "operator of a wholesale m...." og busett i Minneapolis, Hennepin Co., MN

 

Ein referanse frå 1937 nemner ho under namnet Berteen Readdy, busett i San Francisco, CA

 

Ved FT1940 bur ho åleine i Lodi, Columbia Co., WI, då som skild under namnet Verteen Readdy (http://interactive.ancestry.com/2442/m-t0627-04466-00370/76108436?backurl=http%3a%2f%2fsearch.ancestry.com%2fcgi-bin%2fsse.dll%3fdb%3d1940usfedcen%26h%3d76108436%26indiv%3dtry%26o_vc%3dRecord%253aOtherRecord%26rhSource%3d6061&ssrc=&backlabel=ReturnRecord) - her står det òg at ho i 1935 var busett i San Francisco, CA

 

Frå 1934 finst ho regelmessig innført som "machine operator" i San Francisco, CA city directories, men eg har gløymt å merka meg skrivemåten av namnet hennar.

 

So skal ho vera avlidi i Sebastopol, Sonoma Co., CA 4.4.1960, men denne dødsfallsinnførsli finn eg i dag heller ikkje att.

 

Eg har følgjande spørsmål som eg vonar å få hjelp til å løysa:

 

* Er det mogeleg å finna Bertina i FT1900, FT1905, FT1910 og FT1930?

 

* Alle opplysningar om ekteskapet hennar - og om mann hennar - vil vera av stor interesse!?

 

* Kan nokon hjelpa meg med å finna att dødsfallet hennar i California?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Etter fantastisk innsats av fleire bidragsytarar på NORWAY-lista i USA er dette problemet no nesten heilt løyst! Berteen Peterson gifte seg i San Francisco, CA i 1912 med Richard Readdy frå St. Paul, MN. Dei vart skilde etter få år!

 

Ogso spørsmålet om dødsfallet hennar synest finna ei snarleg løysing.

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.