Gå til innhold
Arkivverket

Hanna Jonette Johan(nes)sen - Buksnes 1859 - 1880-åri - og so?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Frå manuskriptet mitt saksar eg følgjande:

 

Hanna Jonette Johannessen, fødd i Buksnes 7.9.1859, døydde

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Hanna gifte seg i Buksnes 25.2.1883 med Jens Jensson frå Melkeråen i Åsane, Hamre, fødd i Hamre 27.2.1855. Han døydde som husmann på Hestneset i Buksnes 28.11.1888. Jens og Hanna var husmannsfolk på Hestneset under Reine i Buksnes og fekk tre born i lag.

 

Dei tre borni var Leander, Haagen og Hansine.

 

Leander Johan Jensen sit 1900 som fiskar og varetetsfange i Bodø: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=1804&kenr=008&bnr=0008b&lnr=01

 

Og i 1910 er same Leander Johan Jensen gift røyrleggjar i Trondheim: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036806044116

 

Eg kan i farten ikkje finna att Hanna Jonette korkje i 1900 eller 1910.

 

Problemet mitt er:

 

Let det seg gjera finna DATO og STAD for dødsfallet hennar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Eg står framleis ganske utan spor når det gjeld å finna lagnaden til Hanna Jonette, so her følgjer nokre tilleggsopplysningar om ætti, som kanskje kan hjelpa?

 

Jens Jensson og Hanna Jonette fekk FIRE born i lag:

 

1) Leander Johan Jensson, fødd i Buksnes 13.6.1881 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6656&idx_id=6656&uid=ny&idx_side=-81)

 

2) Haagen Joakim Jensson, fødd i Buksnes 30.3.1883 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6656&idx_id=6656&uid=ny&idx_side=-250)

 

3) Jørgen Harald Jensson, fødd i Buksnes 19.9.1884, døydde i Buksnes 30.9.1885 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6656&idx_id=6656&uid=ny&idx_side=-225)

 

4) Hansine Josefine Henriette Jensdotter, fødd i Buksnes 1.5.1887 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6657&idx_id=6657&uid=ny&idx_side=-10)

 

Jørgen sitt dødsfall er skrive attmed dåpen. Dessutan må Haagen vera avliden ung, for Hanna Jonette fekk denne sonen med Hans Halvorson:

 

5) Hakon Johan Hansson, fødd i Buksnes 20.8.1889 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6657&idx_id=6657&uid=ny&idx_side=-25)

 

Leander Johan Jensen har me nemnt ovanfor som varetektsfange i Bodø i 1900 og røyrleggjar i Trondheim i 1910.

 

Hansine Jensen finn me att som fosterbarn i Buksnes i 1900 (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=1860&kenr=005&bnr=0003&lnr=00) og som "barnejente" i Buksnes i 1910 (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036935001707)

 

Haagen Hansen finn me truleg òg att som fosterbarn i Buksnes i 1900 (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=1860&kenr=001&bnr=0058&lnr=00) og som papirfabrikkarbeidar på Ranheim i Strinda i 1910 (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036846002101)

 

Det at dei to sønene flytte til Trondheim, kan sjølvsagt ha samanhang med at morbroren Hans Greger Johannessen òg flytte dit, men me skal vel ikkje sjå bort ifrå at ogso mor deira, Hanna Jonette, kan ha hamna der? Men då er det underleg at ho ikkje finst nokon stad i folketeljingane, korkje i 1900 eller i 1910? Eller er eg blinde vorten? Kanskje har ho gift seg att?? Kvifor er ikkje borni med ho?

 

Alle nye tips vert mottekne med stor takksemd!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

At to av barna var i fosterhjem i 1900, skulle tyde på at moren ikke var i stand til å forsørge dem eller at hun muligens var død? Kanskje du skulle hørt med aktuell kommune eller Arkiv i Nordland om det finnes noen opplysninger i arkivet etter forsorgs-/fattigvesenet? Hvis det er bevart materiale da....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Buksnes i Buksnes, Klokkerbok nr. 881C04 (1886-1899), Døde og begravede 1890, side 190.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6657&idx_id=6657&uid=ny&idx_side=-185

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070212620002.jpg

 

nr 11 mandkj. 1890

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.