Gå til innhold
Arkivverket

Lars Olson Moe, fødd Hafslo 1840 - til Amerika 1866 - kvar vart det av han?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ein ny "nøtt" å knekka i Amerika...., eg står heilt fast på denne!

 

Lars Olson MOE, fødd i Hafslo 19.10.1840, son av husmann Ole Larsson (1812-1855) og kona Anna Pedersdotter (1816- ), utvandra i 1866.

 

I 1882 utvandra mori, Anna Pedersdotter Moe, då enkje, med ei dotter Maria, gift med Sjur "Sam" Christenson Kalhagen, til "nær Harmony", Fillmore Co., MN, men kring 1887 flytte Maria og Sjur, truleg i lag med mori Anna, til Cato township, Ramsey Co., ND.

 

Orsaki til at Anna og Maria utvandra til Fillmore Co., MN finn me nok hjå han Lars...

 

FT1900 syner Lars på ein farm i Canton township, Fillmore Co., MN: http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=7602&iid=004120274_00312&fn=Lars+O&ln=Moe&st=r&ssrc=&pid=26315692

 

FT1910 syner Lars som "laborer" i Harmony, Fillmore Co., MN: http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=7884&iid=31111_4330221-00892&fn=Lars+O&ln=Moe&st=r&ssrc=&pid=12956423

 

MEN, eg har ikkje funne Lars i nokon andre folketeljingar, korkje før 1900, i 1905 eller etter 1910! Kvar var han? Han er ikkje registrert avliden i Fillmore Co., MN!

 

Kring 1912 flytte søsteri Maria med mann Sjur "Sam" Kalhagen som pensjonistar til Cresco, Howard Co., IA. Kan Lars vera flytt dit med dei?

 

Eg står altso fast og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvis det er denne Lars du har funnet i tellingen 1900 så stemmer ikke fødselsdatoen.Din Lars var født 19.10.1840.

 

Lars O Moe, "United States Census, 1900"

 

name: Lars O Moe titles & terms: event: Census event date: 1900 event place: ED 19 Canton Township Canton village, Fillmore, Minnesota, United States birth date: Jan 1840 birthplace: Norway relationship to head of household: Head father's birthplace: Norway mother's birthplace: Norway race or color (standardized): White gender: Male marital status: Single years married: estimated marriage year: mother how many children: number living children: immigration year: 1866

https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/M9S4-XPC

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for nytt innlegg!

 

Jau, dette med fødselsdatoen er ei sak me lyt sjå etter. Svært mange emigrantar kan ein spora opp på det viset, men ikkje alle!

 

I tilfellet med Lars Olson Moe har me fleire "variablar" som stemmer heilt framifrå:

 

* Namnet stemmer 100%

 

* Utvandringsåret stemmer 100%

 

* Alderen, bortsett frå fødselsmånaden, stemmer 100%

 

* Området Lars busette seg i er fullt av emigrantar frå indre Sogn

 

* Den einaste søsteri og mo deira utvandra til same stad då dei fór over i 1882

 

Her har me so mange "variablar" som høver, at eg ikkje vil gje opp denne før eg har sett ein dødsattest eller kan henda ein nekrolog, som inneheld andre opplysningar. Kanskje kan ôg funn frå til dømes andre folketejingar bidra til å styrka (eller svekka) teorien min?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har søkt litt meir etter Lars O. Moe, og no fann eg han ogso i Fillmore Co., MN i 1905 - som "laborer" i Harmony: http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=1058&iid=mnsc_117-0409&fn=Lara&ln=Noe&st=r&ssrc=&pid=2759866

 

Ancestry.com har indeksert han som Lara Noe, men dette er "vår" mann!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.