Gå til innhold
Arkivverket

Christopher og Charlotte Simonsen i Narvik 1910 - men kvar vart det av dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette problemet tek utgangspunkt i tema frå gamalt brukarforum #14670 (http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=14670&sok=Christopher+%D8yane&nr=35&antinnlegg=20&startnr=&antall=&spraak=#anker) der eg etterlyser opplysningar om Christopher Simonsen frå Hafslo, som i 1900 budde i Ankenes ved Narvik.

 

Etter at FT1910 dukka opp, fann me Christopher og kona Charlotte att i NARVIK (http://da.digitalarkivet.no/ft/person/pf01036896000250/), men tross leiting i dødsfallslistene i kyrkjebøkene frå Narvik har eg ikkje lukkast i å finna lagnaden til dette parfolket!

 

Det me veit so langt:

 

Christopher Simonsen, fødd på garden Mo i Hafslo 16.12.1854, flytte 1875 til Brønnøy i Nordland, men før 1885 (uvisst kvar) gifte han seg med Charlotte Josephine Eriksen frå Tromsø. Ho var dotter av arbeidar og sjømann Erik Eriksen i Tromsø, opphavleg frå Nesteby i Alvdal, Tynset, og kona Ingeborg Johansdotter frå Tromsø og fødd i Tromsø 27.5.1852. Christopher var ei tid fiskar, og parfolket budde i Tromsø, men flytte kring 1895 til Frydenlund i Ankenes der Christopher livnærte seg som steinarbeidar. Kring 1905 flytte Christopher og Charlotte til Narvik der Christopher på ny livnærte seg som fiskar, medan Charlotte var syerske.

 

Er det i det heile mogeleg å finna ut kvar det vart av dei?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips i denne saki!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Ein sein, men like hjarteleg takk til Pål for innlegget frå 21.2.!

 

Eg har vore på leiting etter DØDSFALLI til Christopher og Charlotte Simonsen, men må berre slå fast: Dei finst ikkje avlidne i Narvik eller Ankenes innan utgongen av 1940!

 

Elles manglar me ogso VIGSLI til Christopher og Charlotte. Charlotte budde visstnok 1875 i Herøy på Helgeland, ikkje langt frå Brønnøy der Christopher då budde. Dei er ikkje gifte korkje i Brønnøy eller i Hærøy, og ikkje heller har eg funne dei gifte i Tromsø. Ifølgje innlegg frå Alvin Andreassen i det opphavlege temaet (#14670) trur eg at Christopher og Charlotte gifte seg mellom 1875 og 1885, men kvar i all verdi skal me leita...?

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

"Skrevet 04 March 2008 - 19:58

Lars! I 1885 er det en Charlothe Mo i Tromsø. Hun er født i Tromsø i 1855 og 'Ernærer sig ved Vask'. Det står ikke noe om hun er gift. Folketelling i Tromsø 1875 viser en Charlotte Jensine født i 1854 hjemme hos foreldrene søfarende Erik Eriksen 1827 fra Tynset og Ingeborg Eriksen (Johansdatter) 1827 Tromsø. I 1865 er Charlotte 14 år gammel og hjemme hos sine foreldre. Kan være et spor. I 1885 kan en eventuel ektemann være ute på anlegg."

 

"Skrevet 04 March 2008 - 20:56

Vi er nok likevel inne på noe. Christopher og Charlotte har i 1900 boende hos seg en Bernhard Eriksen født i 1871 i Tromsø. I F.T. i 1875 har Charlotte en bror Georg Karl Bernhoft f: i 1870, men det er feil. Han er døpt Georg Karl Bernhard og født i 1871. Georg var et svært uvanlig navn, så han brukte nok Bernhard! Christopher og Charlotte hadde ingen barn. I 1900 var de jo kommet en god del opp i alderen, så de kan ha giftet seg flere 1o-år før 1900. Yrket til Christopher tilsier at han flakket en god del omkring. Dessuten skal du legge merke til anmerkningen ved Charlotte: 'Udtraat - intet Samfund'. Så da er hun ikke gift i Statskirken."

 

"Skrevet 04 March 2008 - 23:32

Tromsø 1892. Fiskers kone Charlotte Jensine Simonsen meldte seg ut av Statskirken. Født i Tromsø i 1852 og konfirmert i 1868. Ektemannen fortsatt i Statskirken. Det kan se ut til at Charlotte gikk over til Frimeningheten. De hadde ingen barn. Siden hun meldte seg ut først i 1892, måtte hun være gift i Statskirken."

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Elles har eg eit anna tips eller spørsmål:

 

Finst det ADRESSEBØKER for Narvik for tidi etter 1910 der me eventuelt kan stadfesta at huslyden verkeleg budde i Narvik?

 

Eg takkar igjen for alle gode tips som kan bidra til løysing av dette problemet! Kanskje dette vert årets "Påskenøtt"?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.