Gå til innhold
Arkivverket

Anders Eikenes, fødd 1866 i Gloppen/SF, utvandra til Dresden/Tyskland - kva skjedde med han?


Monica Eikenes
 Del

Recommended Posts

Heisann!

 

Eg håpar nokon her inne kan hjelpe meg med å finne ut av kva som skjedde med broren til min tipp-oldefar, Kristian Eikenes frå Hestenesøyra i Gloppen/Nordfjord, eller evt. gje meg nokre råd om kvar eg kan leite etter han. Denne broren, altså Anders Eikenes, reiste til Dresden i Tyskland rundt 1890, og skreiv titt og ofte brev heim til familien. Men etter at det siste brevet kom, i desember 1919, anar vi ikkje kva som skjedde vidare med Anders og den familien han etter kvart hadde skaffa seg.

 

Her er det vi veit om Anders, ut frå brev til familien og slektsboka her, Soga om Gloppen og Breim, bind IV:

 

- Anders Eikenes vart fødd på Hestenesøyra i 1866, foreldre Josef Kristianson og Eli Andersdatter Osmundnes, søsken Kristian, Eilef, Gjertrud, Eilev.

 

- Han flytta til Dresden rundt 1890, det første brevet vi finn frå han er datert til 1891.

 

- Yrkestittelen var ingeniør, men vi veit ikkje om han arbeidde som det.

 

- Ut frå gamle bilete ser det ut til at han var gift med ei (tysk?) kvinne som heitte Anna. Dei fekk minst 4 born:

 

*Eli - fødd ca. 1892.

 

*Osvald Kristian - fødd ca. 1894 (Anders skreiv i eit brev frå 1916 at han var ansatt som vise-vaktmester i felten, men vi veit ikkje om han overlevde krigen eller ei.)

 

*Susanne - fødd ca. 1895.

 

*Helene - fødd ca. 1896.

 

- Familien budde i Hopfgartenstrasse i Dresden.

 

Sjølv om vi har all denne informasjonen, sit vi no heilt bom fast. Vi anar rett og slett ikkje kva som skjedde vidare med Anders og familien etter 1919, og finn ingen spor etter verken han, borna eller navnet Eikenes nokon stad i Tyskland. Er det nokon som har nokre råd?

 

Mvh Monica Eikenes

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ingeniører utdannet ved Bergen Tekniske Skole 1875-1975:

 

1888.

 

Eikenæs, Anders Josefsen, ing., f. 5-8-1866 i Eikenæs, sønn av gårdbruker Josef Kristiansen Eikenæs. Var i 1900 jernbane- og veiing. i Tyskland. Ytterligere opplysninger mangler.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ingeniører utdannet ved Bergen Tekniske Skole 1875-1975:

 

1888.

 

Eikenæs, Anders Josefsen, ing., f. 5-8-1866 i Eikenæs, sønn av gårdbruker Josef Kristiansen Eikenæs. Var i 1900 jernbane- og veiing. i Tyskland. Ytterligere opplysninger mangler.

 

Heisann,

 

Då veit eg allereie litt meir om han enn det eg gjorde for eit døgn sidan. Tusen hjerteleg takk for hjelpa! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei igjen,

 

Eg lurar litt på kor du fann den informasjonen? Eg sat på nettet i går og søkte etter dette, men fann ingen register over dei som hadde tatt eksamen ved Bergen Tekniske Skole... Har du funne det på nettet, eller i ei bok? Og står det meir spesifikt kor i Tyskland han jobba, eller er det du har skrive alt som er nevnt?

 

Mvh Monica

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bøkene er i privat eie og jeg har selvsagt skrevet av alt.

 

OK, då er det kanskje ikkje rart eg ikkje fann dette på nettet...

 

Eg tenkte ikkje over at han kanskje hadde reist til Bergen og tatt utdanninga si der, så då har eg komt eit skritt vidare i å løyse dette mysteriet som denne mannen og familien hans etterkvart har blitt... :)

 

Så igjen - tusen takk for hjelpa! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.