Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Harald L. Bakke

SF, Gloppen: Kari Gabrielsdtr. Hole og hennar barn

Recommended Posts

Harald L. Bakke

Eg lurer på om nokon har noko om borna til Kari Gabrielsdtr. f. på Øvreset i Breim 1713

Gift fyrste gong 1744 med Jacob Jetmundson Bø.

Dei vart gardbrukarar på Hole i Breim, men Jacob døydde alt sommaren 1749.

Dei fekk borna:

- Brite f.1745 - iflg. Gloppen Bygdebok d. 1749

- Ola f. 1747 - iflg. Gloppen Bygdebok d. 1749

Ingen av desse to finn eg gravlade i Gloppen 1749 eller åra kring.

- Jetmund f. 1749 - han har ikkje bygdeboka noko meir om, eg finn han ikkje i søk heller nokon stad.

(Dåpen har eg funne på alle)

 

Så gifte Kari seg på nytt 1750 med Daniel Andersson Skei Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gloppen, Ministerialbok nr. A 3 (1739-1757), Kronologisk liste 1750, side 219.

Permanent sidelenke:http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11425&idx_id=11425&uid=ny&idx_side=-218

Permanent bildelenke:http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070228300090.jpg

 

Kari og Daniel fekk dattera Aagaate i 1752 som eg heller ikkje finn fleire opplysningar om.

Etter det har Kari Gabrielsdtr. døydd i tidsrommet 1752-1754 (utan at ho er å finne som gravlagd i kyrkjeboka) for Daniel gifter seg på nytt i november 1724 og har då flytta til br. nr. 3 på Bjørkelo.

 

Nokon som har fleire opplysningar om denne familien ?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Ja, du veit verkeleg å finne fram nøtter. Eg har heller ikkje opplysningar om desse borna eller Kari. Alle gravlagde i Gloppen 1739-1814 er i slektsbasen min, og desse namna er ikkje å finne, heller ikkje som uplasserte "slengarar".

 

Men der er skifte etter Jakob i 1749, og der er dei tre borna nemnde. Eg trur det kan vere forklaringa på det som står i bygdeboka - dei er nemnde i 1749 er blitt til at dei er døde i 1749.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Kjell Fredly Smøla

Enn denne damen?:

 

https://familysearch...M9.1.1/N75K-6H9

 

Denne Agothe Danielsdatter ble gift i Bergen 2. nov 1777 ifølge FS (har ikke sjekket giftermålet). De hadde i alle fall barna Torbjørn f. 1778, Daniel f. 1779 og Gabriel f. 1781.

 

Giftermålet i domkirken:

 

http://www.arkivverk...70306660594.jpg

 

Denne er vel mere usikker, men jeg merket meg navnet Gabriel:

 

https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/NWF1-3XC

 

Dette paret hadde også sønnen Halvor f. 1779.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Jan Torbjørnsens drengebarn blir gravlagt i 1778, 1779 og 1782, alle utan namn og den siste 1 år gammal..

 

Herr Torbjørnsen i 1801? Ågåte finn eg ikkje død.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Harald L. Bakke

Sonen Torbjørn er døypt i Domkirken 16. Juni 1778

Fadderar: Adelus Østensdatter, Syneve Nielsdatter, Knud Ivarsen, Lars halvorsen og Evert Blæboe

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. A 3 (1758-1789), Fødte og døpte 1778, side 204-205.

Permanent sidelenke:http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8635&idx_id=8635&uid=ny&idx_side=-103

Permanent bildelenke:http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070306650469.jpg

 

Daniel er døypt i Domkirken 9. mai 1779

Fadderar: Ahlet Simensdatter, Johanne Ericksdatter, Friderrich Michelsen, Lars halvorsen og Ole Andersen

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. A 3 (1758-1789), Fødte og døpte 1779, side 212-213.

Permanent sidelenke:http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8635&idx_id=8635&uid=ny&idx_side=-107

Permanent bildelenke:http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070306650474.jpg

 

Gabriel døypt i Domkirken 14. januar 1781 med fadderane Marie Olsdatter, Marthe Ivarsdatter, Morten Falch, Niels Simonsen og Gudmund Pedersen

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. A 3 (1758-1789), Fødte og døpte 1781, side 224-225.

Permanent sidelenke:http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8635&idx_id=8635&uid=ny&idx_side=-113

Permanent bildelenke:http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070306650480.jpg

 

Er dette fadderar som kan knyttast til Breim skal tru ?

 

Eg finn ingen av desse sønene i Bergen 1801 heller ikkje døde i Bergen før 1801. Familien kan ha flytta til eit prestegjeld utanfor Bergen. Eg får prøve å leite etter Ågåte Danielsdtr. i området rundt Bergen i håp om å finne noko.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Som du ser i starten av mitt siste innlegg er nok alle tre gutane døde i fyrste leveåret.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Harald L. Bakke

Som du ser i starten av mitt siste innlegg er nok alle tre gutane døde i fyrste leveåret.

 

Ja det har du!

Der var eg ikkje observant nok.

Takk Aase! :)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Harald L. Bakke

Faren Daniel Andersson Birkelo held skifte med andre kona si og dei tre døtrene deira 2. november 1793 og då er ikke Ågåte nemnd. Burde ho ikkje det være om ho var i live ?

Og kva kan grunnen være til at dei skfter i levnde live?

 

http://arkivverket.n...ize=full&mode=0

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

At dei skifter i levande er vel at dei er blitt såpass gamle og skal ha garden frå seg, ikkje uvanleg. Og ja, Ågåte burde vore nemnd, om ho var i live, men det er ikkje sikkert ho er.

 

Dama i Bergen ser freistande ut, sjølv om ingen av fadrane får det til å ringje bjøller hos meg. Alle borna døyr små, og sjølv er ho død før 1801 - er ho kanskje også død før 1793 skal ho heller ikkje vere i skiftet. At ho brukar Gabriel som namn på eit barn peikar i "vår" retning, men...

Share this post


Link to post
Share on other sites
Harald L. Bakke

Men...det er dette med beviset då... namnelikheit er som kjent ikkje noko bevis, men at det er ein freistande kandidat er klart.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Ja, beviset har vi ikkje. Hadde vi hatt nokre gode fadrar, og eventuelt ei adresse som kunne knytast til andre breimningar, men det har ikkje eg sett, i alle fall.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Harald L. Bakke

Eg finn henne ikkje i skifteregisteret for Bergen heller så vi får vel bare slå oss til tol med at ho ikkje er å finne.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Det er vel ikkje rette uttrykket - slå oss til ro gjer vi nok aldri før vi har fasiten.. Men vi kan legge det vekk.

 

Skulle sett originalen på avdøde Ågåte Danielsdtr i 1788 - kanskje er ho ikkje 74 år?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Harald L. Bakke

Her er orginalen, Aase!

Du kor eg har lett side opp og side ned..... i St. Jørgens frå siste sonen var fødd 1781 og utover.

Då eg var kommen til 1789 kom eg på å leite i ande kyrkjebøker i Bergen og fant henne med ein gong i Domkirkens kyrkjebok 1788 s. 32 - 74 år er nok heilt rett det, så eg trur vi må avskrive henne med mindre dei har bomma aldeles på alderen.

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. A 9 (1776-1821), Døde og begravede 1788, side 32-33.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8639&idx_id=8639&uid=ny&idx_side=-18

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70306660374.jpg

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.