Gå til innhold
Arkivverket

Søkbare norske avisarkiv tilgjengelege på internett


Torbjørn Igelkjøn
 Del

Recommended Posts

Nasjonalbiblioteket har ei søkjeteneste som på sikt skal dekke alle norske aviser. I tillegg inneheld den digitale "bokhylla" eit stort antal bøker og anna materiale, og mange av bøkene som er utgitt før 2000 er fritt tilgjengelege frå norske ip-adresser gjennom avtale med Kopinor. Avisene er derimot stort sett ikkje tilgjengelege. Nasjonalbiblioteksøket skil seg dessutan ut ved at trefflista berre inneheld namn og dato på avisene, og ein får ikkje vite samanhengen ordet står i. For materiale som er fritt tilgjengeleg kan ein klikke seg inn på kvart enkelt treff, men dette er tungvint og tidkrevjande. Det er likevel verdt å merke seg at NB. har skanna ein del nedlagde aviser som er fritt tilgjengelege, og som er interessante for dei som leitar etter slekt eller andre opplysningar frå gamle dagar i desse lokale områda. Nokre av desse avisene er nemnde her (og nokre aviser som var tilgjengelege før oktober 2012 er av ein eller annan merkeleg grunn ikkje tilgjengelege lenger). Dessutan er alle aviser frå før ca 1918 fritt tilgjengelege. I tillegg har Nasjonalbiblioteket inngått avtalar med ein del aviser, slik at desse er tilgjengeleg om ein tek laptoppen med til nærmaste folkebibliotek. Også desse avisene er nemnde her.

 

Mange bibliotek har tilgang til Atekst, som er ein database som inneheld tekst frå nokre norske aviser tilbake til 90-talet. Denne databasen inneheld fyrst og fremst artiklar, og manglar difor f. eks. personalia og (døds) annonsar.

 

Elles har Aftenposten ei arkivteneste som inneheld alle aviser frå 1860 til dags dato. Søking er gratis, og ein får då ei treffliste med samanhengen ordet/orda står i. Dersom ein ynskjer å lese avissida må ein ha abonnement. (Døds)annonsar er ikkje søkbare.

 

Asker og Bærum Budstikke (Budstikka) har tilsvarande teneste. Her bør ein lese det som står om søkjetips, f. eks. at søking på fraser med hermeteikn rundt skil mellom små og store bokstavar.

 

Verdens Gang skal også ha ei liknande teneste. Eg nemner også Buyandread.com, der ein kan søkje i dei fleste nyare avisutgåver i Norge. Her får ein opp ei treffliste der ein får fram deler av konteksten, om med mogelegheit til å kjøpe avissida eller heile avisa. Det er også verdt å nemne at dersom ein abonnerer på eavis hos ei lokalavis får ein i mange tilfelle mogelegheit til å søkje i - eller laste ned aviser frå tilbake til tidleg på 2000-talet.

 

Så til spørsmålet mitt. Eg lurer på om det finst andre norske tenester på nettet som minner om Aftenposten og Budstikka sine, dvs. med gratis søk og/eller mogelegheit for å abonnere på avisarkiv med aviser frå langt tilbake på 1900-talet

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg abonnerer på Agderposten (Arendal). Tror også VG har en betaltjeneste fra 1945 (?).

Veldig nyttig både for slekts og lokalhisrisk gransking!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk til dykk begge to for svara. Her er adressa til Agderposten-arkivet. Det virkar som om Agderposten slit med æ, ø og å, men ein kan til gjengjeld søkje på deler av ord.

 

Også søkjesida for trønderavisene var spennande. Som for Budstikka skil denne mellom store og små bokstavar. Elles ser det ut som om det ikkje er mogeleg å kjøpe tilgang til enkeltutgåver og-/eller eit begrensa tidsrom, og abonnementsprisane på avisarkivet er ikkje akkurat billege.

 

Når eg testar trønderavisene med ordet "Kjelvik" får eg heile 17 avissider, men eg finn ikkje ordet att i OCR-teksten for meir enn 5 av dei. Tilsvarande skjer med andre søkjeord. Merkeleg. Søk med hermeteikn fungerer ikkje.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 måneder senere...

Avisa Møre-nytt har skanna ein del årgangar og lagt dei ut her. Avisa har ikkje nokon søkemotor, men eit alternativ er å bruke google. For eksempel kan eit søk etter søkjeordet "test" gjerast slik.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.